Legen vil stille diagnosen på bakgrunn av sjukehistorie og undersøking. Enkelte gonger kan diagnosen stillast ved første time, medan det andre gonger vil være nødvendig med fleire undersøkingar og vidare oppfølging før ein kan sette ein sikker diagnose.
Akillessene, avrivning (akillesseneruptur)
Leggmuskulaturen er samla i akillessena, som festar på hælbeinet. Dette er den tjukkaste og sterkaste sena i kroppen, men sena kan ryke. Avriving av akillessena er ein akutt skade som kan oppstå i samband med sport eller annan aktivitet som stiller krav til hurtig og kraftig bruk av leggmuskulaturen. God behandling av skaden er viktig for å få tilfredsstillande funksjon i sena igjen.
Tilvising og vurdering
Avriving av akillessener er ein akutt skade der pasienten tilvisast til sjukehuset frå den lokale legevakta, og blir behandla same dag eller følgande dag om skaden er skjedd på kveld/natt.
Det er legevakta/legen som tilviser pasientane vidare til ortopedisk avdeling for behandling.
Utredning
Behandling
Behandling med gips og ortose
Førsteval er behandling med gips og ortose (stiv «slalomsko») som er tilpassa behandlinga. Dei første to vekene vert foten gipsa i spissfotstilling. I denne perioden kan ein ikkje belaste foten. Det kan være lurt å legge foten høgt når ein sit i ro.
Etter to veker vert ein tatt inn til kontroll der gipsen vert bytta ut med ein ortose. Med ortosen på skal du belaste opp til smertegrensa, men fortsatt bruke krykker for å unngå halting.
Ortosen er bygd opp med kiler i spissfotstilling for at sena skal gro best mogeleg. Kilene vert trappa gradvis nedover i vekene ortosen skal brukast. På denne måten gror akillessena av seg sjølv.
Behandling med operasjon
Det er også mogeleg å behandle denne skaden med operasjon. Då vert det laga eit snitt i huda og ein syr saman sena. Ved operasjon er det ein risiko for blant anna infeksjon og manglande tilheling av såret.
For begge behandlingsmetodane er gips og bruk av ortose i totalt åtte veker ein del av behandlinga. Det er legen som avgjer val av behandlingsmetode. Ved målingar etter 1 år, er det ikkje vist noko skilnad i behandlingsresultata. Dei aller fleste vil oppleve at sena ikkje vert like sterk som før etter ein slik skade.
Forløp
- Veke 0-2 etter skaden: Foten er gipsa i spissfotstilling
- Etter 2 veker: Ortose med tre kiler. Ortosen skal vere på heile tida, både dag og natt.
- Etter 4 veker: Ortose med to kiler. Du kan no sove uten ortosen på. Ortosen skal ellers vere på når du er oppe.
- Etter 6 veker: Ortose med ei kile.
- Etter 7 veker: Ortose uten kiler.
- Etter 8 veker: Kontroll hos lege og fysioterapeut for å avslutte bruken av ortose.
- Etter 8-26 veker: Oppfølging hos ekstern fysioterapeut
Bruk av ortose
Når du tar på ortosen, er det viktig å passe på:
- At du kjem langt nok bak med hælen i ortosen.
- At du strammar godt til med reimene. Det er viktig at du ikkje glir inne i ortosen.
- At du under hele perioden har ortosen PÅ når du står oppreist.
Ved fjerning av kiler, er det ALLTID den nederste kilen som skal fjernast.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarKliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Oppfølginga på sjukehuset skjer over 8 veker med polikliniske kontrollar. Til saman reknar ein omtrent 6 månader rehabiliteringstid etter skaden.
Hygiene
Etter 4 veker kan du dusje utan ortose. Ta av deg ortosen når du sit på ein stol eller krakk, dusj i sittande stilling og tørk deretter foten godt. Ta på ortosen igjen før du reiser deg.
For god hygiene kan det vere lurt å ha på ein tynn strømpe/lang sokk som du kan ha på inne i ortosen.
Øvingar etter avriving av akillessena
NB! Ver merksam på at du aldri skal tøye på sena!
- Press-øvingar inne i ortosen. Press forfoten nedover mot sålen.
- Sykle korte økter (10-20 min) på ergometersykkel med ortosen på.
- Sittande tåhev (Presset skal vere på forfoten, og ikkje kun på tærne).
- Sykle på ergometersykkel med ortosen på.
- Fortsette med ankeløvingar sittande med bøy i kneet
Det vert anbefalt å bruke gode joggesko, med stiv hælkappe og gjerne litt høgde på hælen. Vidare kan det vere gunstig å fortsette med krykker til gangmønsteret er normalisert. I den første fasen bør du jobbe med:
- Gangteknikk og normalisering av gangmønster, trene med og uten krykker
- Tobeins tåhev
- Ettbeins balanse med oppbygg under hæl, gradvis redusere oppbygget
- Sykling med gradvis aukande belastning
Frå veke 12 kan ein auke belastninga, men treninga må leggast opp etter noverande funksjonsnivå og mål for rehabiliteringa. Eksempel på øvingar kan vere:
- Forsøke tåhev på eitt bein
- Tåhev i beinpressapparat
- Ståande tåhev med vekter
- Gå opp og ned trappa på tå, med halve foten på trappetrinnet
Når du meistrer rask gange utan halting kan du gradvis starte med rolig jogging. Vidare
progresjon i øvingar kan vere:
- Gå på tå
- Raske tåhev, fleire gonger etter kvarandre
- To-beins hopp på tå
Dette blir avgjort ut ifrå funksjon og type idrett, saman med din fysioterapeut. Dei første 6 månadane etter skada skal du unngå hopp, løp, ta sats og hurtige vendingar. Etter 6 månader kan du jobbe idrettsspesifikt om du skal tilbake til idrett.
Eksempel på øvingar
- Jogging
- Spenstøvingar
- Maksimal styrketrening
- Tåhev med strakt og med bøyd kne
Pasienten har hatt ein akillesseneruptur og er blitt behandla med gips og walkerortose i tilsaman 8 veker. Ortosen er no seponert og pasienten har behov for vidare opptrening. Dei første 2 månadane etter seponering av ortosen er risikoen for reruptur størst.
Det er veldig viktig at sena ikkje vert tøyd. Dette gjeld og utgangsstillingar som stille krav til rørsle i ankelleddet (t.d. knebøy, utfall). Rehabiliteringa bør ha fokus på normalisering av gangmønster. Pasienten skal trene styrketrening, balanse på fast underlag og stabilitet.
Pasienten treng hjelp med å finne rett progresjon i treninga. Treninga må leggast opp etter noverande funksjonsnivå og mål for rehabilitering.
Kontakt
-
Kontakt Ortopedisk klinikk
Oppmøtestad
Klinikkleiinga held til i etasje U i Armauer Hansens hus, sør for Sentralblokka på Haukeland.Armauer Hansens hus
Haukelandsveien 28
5009 Bergen
Transport
Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider- Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
- Line 12 har avgang frå Bystasjonen
- Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:- Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
- Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
- Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
- Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Praktisk informasjon
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
- Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
- Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
- Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. -
Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.Ortopedisk infeksjonspost i 4. etasje
Sengepostane OT syd, OT vest og OT aust i 7. etasje.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Transport
Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider- Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
- Line 12 har avgang frå Bystasjonen
- Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:- Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
- Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
- Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
- Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise
Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di
Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser
Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.noFor meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla.
Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir.Meir informasjon på helse-bergen.no/frivilligKontaktinformasjon:- E-post: frivillig@helse-bergen.no
- Mobiltelefon: 902 67 193
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Telefon resepsjon: 55 97 50 00
I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.
Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta
Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.
Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
- Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
- Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
- Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.