Diagnose
Bekhterevs sjukdom og andre spondyloartrittar
Spondyloartrittar (SpA) er ei gruppe revmatiske sjukdomar som er kjenneteikna av betennelse i rygg- og bekkenledd (aksial SpA) eller betennelse i ledd og sener i armar og bein (perifer SpA).Introduksjon
Bekhterevs sjukdom er kanskje den mest kjende i denne diagnosegruppa, andre diagnosar er psoriasisartritt, reaktiv artritt og artritt ved tarmsjukdommane ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom. Behandlingsprinsippa for dei ulike SpA er i stor grad like.
Ein kan påvise tidlege teikn på betennelse i ryggen ved MR-undersøking. Ved typiske symptom, funn ved klinisk undersøking og blodprøver samt MR-forandringar blir spondyloartritten gjerne kalla non-radiografisk aksial spondyloartritt. Denne sjukdomen kan gå tilbake slik at MR-forandringar og symptom forsvinn, men ein ukjend andel vil etter nokre år få Bekhterev. Det vil seie at betennelsesforandringer blir synlege på vanlege røntgenbilete. Bekhterevs sjukdom vert òg kalla ankyloserande spondylitt sidan denne betennelsessjukdomen i rygg og bekken (spondylitt) over lang tid kan føre til tilstivning (ankylose). Framleis ser ikkje medikament-behandling ut til å hindre ei eventuell sjukdomsutvikling frå non-radiografisk aksial spondyloartritt til Bekhterev, men behandling kan betre symptoma i stor grad. Aksial spondyloartritt byrjar oftast i ung vaksen alder, nesten alltid før 40 år.
Årsaker til sjukdomen er lite kjende, men genet HLA-B27 (den såkalla Bekhterev-blodprøva) utgjer ein arveleg disposisjon.
Utgreiing
Symptom og sjukdomsteikn
Ved aksial spondyloartritt er det vanleg å ha smerter og kjenne seg stiv i korsryggen, kanskje òg høgare opp i ryggen og rundt brystbeinet. Ofte merkar ein dette om natta slik at søvnen blir forstyrra. Bevegelse lindrar medan kvile ikkje gjer det.
Langvarig sjukdom kan gi nedsett rørsleutslag i ryggen. Om ein får leddbetennelse i armar eller bein hovnar desse ledda opp og blir vonde.
Spondyloartritt inneber auka risiko for å få akutt augebetennelse (uveitt). Auget blir då vondt og raudt, og ein bør snarast bli undersøkt av augelege.
Behandling
- Alle med aksial spondyloartritt blir tilrådd kondisjons- og styrketrening samt å gjere tilpassa øvingar. Dette kan betre symptom, funksjon og halde ved like rørsleutslag. Trening gir òg andre viktige helseeffektar. Du kan i starten få rettleiing frå fysioterapeut, i periodar kan det òg vere nyttig med behandling hos fysioterapeut.
- Symptomlindrande medikament av typen antiflogistika har rask effekt og kan nyttast dagleg eller etter behov. Døme på slike er ibuprofen, naproxen og diklofenak. Dersom du ikkje toler antiflogistika kan du bruke paracetamol.
- Revmatolog kan setje kortisonsprøyter i betente ledd. Slik kortison gir rask betring.
- Sjukdomsmodifiserande medikament som Salazopyrin og Metotrexat kan redusere betennelse og tendens til skade i perifere ledd, men har lite effekt på betennelse i bekken og rygg.
- Biologiske legemiddel slik som TNF-hemmarar blir gitt intravenøst på sjukehus (infliximab) eller som sprøyte i underhuden (adalimumab, certolizumab, etanercept og golimumab). Slik behandling gir ofte ei rask og god symptomlindring og kan dempe eller stoppe den revmatiske betennelsen, men har ikkje synt å kunne hindre tilstivning av ryggen på lang sikt. Dette er kostbare medikament som òg gir ein liten auke i risiko for alvorlege infeksjonar.
Revmatolog vil starte behandling tilpassa din sjukdom. Sjukdomsforløpet varierer over tid og mellom ulike pasientar. Det er naturleg at du blir tatt med på råd om kva behandling som er best for deg.
Kosthald
Du bør følgje generelle råd for riktig mengde og samansetting av kosthald. Særleg kan det vere viktig å ha tilstrekkeleg inntak av antioksidantar, omega-3 fettsyrer og kalsium
Oppfølging
Diagnose og behandlingsoppstart vert fastsett av revmatolog, og det er vanleg med kontrollar hos revmatolog, etter kvart årleg dei første åra.
I fredelege faser av sjukdomen kan fastlege overta oppfølginga. Det er viktig med oppfølging hos fastlege for andre helseproblem, særleg for kartlegging av hjarte- karsjukdom som det er litt auka risiko for ved Bekhterevs sjukdom.
Fastlegen kan skrive resept på antiflogistika, fornye resept på sjukdomsmodifiserande medikament og skrive tilvising til fysioterapeut.
Vil du vite meir?
- Spondyloartrittforbundet: http://www.spondylitten.no
- Norsk Revmatikerforening:
https://www.revmatiker.no/diagnose/spondyloartritt-bektherev
-
Bekhterev Norge
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
3. etasje i Gamle hovedbygg på HaukelandGamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen