Whipple's operasjon
Denne operasjonen blir gjord ved svulstar (oftast kreft) i hovudet til bukspyttkjertelen eller nærliggande organ som tolvfingertarm eller nedre gallevegar.
Før
Du skal møte fastande på sjukehuset til avtalt tid og stad.
På sjukehuset blir du tatt imot av sjukepleiar. Mens du ventar på operasjon får du ein samtale med anestesilege og kirurgen som skal operere deg.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Operasjonen blir utført i narkose.
Under operasjonen blir hovudregionen til bukspyttkjertelen med tilhøyrande svulst fjerna, men sidan bukspyttkjertelen har felles blodforsyning og lymfedrenasje med organ i nærleiken, blir også ein del av gallevegane, heile tolvfingertarmen og nedste del av magesekken fjerna. Deretter blir det gjort ein rekonstruksjon der tynntarmen blir skøyta til gjenverande gallegang, magesekk og bukspyttkjertelrest.
Inngrepet er omfattande og tar mellom 4–6 timar.
Etter
Etter operasjonen vil du vere på sjukehuset i cirka 10–14 dagar.
Dei første dagane vil ernæringa vere gjennom ein sonde i nasen, etter kvart får du lov til å ete sjølv. Du får også hjelp til å komme ut av senga så snart som mogleg etter operasjonen. Aktiviteten blir tilpassa den generelle helsetilstanden din.
Første kontroll etter operasjonen er vanlegvis 4–6 veker etter innlegginga, og deretter kvar 6. månad på poliklinikk med samtale og bildeundersøkingar.
Ver merksam
Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:
- tung pust
- bløding i såret
- væske fra såret
- aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
- aukande hevelse i eitt eller begge bein
- sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
- svimmelheit eller svime
- feber
Blir du akutt sjuk, ring 113.
Kontakt
Sentralblokka
Gastrokirurgisk avdeling
Oppmøtestad
Kirurgisk ekspedisjon i 5. etasje i Sentralblokka.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen