Psoriasisartritt
Psoriasisartritt (PsA) er ei form for leddgikt som kan oppstå hos personar med hudsjukdomen psoriasis. Psoriasisartritt høyrer til gruppa av revmatiske betennelsesjukdommar som blir kalla spondyloartrittar.
Utbreiing og årsakar
Om lag 10% av dei som har hudsjukdomen psoriasis får Psoriasisartritt. Det er ikkje samanheng mellom utbreiing av psoriasis i huda og risiko for å få psoriasisartritt. Omtrent like mange kvinner som menn får psoriasisartritt. Årsaker er lite kjende, men sjukdomen er i nokon grad arveleg.
Utredning
Symptom og sjukdomsteikn
Behandling
Revmatolog vil starte behandling tilpassa din sjukdom. Sjukdomsforløpet er variabelt over tid og mellom ulike pasientar. Det er naturleg at du blir tatt med på råd om kva behandling som er best for deg.
Medikamentell behandling
Symptomlindrande medikament av typen antiflogistika gir raskt effekt og kan nyttast dagleg eller etter behov. Døme på slike er ibuprofen, naproxen og diklofenak. Dersom du ikkje toler antiflogistika kan du bruke paracetamol.
Kortisoninnsprøyting kan settast i ledd som er hovne og treng rask behandlingseffekt.
Sjukdomsmodifiserande medikament (metotrexat, Arava, Salazopyrin o.l.) har langsam og immundempande effekt som minkar betennelse og tendens til skade på ledd.
Biologiske legemiddel blir gitt intravenøst eller som subkutan sprøyte. Gir ofte ei rask og god lindring av symptoma og kan dempe eller stoppe den revmatiske betennelsen. Dette er kostbare medikament som og gir ein liten auke i risiko for alvorlege infeksjonar.
Anna behandling
Trening og øvingar kan gjere at ein blir mindre stiv, får betre funksjon og kan vedlikehalde bevegelsesutslag i tillegg til å gi allmenne helseeffektar. Du bør i starten få rettleiing frå fysioterapeut om dette, i periodar kan det og vere nyttig med behandling hos fysioterapeut. Ergoterapeut kan gje råd og hjelp ved særskilde funksjonstap.
Personar med psoriasisartritt har litt auka risiko for overvekt, diabetes og høgt blodtrykk. I samråd med fastlege bør du finne ut om dette gjeld deg og i så fall få behandling for dette.
Du bør følgje generelle kosthaldsråd for rett mengde og samansetting. Særleg kan det vere av betyding å ha godt nok inntak av antioksidantar, omega-3 fettsyrer og kalsium.
Oppfølging
Diagnose og oppstart av behandling blir fastsett av revmatolog. Det er vanleg med kontrollar hos revmatolog, etter kvart årleg. Det er viktig med oppfølging hos fastlege for andre helseproblem. Fastlegen kan skrive resept på antiflogistika samt fornya reseptar på sjukdomsmodifiserande medikament. I fredlege fasar av sjukdomen kan fastlege overta oppfølginga.
Vil du vite meir?
- revmatiker.no - psoriasisartritt
- Informasjonsbrosjyre fra Norsk Revmatikerforening om Bekhterevs sjukdom.
- legeforeningen.no - Norsk revmatologisk forening På denne nettsida finn du og informasjon om dei enkelte medikamenta som blir nytta i behandlinga.
- Informasjon om og påmelding til to dagars kurs om PsA.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
3. etasje i Gamle hovedbygg på HaukelandGamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen
Transport
Praktisk informasjon
Kurs
- PsoriasisartrittKurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.PsoriasisartrittDato kjem