Sosionomtenester

Seksjon for sosionomtenester gir tilbod til pasientar og pårørande ved somatiske avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Sosionomen kjenner godt til ulike tilbod og tenester til pasientar og pårørande.

Sjukdom og skader kan føre med seg praktiske og personlege utfordringar som det kan vera vanskeleg å handtera. Situasjonen du står i kan utløyse rettar i forhold til hjelpeapparatet.

Sosionomen kan gi rettleiing, råd og informasjon, formidle kontakt med andre instansar og bistå med søknadar.

Du kan få tilbod om samtale for å snakke om din situasjon dersom du er pasient eller pårørande ved sengepost, dagavdeling eller poliklinikk. Sosionomen har teieplikt på lik line med anna helsepersonell på sjukehuset.

Fagutvikling, konsultasjon, rettleiing og undervising er integrerte deler av tenesta.

Ansvarsområde

Seksjon for sosionomtenester yter tenester til alle somatiske pasientar i sjukehuset

Avdelingssjef: Synneve Myklebust 

Telefon:  55 97 38 08

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Pasientsamtalar finn stad på avdelinga der pasienten er innlagt, eller etter avtale ved poliklinikk.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Marie Joys' hus

Jonas Lies vei 81

Nordåsgrenda 4

Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Treng du hjelp frå oss?

Pasientar som er innlagt eller tilknytta sjukehuset som pasient ved dagavdeling eller poliklinikk, kan be om ein samtale med sosionom. Dette gjeld også pårørande til pasientane.
Treng du hjelp frå oss?
En person som snakker i telefonen