Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Den digitale mage-tarmskolen opnar dørene for pasientar frå heile Helse Vest

Mage-tarmskolen er det første digitale behandlingstilbodet for pasientar med IBS (irritabel tarmsyndrom) i Noreg, og kan vise til gode resultat. No kan legar i primær- og spesialisthelsetenesta i heile Helse Vest tilvise pasientar til denne behandlinga.

Publisert 01.12.2023
Gruppebilde av behandlere
Gruppa i kompetansetenesten som følger pasientane gjennom den digitale mage-tarmskolen

Det eksisterer inga kurativ behandling for IBS, men pasientane har gjennom skolen lært seg ulike verktøy som reduserer plagene. IBS gir plager som magesmerter, forstopping, oppblåst mage og tarm, og diaré. Sjukdommen blir ofte verre av stress og enkelte matvarer. Tilstanden er vanleg og rammer omtrent 15 av 100 i befolkninga. 


– Mange av desse pasientane vegrar seg for å gå ut av heimen på grunn sine plager. No kan dei sitte heime og lære korleis dei kan meistre sjukdommen betre, seier Birgitte Berentsen Jacobsen, førsteamanuensis og dagleg leiar av Nasjonal kompetanseteneste for funksjonelle mage-tarmsjukdommar. 

 

Auka livskvalitet

Meir enn 700 pasientar i Helse Bergen sitt nedslagsfelt har gjennomgått behandlinga frå 2020 –2023. Gjennomsnittsalder på deltakarane er 38 år (77% kvinner og 23% menn).

Over 90 % av pasientane er tilfreds med behandlinga og opplevde den digitale mage- tarmskolen som nyttig. 

Ved oppstart, og etter tre- og seks månader, gir deltakarane opplysningar om symptom og livskvalitet via eit spørjeskjema (PRO-skjema). Resultata viser at tre månader etter oppstart av behandling responderte totalt 55% av pasientane svært bra. Talet på pasientar i gruppa remisjon/mild IBS auka frå 11% til 44%, og talet på pasientar med alvorleg IBS blei redusert frå 42% til 8%. Etter 6 månader rapporterte 21% av pasientane stabil forbetring av IBS- symptom sidan oppstart.  

– Dette indikerer at pasientane meistrar sjukdomen betre og har tatt i bruk verktøya som den digitale mage-tarmskolen har utstyrt dei med. Resultata er på nivå med det beste innan IBS-behandling, seier Berentsen Jacobsen.

 

Kven kan tilvisast? 

Pasientane må først ha vore gjennom utgreiing og blitt diagnostisert med IBS enten av fastlege (D93) eller spesialist (K58.1-3). Pasienten må vere over 18 år, meistre norsk og ha moglegheit til å logge seg inn med digital identitet (Bank-ID). 
 

Behandlingsprogrammet er tverrfagleg

Behandlinga er utarbeidd  av gastroenterolog, manuellterapeut (fysioterapeut), psykiater, psykolog, hjerneforskar og klinisk ernæringsfysiolog.  
Behandlinga startar med eit digitalt gruppemøte der pasientane får hjelp til å kome i gang. Sjølve programmet har fem tverrfaglege modular med videosnuttar, bilde og tekst.  

  1. Kroppen og mage-tarmsystemet
  2. Kost- og livsstilsråd
  3. Kroppshaldning og pusteteknikk
  4. Livsmeistring  
  5. Kostbehandling (Lav Foodmap dietten) 

Kliniske ernæringsfysiologar gir digital individuell rettleiing og svarer på spørsmål frå pasienten. Skolen skal vere fullført innan seks månader, noko som gir pasienten god moglegheit til å fullføre modulane i eige tempo.

 

Ernæringsfysiolog i den digitale mage-tarm skolen
Ei gruppe med kliniske ernæringsfysiologar har dialogen med deltakarane.  

 


Dokumentasjon

Klinisk ernæringsfysiolog dokumenterer i journal ved oppstart, etter tre månader, og som brev i journal ved avsluttande behandling etter seks månader. 

Diagram for behandlingsopplegg i den digitale mage-tarmskolen
Flytdiagram for undervisningsopplegget ved digital mage-tarmskole.

Ny nasjonal studie 

Ein randomisert kontrollert studie av digital behandling for irritabel tarmsyndrom 

Denne studien er nyleg starta opp og tar imot pasientar frå heile landet. Studien ser  på effekt av digital mage- tarmskole for IBS- pasientar. Målet med studien er å identifisere kva form for digital behandling i Mage-tarmskolen som har mest effekt ved IBS, og om forskjellige former for digital behandling ved IBS har meir effekt på symptom og livskvalitet enn digital pasientopplæring. Les meir om studien på   
Helse Bergen sine nettsider.

 

Den digitale mage-tarmskolen starta som eit prosjekt i 2015 forankra ved Nasjonal kompetanseteneste for funksjonelle mage-tarmsjukdommar (NKFM), Medisinsk klinikk, Seksjon for fordøyingssjukdommar Haukeland universitetssjukehus under leiing av førsteamanuensis Birgitte Berentsen Jacobsen, ph.d. Senter for Forskingsdrevet Innovasjon i Helse Bergen har bidratt i utviklinga av tilbodet 

Den digitale plattforma, CheckWare AS, er utarbeidd av Seksjon for e-Helse. Brukarrepresentantar har vore med frå Norsk Gastroenterologisk foreing, allmennlegar og pasientorganisasjonen Mage-tarmforbundet.