Ultralyd rutineundersøking for gravide
Rutineultralyd er ei undersøking som blir tilbode alle gravide rundt veke 18 i svangerskapet.
Tilvising og vurdering
Rutineultralyden blir utført av spesialutdanna jordmor. Du får innkalling til avtale om rutineultralyd etter at vi har fått ei tilvising frå fastlegen, jordmor eller gynekolog.
Før
Kva er ultralyd?
Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellege vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden blir fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene omdanna til bilder i ultralydmaskinen.
Registrering av opplysningar til fødejournal
Nødvendige opplysningar om deg, partner, om svangerskapet og eventuelle tidlegare svangerskap må vere registrert i fødejournalen i forkant av fødselen.
Vi ønskjer at du fyller ut Innskrivningsskjema fødejournal på helsenorge.no i god tid før du skal på rutineultralyd i veke 18. Du må logge deg inn på helsenorge.no for å kunne lagre og sende inn skjemaet. Det vil bli lagra ein kopi i Innboks på din profil på helsenorge.no. Dersom det skjer endringar før fødselen må du fylle ut og sende inn skjemaet på ny.
Dersom du ikkje kan sende skjemaet digitalt, kan du skrive det ut frå denne sida og levere det til sjukehuset når du kjem på ultralyd.
Vi ønskjer i tillegg at du alltid tar med deg ditt helsekort for gravide.
Om du har vore til ei ultralydundersøking hos spesialist tidlegare i svangerskapet, er det fint om du tar med deg eventuelle bilder eller anna dokumentasjon.
Ultralydundersøkinga krev ingen førebuing av deg, men vi anbefalar at både du og din partner leser Helsedirektoratets brosjyre før undersøkinga:
Under
Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Magen må vere avkledd.
For å kunne lage bilder må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det blir nytta ein gélé på huda som kan kjennast litt kald i starten. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over magen mens ein tar ein serie av bilder. Undersøkinga gjer ikkje ikke vondt.
Ultralyd på medisinsk grunnlag / i kompliserte svangerskap
Føremålet med ultralydundersøking på medisinsk grunnlag er å avklare den kliniske situasjonen eller å overvake eit risikosvangerskap. Dei fleste slike undersøkingar skjer på Gynekologisk poliklinikk (dei tre første månadene av svangerskapet) eller ved Poliklinikk for gravide.
Nokre gangar er det behov for meir avansert diagnostikk. I slike tilfelle blir kvinna tilvist til Seksjon for fostermedisin og ultralyd. I svangerskap der fosteret er sjukt eller det er auka risiko for at dette kan skje, må kvinna følgjast tett opp med hyppige kontrollar og avansert overvaking. Av og til er det også aktuelt å behandle fosteret inne i mors liv.
Etter
Etter undersøkelsen kan du dra hjem.