Fjerning av visdomstenner, nynorsk
Visdomstenner kjem ofte ikkje fram i munnen på grunn av plassmangel eller feilstilling. Dette kan gje fare for kronisk betennelse og annan skade.
Visdomstennene er dei siste som bryt fram, normalt i 17-18-årsalderen. Nokre gonger kan dei bryte litt igjennom slimhinna, andre gonger blir dei verande i kjevebeinet. Dette kan føre til både betennelse, karies og andre sjukdomar. Om visdomstennene er brotne fram og fungerer fint, er det inga grunn til å fjerne dei. Om det oppstår infeksjon, karies, betennelse eller andre tilhøve, kan det vere grunn til å fjerna visdomstennene.
Tilvising og vurdering
Tannlege kan tilvise til vurdering og fjerning av visdomstenner hos primærtannlege eller privat oralkirurg ved spesielle tilhøve.
Før
Før operasjonen vil du ha ein samtale med tannlegen som skal operere deg. Det er også aktuelt å ta røntgen av kjeven.
Røntgen av kjeve
Under
Enkel tanntrekking
Visdomstenner kan i nokre tilfelle fjernast i lokalbedøving. Når tanna er ute lukkes hòlet i slimhinna. Behandlinga vert gjort på poliklinikken og gjev sjeldan problem etterpå.
Mindre operasjon
Om visdomstennene ligg skeivt og/eller nedgravne i kjevebeinet, vert dei fjerna ved operasjon i lokalbedøving. Då kan du få smertestillande og antibiotika før operasjonen for å minske risikoen for smerter, hevelse og infeksjon etterpå. Operasjonen vert gjort på poliklinikken. Etter operasjonen må du rekne med litt hevelse og ubehag.
Operasjon i narkose
Ved vanskeleg leie eller andre helsesituasjonar kan det vere aktuelt å gjere operasjonen i narkose.
Etter
Etter ei veke skal du til kontroll hos tannlegen som har tilvist deg til sjukehuset. I enkelte tilfelle vert kontrollen gjort ved poliklinikken.
Eventuelle sting og salvetampongar i munnen vert vanlegvis fjerna hos eigen tannlege etter 7-10 dagar dersom ikkje noko anna er bestemt.
Ver merksam
Ved fjerning av visdomstenner kan det oppstå betennelse og forstyrring i følesansen i halve underleppa, haka eller tunga.
Råd etter kirurgiske inngrep i munnen
- Unngå å ete/drikke dei første 2-3 timane etter inngrepet bortsett frå eventuelle smertestillande tablettar med drikke etter 30-60 minutt.
- Unngå røyking dei første 6 timane.
- Unngå sterk fysisk aktivitet som trening, jogging eller symjing den første veka.
Det vil normalt bli noko smerte, hevelse og gapeproblem dei første 3-5 dagane etter inngrepet. Det er også normalt med litt bløding eller blodblanda spytt dei første 1-3 dagane. For å sikre godt reinhald anbefaler vi å skylje med CORSODYL (reseptfritt på apotek) i 1 minutt morgon og kveld i ei veke.