Tuberkulose
Tuberkulose er ein infeksjonssjukdom forårsaka av ein bakterie. Sjukdommen smittast normalt via lufta, oftast ved at sjuke hostar og at dropar med bakteriar blir pusta inn av friske. Ein reknar med at ein tredjedel av verdens befolkning er smitta, men bare ein brøkdel blir sjuke i løpet av livet. I dag kan så godt som alle tuberkulosesjuke kurerast med antibiotika. I Noreg er utgreiing, behandling og kontroll av tuberkulose gratis.
Rutineundersøkingar
For hundre år sidan var det veldig høy dødelegheit av tuberkulose i Noreg. Dødelegheita gjekk dramatisk ned etter innføring av moderne smittevernarbeid. I Noreg har vi ein eigen Tuberkuloseforskrift og Tuberkuloseveiledar som regulera rutineundersøkingar av følgande folkegrupper:
I følge tuberkulosekontrollforskriftens § 3-1 har følgande personar plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking:
- Før arbeid innan helse- og omsorgstenesten, i lærarstillingar eller barneomsorg
Arbeidstakarar og praktikantar (inkludert au pair) som har oppheldt seg tre månader eller meir i land med høg førekomst av tuberkulose siste tre år, eller har vert i risiko for å bli smitta av tuberkulose (alle aldre). Arbeidsgivar har plikt til å sjå at lungerøntgen er negativt før tiltreding. - Ved midlertidig opphald i Noreg
Personar frå land med høg førekomst av tuberkulose og forventa opphald mellom tre månadar og to år. Barn (0-15 år), asylsøkarar og flyktningar følger skjema for varig opphald. - Ved varig opphald i Noreg
Alle flyktningar og asylsøkarar. Frå land med høg førekomst av tuberkulose; alle barn under 15 år, og alle med forventa opphald over to år.
Røntgenbilde av lungene og blodprøven IGRA (immunologisk test med tanke på smitte) er hovudinstrumenta i kontrollarbeidet. Nokon av dei smitta som ikkje er sjuke, vil kunne få tilbod om førebuande behandling viss risikofaktorar er til stade.
I tillegg skal alle som mistenkast å vere sjuk av tuberkulose tilvisast som akutt hjelp til sjukehus.
Denne videoen er også tilgjengeleg i engelsk versjon, og i mange ulike språk. This movie is available in english and many other languages.
Følgande symptom reknast som klassisk for lungetuberkulose
- Langvarig hoste (meir enn tre veker), etter kvart med oppspytt
- Vekttap
- Nedsett allmenntilstand
- Feber
- Nattsveitte
Sjeldnare symptom er
- Brystsmerter
- Tungpust
- Blodtilblanda oppspytt
Utredning
Det er eit mål å holde førekomsten av smitte i befolkninga på så lågt nivå som mogleg. For å kartlegge smitteførekomst utførast rutineundersøkingar av spesielle grupper i befolkninga. Noken kan ha tuberkulose-bakterien i kroppen, men ikkje vere sjuk. Dette er kalla latent tuberkulose.
Finn ein latent tuberkulose og samtidig forhold som disponerer for aktivering av sjukdommen, kan det gis førebuande behandling. Eksempelvis skal leddgiktpasientar som får behandling med medisinar som svekker immunforsvaret gis førebuande behandling mot tuberkulose – for å hindre aktivering av infeksjonen under den immunsupprimmerande behandlinga (behandling som svekker immunforsvaret).
Utreiing utførast med to siktemål:
- Kartlegge smitta for å kunne gi disponerte førebuande behandling.
- Identifisere pasient med aktiv tuberkuløs sjukdom slik at disse kan behandlas før de smitter andre.
Behandling
I likskap med andre bakteriar blir tuberkulosebakteriane påverka av antibiotika. Men sidan tuberkulosebakteriar har spesielle eigenskapar – dei muterer hyppig og formeira seg langsamt – må man behandla med fleire typar antibiotika samtidig og over lengre tid enn det som er vanleg for andre bakteriar.
Medikamentell behandling av tuberkulose kan kurere pasientar raskt og effektivt for sjukdommen, hindre moglegheita for å bli sjuk igjen eller hindre at bakteriar utviklar motstandsdyktigheit og dermed hindrar spreiing av sjukdom. Det er viktig at behandling startast med en riktig kombinasjon av medikament.
Spesialist i lungemedisin, infeksjonsmedisin eller barnelege har ansvar for igangsetjing og val av behandlingsregime. Tuberkulosekoordinator er ansvarlig for å innkalle til møte om behandlingsplans og opprette behandlingsplan. Dette er forholdsregler som er laget for å hindre utvikling av resistente bakteriar. Medikamentresistens er eit problem i enkelte land.
Medikamentell behandling av aktiv tuberkulose
Medikamentell behandling av aktiv tuberkulose går vanlegvis over seks månader. Behandling av personar med tuberkuløs sjukdom skal skje i samsvar med gjeldane anbefalingar for tuberkulosekontroll, derunder direkte observert behandling (DOT).
Førebuande behandling av latent tuberkulose
Førebuande behandling av latent tuberkulose (til dei som er smitta, men ikkje sjuke) går vanlegvis over tre månader. Observert behandling (DOT) er normalt ikkje nødvendig ved førebuande behandling fordi aktiv tuberkulose skal vere utelukka og bakteriemengda vil då vere så liten at resistens ikkje kan utviklast. Ved dosering kvar veke med rifapentine og isoniazid skal det i regelen gjennomførast DOT.
All behandling startast hos spesialist. Behandling ved aktiv sjukdom følges med polikliniske kontrollar på sjukehuset.
Behandling som er satt i gang for å førebu sjukdom følges i nokre tilfelle opp med blodprøvekontroll hos eigen lege. Fastlege skal vete om pasientar med latent TB/IGRA positive på sine lister.
Folkehelsa har retningslinjer for oppfølging av aktiv tuberkulosesjukdom og førebuande tuberkulosebehandling.