Ulcerøs kolitt, operasjon
Ulcerøs kolitt er ein kronisk betennelsessjukdom som rammar tjukktarm og endetarm. Betennelsen varierer i alvorsgrad og dei vanlegaste symptoma er hyppige tømmingar med blodig diaré, magesmerter og vekttap.
Ved hjelp av medikamentell behandling kan dei fleste oppnå kontroll over symptoma, men hos enkelte kan betennelsen forårsake alvorleg sjukdom med blodforgifting, blødingar og sjukehusinnleggingar. I slike tilfelle kan det bli nødvendig med operasjon.
Pasientar med ulcerøs kolitt blir ofte behandla i spesialisthelsetenesta. Ved regelmessig oppfølging vurderer ein effekten av medikamentell behandling.
Kirurgisk behandling må vurderast når ein ikkje oppnår tilfredsstillande kontroll over sjukdommen med medisinar. Sjeldne komplikasjonar som perforasjon (hol på tarmen) eller fulminant kolitt (blodforgifting) krev nesten alltid operasjon.
Langvarig sjukdom (meir enn 10 år) medfører auka risiko for tjukktarmskreft. Pasientar med utbreidd sjukdom, og ved påviste forstadium til kreft vil vi anbefale å fjerne heile tjukktarmen.
Tilvising og vurdering
Legen vil undersøke deg med blodprøver og ein koloskopiundersøking for å kunne vurdere utbreiinga av betennelsen frå innsida av tarmen. I nokre tilfelle er det også nødvendig med røntgenundersøkingar som for eksempel ei CT-undersøking.
Før
Du skal møte fastande på sjukehuset til avtalt tid og stad.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.
Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
På sjukehuset
På sjukehuset blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjon får du ein samtale med anestesilege og kirurgen som skal operere deg.
Under
Kirurgi ved ulcerøs kolitt kan bli gjort enten akutt eller planlagt.
Akutte operasjonar blir gjord dersom du får ei kraftig forverring av sjudommen, som ikkje blir betre på intensivert medisinsk behandling. Operasjonen er då å fjerne heile tjukktarmen og leggje ut pose på magen, ein tynntarmsstomi. Dette blir gjort enten med kikhol eller open kirurgi. Pasientane vil oppleve rask betring.
Etter operasjonen bruker vi saman god tid til å vurdere og planlegge kva vi gjer vidare. Uavhengig av kva som blir bestemt, gjer vi vidare kirurgi planlagd.
Planlagd kirurgi
Det er ulike kirurgiske moglegheitar for pasientar med ulcerøs kolitt. Dette har pasienten bestemt saman med kirurg i god tid før operasjonen. Det er ulike faktorar som speler inn på kva som er det rette for den enkelte, som alder, annen sjukdom og personlege preferansar.
Dei ulike operasjonane
Ved total kolektomi og endeiliostomi fjernar vi heile tjukktarmen og vi legg ut stomi av tynntarmen. Endetarmen blir ikkje fjerna. Dette er ofte øyeblikkeleg hjelp-kirurgi, men blir også planlagt hos nokre pasientar. Då er det mogleg å lage reservoar seinare, sjå under.
Ved proktokolektomi og endeiliostomi fjernar vi heile tjukktarmen og endetarmen i same operasjon og du får ein stomi av tynntarmen. Då er det ingen moglegheit for reservoar seinare.
Ved bekkenreservoar/pouch fjernar vi endetarmen og lagar ein kunstig endetarm av tynntarmen, som blir kobla på endetarmsopninga. Då slepp du stomi.
Etter
Etter operasjon med fjerning av tjukktarm og eventuelt endetarm (med og utan bekkenreservoar) blir du innlagd på kirurgisk avdeling i nokre dagar, opp mot éi veke.
Etter operasjonen fokuserer vi på smertelindring, at du kjem deg på beina, et, og etablerer ein god væskebalanse. Dersom du har fått stomi, får du trening hos stomisjukepleiar på å handtere stomien.
Ved utreise får du sjukemelding og reseptar på medisinar du treng.
Du skal til kontroll hos kirurgen som har operert deg etter nokre veker. Pasientar med endetarm eller reservoar bør bli kontrollert årleg.
Har du fått stomi, vil du også bli følgd opp av stomisykepleier poliklinisk.
Ver merksam
Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:
- Det kjem store mengder væske på stomi, eller diare.
- Urinen blir konsentrert sjølv om ein drikker godt
- Tung pust
- Bløding i såret
- Væske fra såret
- Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
- Aukande hevelse i eit eller begge bein
- Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
- Svimmelheit eller svime
- Feber
Blir du akutt sjuk, ring 113.
Kontakt
Sentralblokka
Gastrokirurgisk avdeling
Oppmøtestad
Kirurgisk ekspedisjon i 5. etasje i Sentralblokka.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen