Behandling
Vaksinering av RhD-negative gravide som ber eit RhD-positivt barn
Er du RhD-negativ og gjennom blodprøve i svangerskapsveke 24 får påvist at du ber på eit RhD-positivt barn, skal du vaksinerast med Rhophylac (anti-D) 2 gonger. Den første vaksina får du rundt veke 28, og den siste innan 3 dagar etter fødsel.Introduksjon
Under graviditet og fødsel kan noko av barnets blod kome over i din blodbane. Dersom barnet er RhD-positivt kan dette føre til at du som RhD-negativ dannar antistoff mot barnets blod (RhD-immunisering). Antistoffa kan passere over til barnets blodbane og øydeleggje blodlegeme. Som regel skjer dette i neste svangerskap med eit RhD-positivt barn. Vaksina setjast for å hindre at du dannar antistoff.
Les meir om rutinemessig RhD-testing på helsedirektoratet.no
Før
Lege/jordmor som har ansvar for svangerskapskontrollane, gjer deg informasjon om når og kor du kan få vaksina.
Under
Vaksina blit satt av jordmor. Vaksinering med Rhophylac (anti-D immunglobulin), 2 ml som setjast intramuskulært. Deretter må du vente i 20 minutt før du kan reise heim. Det er svært sjeldan nokon har reaksjonar på slike vaksiner.
Etter
Etter behandlinga skal det ikkje tas kontrollprøvar av din RhD-status resten av svangerskapet, men det vil bli tatt prøve av blod frå navlestrengen til barnet etter fødsel for å sjekke barnets blodtype RhD ein gong til. Når barnet er RhD-positivt, vil du få ein ny vaksine på sjukehuset før du reiser heim.
Kontakt
Glasblokkene
Svangerskaps- og barselpoliklinikk
Oppmøtestad
Glasblokkene, blokk 5, 1. etasje, ventesone C11. Du kan og vente i C12 eller i nærleiken i 1.etasje, berre du følg med på telefonen din når det vert din tur.

Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen