Diagnose

Assistert befruktning

Assistert befruktning er befruktning som skjer utenfor kroppen eller ved inseminasjon. Dette er blitt en vanlig måte å hjelpe ufrivillig barnløse til å bli foreldre.

Mange kan ha problemer med å bli gravide. Har du og partneren din forsøkt å få barn i minst et år uten å lykkes, kan dere kontakte fastlege for utredning. Det finnes behandlinger som kan hjelpe.

Les meir på helsenorge.no

Fertilitetssenteret tilbyr behandling til par med ønske om barn. Kvart tiande par i fruktbar alder er ufrivillig barnlause. 

Årsakane til infertilitet kan vere mange. Grovt sett ser ein at årsakane til infertilitet fordeler seg med ein tredel kvar hos kvinna (f.eks. anovulasjon, tette eggleiarar) og mannen (f.eks. nedsett sædkvalitet), og ein tredel der ein ikkje finn ei klar årsak.

Kva kan vi gjere sjølv? 

  • Kvinner som prøver å bli gravid blir anbefalt å ta tilskot av folat på 0,4 mg dagleg. Du bør også ta folat dei tre første månadane etter positiv graviditetstest.
  • Unngå tobakk - Røyking og snus reduserer fruktbarheta hjå kvinner og kan redusere sædkvaliteten hjå menn.
  • Under behandlinga bør inntak av alkohol være så lågt som mogleg. Etter egginnsettinga bør kvinna ikkje drikke alkohol i det heile tatt.
  • Du bør halde deg til eit moderat inntak av koffein. Meir enn fem koppar med koffeinhaldig drikke er definert som stort forbruk og kan vere med på å redusere sjansen for å oppnå graviditet.
  • Hald normal vekt - Både overvekt og undervekt kan spele inn på sjansen til å bli gravid ved å gi ubalanse i hormonsystemet. Dette kan verke inn på menstruasjonssyklusen, den naturlege utviklinga av egg og eggløysing. Kroppsmasseindeksen (KMI) må vera mellom 19 og 30 før ein kan starte hormonbehandlinga.

Barneomsorgsattest

Alle som søkar om assistert befruktning må, frå 1. juli 2020, framlegga barneomsorgsattest (politiattest). For par som søkar må begge søka om attest. Søknaden vil bli avvist om ikkje barneomsorgsattest kan visast fram.

Ein barneomsorgsattest er ein politiattest for personar som skal ha omsorg for mindreårige. Attesten gir informasjon om personen er sikta, tiltalt, har vedtatt førelegg eller er dømt for brot av fleire straffeavgjerder. (til dømes seksualforbrytelser, drap, narkotikalovbrot og grov valds- og ranskriminalitet)

Eventuelle merknader på attesten skal inngå som ein del av den samla egnethetsvurderingen av paret. Ei individuell vurdering skal gjerast av behandlande lege i kvart enkelt tilfelle.

Det kan søkast om politiattest elektronisk eller per brev. Attesten er gyldig i 3 månader og må leggast ved søknadsskjemaet.

Heimelsgrunnlaget som skal givast opp er bioteknologilova §2-6 andre ledd.

Tilvising og vurdering

Spesialistar i kvinnehelse / gynekologar kan tilvise til assistert befruktning. 

Søknadsskjema for assistert befruktning må fyllast ut:


Søknadsskjema - assistert befruktning (PDF)    

  • Svar på sædprøve
  • Hormonstatus inkl. AMH
  • barneomsorgsattest

Kriterier og prioriteringer for å bli akseptert til behandling

Bioteknologiloven krev at det skal gjerast ei vurdering av paret med tanke på om dei er eigna medisinsk og psykososialt.

  • Paret må vere gift eller sambuare i ekteskapsliknande forhold
  • Kvinna bør ikkje være fyllt 39 år ved søknadstidspunkt, og mannen bør ikkje være eldre enn 55 år. I følgje Helsedirektoratet sin prioriteringsrettleiar for kvinnesjukdomar har ein ikkje rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta etter 40 år.
  • Paret må vere psykososialt eigna til å ha barn og det må fremlegges barneomsorgsattest
  • Kvinner med kroniske sjukdommar som kan bli verre ved eit svangerskap, eller der svangerskap kan føre med seg alvorlege komplikasjonar, vil bli særskild vurdert
  • Kvinna bør ved søknadstidspunkt ha Body Mass Index (BMI) <32. Ved behandlingsstart bør kvinna ha BMI <30.
  • Paret må væra pliktig medlem i norsk folketrygd.
  • Hos par der mannen er sterilisert, anbefaler vi først at man prøver rekanalisiering/reversering av inngrepet. Dersom paret framleis ikkje oppnår graviditet kan dei tilvisast til utgreiing på lik linje med andre par.
  • Ved påvist kromosomfeil eller arvelege tilstander hjå ein av partane, skal behandling berre aksepterast etter genetisk rettleiing og ubetydelig auka sjanse for at avkom vil få misdanningar på genetisk grunnlag.


Prioriteringar:

  1. Der både mann og kvinne er utan barn.
  2. Dersom ein av partane ikkje har born (uavhengig av kor mange born partnaren har).
  3. Dersom paret har eit felles barn frå før.
  4. Søskenforsøk hos par som tidlegare har fått eit barn ved assistert befruktning. Kvinna bør være < 40år og ha FSH og AMH i normalområdet.

Utgreiing

Når tilvisinga er godkjent, vil dere få time til forundersøking på avdelinga. Vi veit at de som kjem til oss har eit stort behov for informasjon og vi ynskjer at de opplever å bli godt ivaretatt, føler tryggleik og at vi får ein god dialog gjennom heile behandlingsprosessen. Vi håper at denne informasjonen kan gi svar på nokre av spørsmåla de sitt med og vil gjerne at de skriv ned fleire spørsmål og tar dei med når vi møtast, så skal vi gjere vårt beste for å svare.

Vær venleg å les gjennom ALL informasjon før de møter i avdelinga. Rekvirerte blodprøver må tas i god tid slik at prøvesvara er tilgjengelig ved oppmøte.

Til forundersøkinga er det satt opp samtale med lege og sjukepleier for begge to og det er viktig at de informerer om eventuell medisinbruk/allergiar. I tillegg skal kvinna gjennom ein gynekologisk undersøking og mannen må levere sædprøve.

Ein sjukepleiar vil fortelje om rutinane på avdelinga og kva som er vanleg behandlingsløp ved assistert befrukting. Under samtalen med sjukepleiaren må de signere «Avtale om assistert befruktning», som de skriv ut frå nettsida vår. Hugs å ta med legitimasjon, for det må visast fram i samband med underskrivinga.

De vil også få opplæring i bruk av sprøyter som ein skal sette sjølv under behandlinga. Dersom alt ligg til rette for det, vil vi no bli einige om metode og tidspunkt for vidare behandling.

Mannen kan velje om han vil avleggje sædprøven heime og levere den når de kjem til avdelinga, eller ta den på eit eige rom knytt til avdelinga. Om sædprøven blir tatt heime, bør det ikkje gå meir enn ein time før den blir levert på avdelinga, og den må fraktast inntil kroppen for å halde på temperaturen. Før sædprøven blir tatt, bør det ikkje vere meir enn to til tre dagar sidan førre sædavgang. 

Varigheit på utgreiing

Forundersøkinga tar om lag to timar totalt. Ved forsamtalen vil det, om alle prøvesvar føreligg og alle kriterier er oppfylt, bli lagt ein plan for behandlingsstart. Tidspunkt for start av behandling vil blant anna være avhengig av kapasitet ved avdelinga og kvinnas menstruasjonssyklus.
 
Når du skal melde frå om at du har fått menstruasjon, kan du kontakte oss på helsenorge.no eller på telefon 55 97 42 00.


Du loggar deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «Ass.Befruktning» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn spørsmåla dine og sende direkte til seksjonen.

Behandling

Samtykke til behandling

Før kvar behandling må de signere eit samtykkeskjema. Ha derfor alltid med legitimasjon når de kjem til oss.

Det finnes ulike behandlingsprotokoller i forbindelse med assistert befruktning. Vi skiller mellom lang- og kort protokoll. Behandlinga vert tilpassa kvar enkelt kvinne og par. 

1. Kort protokoll

Stimulering av eggstokkene gis i form av sprøyter som settes daglig i magen i ca 10 dager. Dette gjør du selv. Stimuleringen starter vanligvis 2. menstruasjonsdag i den aktuelle syklusen.

2. Lang protokoll 

Denne protokollen innebærer forbehandling med nesespray før du starter med hormonstimulering, som ved kort protokoll. Nesespray brukes daglig under hele behandlingen.
 

Individuell behandlingsplan

Du vil motta din individuelle behandlingsplan når det er bestemt uke for oppstart av behandlingen. Planen finner du som et sykepleienotat i pasientjournalen din på helsenorge.no.

Resepter

Reseptane blir sendt elektronisk, og kan hentast ut på alle apotek i Noreg. Reseptane blir aktivert ved personleg frammøte og identifikasjon må visast. Haukeland Sjukehusapotek har inne dei ulike medikamenta som brukast i behandlinga. På øvrige apotek må medisinane bestillast minimum 1 veke før start av behandling. Dersom du vil sjekke om e-reseptane er sendt til deg, eller kva medisin legen har rekvirert, kan du gå inn på www.helsenorge.no og følgje instruksa der. Ring oss dersom noko er uklart.

Det finns fleire videoar med instruksjon for bruk av medikamenta på nettet. Søk på legemiddelet du skal nytta.

Ultralyd

Vi følgjer med på utvikling og vekst av folliklane/eggposane ved hjelp av ultralydundersøkingar. Ut i frå desse undersøkingane vurderer legen kor lenge hormonbehandlinga skal vare.

Eggløysingssprøyte

På ultralydundersøkinga kan legen sjå kor tid folliklane har nådd ønska storleik og då får du beskjed om når du skal sette eggløysingssprøyta. Det er svært viktig at du tar eggløysingssprøyta til rett tid; om kvelden 1,5 døgn før egguthenting.

Behandlingsmetodar

In vitro betyr utanfor kroppen og fertilisering betyr befruktning. Denne behandlinga inneber at vi tek ut egg frå eggstokkane og befruktar desse med sædceller frå partnaren. Befruktninga skjer i laboratoriet på avdelinga. Denne metoden nyttast oftast når mannen har ein normal sædprøve. 

Denne metoden nyttast ved nedsett sædkvalitet eller om ein ikkje har lukkast med fertilisering ved hjelp av IVF. På same måte som ved IVF, hentar vi ut egg frå eggstokkane, men ved ICSI tek vi ei sædcelle og fører den direkte inn i egget ved hjelp av ei tynn glaspipette. Ein er ikkje garantert befruktning ved bruk av denne metoden, sjølv om ein har injisert ein sædcelle i egget. 

Inseminasjon er en enkel metode for assistert befruktning der befruktningen skjer inne i kvinnens kropp på naturlig vis. Sædcellen føres direkte inn i livmoren med et tynt kateter. På denne måten får sædcellene hjelp et stykke på veien til eggcellen på det tidspunktet eggløsningen foregår.

Inseminering med bruk av egen sæd kan være egnet hos par der årsaken til barnløshet ikke kan forklares etter utredning, der mannen har lett nedsatt sædkvalitet eller om det er vanskelig eller ikke mulig å gjennomføre samleie.

Før inseminering bli sædprøven renset og konsentrert, slik at man får økt antall gode, bevegelige sædceller.

Lesbiske par kan foreløpig ikke få behandling hos oss. Reproduksjonsmedisinsk avdeling ved Oslo Universitetssykehus har tilbud om sæddonasjon til lesbiske par, og er per dags dato den eneste operative offentlige sædbanken i Norge.

Om det er overskot av befrukta egg med god kvalitet etter egguthenting, kan desse bli frose ned og lagra til seinare bruk. De vil få ein melding på helsenorge.no i etterkant av egguthentinga om talet på egg som er frose ned, samt ei kort forklaring på korleis ein skal gå fram for å nytta desse ved seinare behandling. Egga kan, etter norsk lov, lagrast til kvinna fyller 46 år.

Tinte egg kan bli satt tilbake i naturleg eller hormonstyrt syklus, avhengig om kvinna har regelmessig menstruasjon med eggløysing eller ikkje. Dei lagra egga vil bli nytta før vi eventuelt må utføre ei ny egguthenting hjå kvinna.

Les mer om fryseforsøk

Dette er eit inngrep som blir utført dersom vi ikkje finn rørlege sædceller i sædvæska. Legen hentar ut sæd direkte frå testikkelen etter at mannen har fått lokalbedøving. Metoden blir brukt både for å kunne stille diagnose og behandling ved assistert befruktning. I forbindelse med behandling ved assistert befruktning, vil vi bruke ICSI som befruktningsmetode. 

Egguthenting

Dagen for egguthenting skal de møte opp ved Seksjon for assistert befruktning på morgonen til avtalt tid. Her må beggje to signere avtale om behandling og vise fram ID-kort. De får kort informasjon av sjukepleiar, og kvinna får tildelt ei seng. Dersom de begge ønskjer det, kan partnar vere med under sjølve inngrepet.

Kvinna

  • Et ein lett frukost utan kaffi

  • Ta smertestillande tablettar 1 time før oppmøte. Desse får du utdelt på ultralydkontrollen der egguthentingsdagen blir bestemt. Dersom de har tatt ultralyd utanbys, kan medisinen hentast ved avdelinga dagen før egguthentinga, eller takast her på avdelinga ved oppmøte. Du kan ikkje køyre bil denne dagen!

Mannen

  • Lever sædprøve, anten som du tar heime eller som du avlegg når du kjem på avdelinga

Vi anbefaler ikkje å ha samleie dei siste dagane før egguthentinga.

  • Kvinna blir følgd på toalettet like før inngrepet
  • Du får lokalbedøving i skjeden som blir gitt av legen rett før egguthentinga startar.

  • Sjølve egguthentinga tar 15-20 min.

  • Grad av smerte ved egguttak varierer frå kvinne til kvinne, men dei fleste beskriv smerten som menstruasjonsliknande smerte som strålar bak i korsryggen. 

  • Dersom de begge ønskjer det, kan partnar vere med under sjølve inngrepet.

  • Du må ligge til observasjon i ½-1 time hjå oss før du får reise heim frå sjukehuset etter egguthentinga. 

  • Nokon opplever smerter i magen same ettermiddag / kveld, men det er som regel nok lindring i Paracet og varmeflaske. Du skal ikkje bruke Ibux eller Voltaren på grunn av auka fare for bløding.

  • Vi kan gi deg sjukemelding i tre til fire dagar etter egguthentinga.

  • Kvinna må ha følgje heim etter at ho har vore gjennom uthentinga. I tillegg skal ho ikkje vere aleine dei første timane etter at de kjem heim, sidan ho har fått ulike smertestillande medisin. 

  • Dagen etter egguthentinga vil laboratoriet ringe til deg ca. kl. 13.00 (laurdagar ca. kl. 10.00) for å gi beskjed om kor mange egg som har blitt befrukta. Samstundes får du beskjed om tidspunkt for når vi vil sette inn det befrukta egget.

  • Vi anbefaler ikkje å ha samleie dei siste dagane før, og i to veker etter egguthenting. Kvinna skal heller ikkje bruke tampong eller bade i basseng, badekar eller sjø dei to første vekene etter egguthentinga. På grunn av dei forstørra eggstokkane tilrår ein redusert fysisk aktivitet i same periode.

Vi gir etterbehandling med progesteron etter egguthentinga. Progesteron er eit hormon som byggjer opp livmorslimhinna og førebur livmora på å ta i mot eit befrukta egg. Behandlinga startar egguthentingsdagen. Medikamentet settast djupt inn i skjeda 3 gonger dagleg. 

På egguthentingsdagen, ta kun etter egguthenting og kveldsdosen.
Egginnsettingsdagen tas Lutinus minimum 2 timer før egginnsetting, eller like etterpå. Brukes frem til graviditetstest.

Det er vanleg med økt utflod og at restar av medisinen kjem ut igjen.

På dag 2 til 5 etter egguthentinga, sett vi tilbake eit befrukta egg:

  • Kvinna ligg på ein vanleg gynekologisk undersøkingsbenk

  • Vi fører eit tynt kateter gjennom skjeden og inn i livmora, der egget blir plassert.

  • Normalt tar dette omlag 15 min.

  • Dette er ikkje ein smertefull prosedyre, så vi gir ikkje smertestillande i samband med egginnsettinga.

Tvillingsvangerskap er assosiert med auka risiko for fosterdød, for tidleg fødsel og låg fødselsvekt. Mange alvorlege komplikasjonar opptrer hyppigare i tvillingsvangerskap enn ved vanlege svangerskap, for eksempel svangerskapsforgifting og -diabetes.

Vårt mål er å gi barnlause par eit friskt barn til termin. Vi starta med vår «single embryo transfer»-politikk i 2005.

Det betyr at vi fortrinnsvis set inn eitt embryo per behandling. Graviditetsraten vår har holdt seg stabil, men tvillingraten har falt til under 5 prosent.

Oppfølging

Vi vil at du skal ta ei blodprøve 14 dagar etter egginnsetting, også sjølv om du har fått bløding. Nokon kvinner opplever menstruasjonsliknande smerter og sporblødingar i løpet av desse to vekene, men kan likevel vere gravid. 

Om du kjem til Laboratoriet på KK for å ta blodprøven kl. 8.00, får du svar same dag. Om du tar prøven hjå fastlegen eller andre stader, føreligg svar tidlegast neste dag. 

Ein sjukepleiar frå oss vil ringe deg og gi deg svaret på testen. Om graviditetstesten er positiv, får du time til vaginal ultralyd om lag fem veker etter egginnsettinga fann stad. 

Om de ikkje bur i Bergen, kan du ta vaginal ultralyd hjå gynekolog der du bur. Då er det viktig at du og / eller gynekologen meldar frå til oss om resultatet frå ultralyda, anten per telefon eller brev.

All vidare oppfølging blir no gjort av fastlegen din.

Dersom blodprøva er negativ må de ta stilling til om de ønsker vidare behandling hos oss.

Det må gå 2-3 menstruasjoner / sykluser før vi kan starte eit nytt forsøk avhengig av kva type behandling du nettopp har gjennomgått, kva type behandling du no skal inn i og kapasiteten ved avdelinga.

Dersom du har hatt lang protokoll og skal inn i ein ny lang protokoll, kan vi bruke din 2. syklus. Dersom du går frå lang- eller kort protokoll til kort protokoll, kan vi bruke din 3. syklus. Dersom du har egg på frys, varierer tidspunktet for tilbakesetting om du skal bruke din naturlege syklus (3. blødning), eller styre syklusen din med østrogen-tablettar (2. blødning). Kva type behandling vi vel avheng av om du har regelmessig syklus med eggløysning eller ikkje.

Det er ikkje noko i vegen for å ta ein lengre pause mellom behandlingane dersom ikkje alder eller hormonprøver tilseier noko anna. Det er viktig for resultatet at de er motivert og mentalt klar for ei ny behandling.


Mange har spørsmål om kor mykje det kostar å gå gjennom behandling med assistert befruktning på offentleg sjukehus.

Forundersøkinga reknast som vanleg spesialistpoliklinikktakst, og de vil måtte betale ein eigenandel.  Dette gjeld dykk begge.

Ultralydundersøkingar, ekstra sprøyteopplæring og kontrollar i behandlingsløpet reknast som vanlig spesialistpoliklinikktakst. Dette gjeld som oftast berre for kvinna.

Ved fryseforsøk må de betale eigenandel, både ved ultralydundersøkinga og egginnsettinga. 

Å setje tilbake tinte egg inngår som ein del av forsøket som egget stammar frå og reknast derfor ikkje som eit eiga forsøk. 

De vil motta faktura i etterkant av konsultasjonane. 
Har du frikort, må du ta dette med og vise dette ved oppmøte.

Ein får statleg delvis refusjon for inntil tre forsøk med assistert befruktning per barn. Ved kvart fullførde forsøk, med egginnsetting, vil eigenbetalinga være 1500 kr. 
Dette beløpet kan ikkje førast på kortet for eigenandel. 

Utgifter til legemiddel som overstig beløpsgrensa satt av HELFO blir dekka av folketrygda. 

For oppdatert informasjon om dekking av utgifter sjå nettsida til helsenorge.no

Hugs å ta vare på alle kvitteringar. Dei skal sendast til HELFO innan seks månader etter de har nådd beløpsgrensa. De skal og sende inn ei stadfesting av behandlinga (legeerklæring). Denne får du vanlegvis hos oss same dag som egginnsettinga skjer.

Søknaden til HELFO kan fylles ut elektronisk på www.helsenorge.no    

Ver merksam

For dei aller fleste er det ei stor psykisk belasting å gå gjennom behandling med assistert befruktning og det er greitt å vere førebudd på. Vi har erfart at ei optimistisk haldning er viktig for å meistre behandlinga, men samstundes må ein vere realistisk og vite at dessverre ikkje alle lukkast. Det er viktig at de viser kvarandre forståing for eventuelle ulike reaksjonar. Ein bør prøve å leve så normalt som mogleg sjølv om behandlinga skal og vil få mykje fokus.

 
Vi som jobbar her vil vere tilgjengeleg dersom de har spørsmål til oss undervegs i behandlinga. I tillegg tilbyr vi ei oppsummeringssamtale med legen etter tredje og siste forsøk dersom de ikkje lukkast med behandlinga.
Vit at de alltid er velkommen til å kontakte oss.

Bløding i bukhola i samband med egguthenting kan skje i sjeldne tilfelle, og det er derfor vi vil ha deg til observasjon på avdelinga i ½- 1 time etter egguthentinga.

Ein sjeldan gang kan det oppstå infeksjon etter egguthentinga. Symptom på infeksjon kjem innan tre dagar etter egguthenting og vil vere vedvarande og aukande magesmerte, i tillegg til feber. Då skal du ta kontakt med lege snarast.

I sjeldne tilfelle kan vi sjå allergiske reaksjonar på medisin som blir gitt i behandlinga. Kontakt avdelinga dersom det skjer.

Alle medisinar har omtale av moglege biverknader i pakningsvedlegget. Medisinar som brukast i behandling med assistert befruktning gir ei kontrollert overstimulering av eggstokkane og overstyrer din eigen syklus. Vi kjenner til at dei mest vanlege biverknadene er:
  • Nasespray: Hovudverk, heitetokter, nattesveitte og humørsvingingar
  • Hormonstimuleringa: Smerter, kvalme, oppblåst mage, tyngdefornemming og stikking i underlivet, lett vektauke og auka mengde utflod.

Nokre kvinner kan reagere uventa kraftig på hormonstimuleringa og det blir danna for mange folliklar. Då kan det vere at behandlinga må avbrytast. Det inneber at vi anten kansellerer egguthentinga eller at vi frys ned alle dei befrukta egga og gjennomfører egginnsetting i ein seinare syklus.

Overstimuleringssyndrom kan oppstå frå du sett eggløysingssprøyta og innan ei veke etter egginnsetting. Ta kontakt med oss dersom du får symptom som: oppblåst og smerte i underlivet, kvalme, oppkast, diare og ev. tungpust. I dei mest alvorlege tilfella, krev det innlegging på sjukehuset.

Ved symptom på overstimuleringssyndrom må du ringje Kvinneklinikken på 55 97 42 00 eller ring nærmaste sjukehus.

Kontakt

  • Kontakt Fertilitetssenteret

    Oppmøtestad

    Inngang til Fertilitetssenteret vil fortsatt vere via hovudinngangen i gamle KK-bygget og ned trappa/heisen til underetasjen.
     
    Adresse: Årstadhuset, Jonas Lies vei 72, vis-a-vis Augebygget, like ved Årstad kirke.
     
    Ver rask med tilbakemelding til oss om de ikkje kan nytta tildelt time, slik at vi unngår unødig forlenging av ventetida for andre pasientar. 
     
    Du kan kontakte oss direkte ved å sende ei melding frå «helsekontakter» på helsenorge.no.

    Årstadhuset

    Jonas Lies vei 72

    5021 Bergen

    Transport

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

     

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Fertilitetssenteret​ har gått over til å bruke dialogmeldingar som kommunikasjonsform med pasientar.

    Du loggar deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «Ass.Befruktning» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn spørsmåla dine og sende direkte til seksjonen.

    Meldingen vil besvares så snart som mulig, som oftest innen påfølgende arbeidsdag. Hvis det haster bør du ta kontakt per telefon 55 97 42 00.

    Dersom du ikke er pasient hos oss eller ikke finner oss under «helsekontakter», må du kontakte oss på telefon 55 97 42 00.

    Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

    Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


    Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

    Les meir om innsjekk og betaling

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Gynekologisk avdeling

    Oppmøtestad

    Glasblokkene, Blokk 6

    Flyfoto av Glasblokkene

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

     

    For inneliggande pasientar er det fire spisestover i huset. Mattilbodet vil være tilpassa dei pasientane som bur på postane. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispenser og vann/isbitmaskin.

    Det vil også være ein kafé i første etasje. Denne er open både for pasientar, pårørande og tilsette​.

    Det er også sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat. ​

    Vi har besøkstid mellom kl. 17.00-20.00.​

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    ​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

    Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

    Les meir om Vardesenteret

  • Kontakt Fødeavdelinga

    Oppmøtestad

    Vi held til i Glasblokkene, blokk 5 og 6

    Hovudresepsjonen i 1. etasje i Glasblokkene 5-8 er open alle kvardagar frå 
    07.00 - 21.00, og frå 07.30 - 21.00 i helg/heilagdagar

    Flyfoto av Glasblokkene

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    Føde- og barselavdelinga ligg i blokk 5 i Glasblokkene. Ved fødsel skal de nytta ambulanseinngangen. Det er reserverte parkeringsplassar for dei fødande. På denne sida finn du informasjon om vegen inn, parkering og kor du skal gå. 

    Sjå film, kart og informasjon om vegen inn for kvinner i fødsel. 

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Pasientar som kjem til mottaket for barn og unge til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar, kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor.  

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

    I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

    Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

    I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.

    Måltida i spisestoven blir servert: 

    Frokost: 08.00-09-00

    Lunsj: 11.30-12.30

    Middag: 15.00-16.00

    Kvelds: 19.00-20.00

    Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

     

    Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.

    Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.

    Partnar/ledsager er velkomen til å overnatte på alle føde - og barselromma i blokk 5. Alle romma har ein fast seng som kan slås ned til bruk. Bruken av sengetøy betalast via Vipps med ein eingongssum for heile opphaldet.  

    Partnar/ledsager kan kjøpe måltider i same buffeten som pasientane i 2. og 4.etasje. Matverten tek imot betaling via Vipps. Der er og ein stor cafe i 1.etasje som er open for alle.

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    Partnar/ledsager er velkomen til å vere til stades under heile opphaldet. Friske søsken til barnet er velkomne dagleg kl. 17.00-18.00. Andre pårørande må vente med å kome på besøk til etter heimreise.

    Ved lang liggetid eller andre spesielle hensyn legg vi til rette for meir besøk.​