I kommunen
Helsepersonell i kommunen du bur i tilviser deg til tuberkuloseundersøking, som består av røntgenbilde av lungene og blodprøva IGRA, som blir tatt på sjukehuset. Det kan ta nokre dagar før svara på prøvane er klare. Av og til viser prøvene at du må ta fleire undersøkingar eller snakke med lege/spesialist på sjukehuset. Dette treng ikkje bety at du er sjuk av tuberkulose.
Informasjonsark om tuberkuloseundersøking på 23 språk (fhi.no)
Information in 23 languages (fhi.no)
På sjukehuset
Å få ein time på sjukehuset kan ta alt frå nokre dagar til tre månader frå du blir tilvist frå kommunen. Det varierer også kva undersøkingar du skal ta.
På sjukehuset skal spesialisten finne ut om du berre er smitta av tuberkulose eller om du kan vere sjuk, om du bør tilbydast behandling eller følgast opp i ei tid. Undersøkingar kan vere nytt røntgenbilde av lungene, blodprøver, ei luftvegsprøve (hosteprøve/ekspektoratprøve/indusert sputum), undersøking av spesialist eller det kan vere andre prøver. Svar på undersøkingar frå sjukehuset kan ta lang tid, opp til to månader.
Dei fleste kan leve som normalt i tida dei ventar på undersøking. Du kan ha tuberkulosebakteriar i kroppen utan å bli sjuk av tuberkulose. Berre ubehandla tuberkulose i lungene kan smitte andre.
Om du får symptom på tuberkulose, spør helsepersonellet i kommunen din eller fastlegen din om du kan leve som normalt, eller om du må ta nokre spesielle forholdsreglar.
Undersøkingar på sjukehuset kan vere
Røntgen av lungene for tuberkulose under graviditet (fhi.no)