Diagnose

Brystkreft

Brystkreft er vondarta forandringar som oppstår i brystkjertelvevet. Det er den mest hyppige krefttypen hos kvinner. Nesten alle brystkreftsvulstar kan fjernast, og operasjon er den primære behandlingsmetoden for dette. Nokre gongar er det formålstenleg å gi medisinsk behandling for å minske svulsten før operasjon.

​De fleste kuler eller forandringer som oppdages i brystene, er ufarlige. Men oppdager du en ny kul eller en forandring som du er usikker på, bør du få den vurdert av lege.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.   

Om du blir etterinnkalt etter mammografiscreening er det eit mål at du får time til etterundersøking innan 15 dagar frå du tok screeningbildene.

Brystdiagnostisk senter (BDS) sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.

Utgreiing

I utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Alder, symptom og kliniske funn vil påverke kva undersøkingar som er nødvendige. Det kan bli aktuelt med trippeldiagnostikk (tre undersøkingar):

  • Mammografi og/eller ultralydundersøking
  • Klinisk undersøking av brysta
  • Nålebiopsi. Det vil seie at vi bruker ein nål for å ta prøver av brystet. Dette gjer vi for å avdekke om forandringa er ein kreftsvulst eller ein ufarleg kul.

Det kan vere nødvendig med fleire undersøkingar. Dette får du informasjon om undervegs. Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje.

Pasientinformasjon - utgreiing ved mistanke om brystkreft (helsedirektoratet.no)

Aktivitet etter undersøking av brystet

Etter undersøkinga kan du vere i normal aktivitet, og du kan vere i arbeid.

Resultat av utgreiinga

Dersom det er nødvendig å ta biopsi, eller det er behov for fleire undersøkingar, kan det ta 1-3 veker å få resultatet. Dersom det ikkje er behov for biopsi og ein ikkje finn noko å undersøke vidare, får du svaret same dag som du har time ved BDS. Resultatet av undersøkingane vil vere førande for planen vidare.

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dine individuelle behov for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Les meir på helsenorge.no:

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Samval

Når du har vorte sjuk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du samvalsverktøy som kan hjelpa deg til å ta valet.

Viss du har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte.

For pasientar med brystkreft vil som regel eit eller fleire av følgjande behandlingsalternativ vere aktuelle: operasjon, cellegift, hormonblokkerande behandling og/eller strålebehandling. Operasjon er den vanlegaste behandlinga. Nokre pasientar får cellegift, hormonblokkerande behandling eller strålebehandling i tillegg.

Forundersøkingar til operasjonen

Førebuande dag skal du snakke med sjukepleiar og eventuelt kirurg, samt narkoselege ved behov. Hos nokre vil det vere behov for å merke kulen i brystet og lymfeknutane under armen før operasjon.

I tillegg blir det tatt blodprøver, målt blodtrykk og puls.

Operasjonsdagen

Tilleggsbehandling

Behandling av brystkreft i dag er ofte multimodal. Dette betyr at vi kombinerer fleire behandlingsmåtar for å gi best mogleg behandlingsresultat, og for å gi den enkelte pasient moglegheiter for å bevare brystet. Størrelsen på og eigenskapane til svulsten, eventuell lymfeknutespreiing og alderen din vil ha betydning for kva type behandling som blir valt.

Ikkje alle treng tilleggsbehandling.

Flere brystkreftsvulster har egenskaper som gjør at de spesielt stimuleres av hormonene østrogen og progesteron – såkalte hormonfølsomme svulster. Desse vert behandla med medisiner som på ulike måtar anten stanser hormonet si påveknad på kroppen og kreftsvulsten (antiøstrogener)  eller hemmer produksjonen av østrogen (aromatasehemmere).

Les meir på kreftforeninga si nettside om brystkreft

Livsforlengande behandling 

Ved langtkomen kreft der sjukdommen ikkje kan kurerast, finst det no ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomførebygging og symptomlindring.

Mange kan leve med kreftsjukdommen i fleire år sjøl om sjukdommen har spreidd seg, og nokre dør av heilt andre årsaker. 

Livsforlenggande behandling kan består av både cellegiftbehandling, hormonblokkerande behandling, målretta kreftbehandling, strålebehandling og lindrande behandling.

Oppfølging

For dagkirurgiske pasientar vil det ofte vere eit tilbod om time på poliklinikken dagen etter operasjonen. Her får du samtale med sjukepleiar.. Du får tilbod om deltaking på fysioterapigruppe som arrangerast 4 gonger om våren og 3 gonger om hausten.

I løpet av fire veker etter operasjon får du svar på vevsprøvene som er tatt under operasjonen, og du vil få anbefalingar for det vidare behandlings- og kontrollopplegget. For mange vil det vere aktuelt med tilleggsbehandling.

Vidare kontrollar blir avtalt individuelt etter behov, og ut frå kva for behandling som er gitt.

  • Det blir også anbefalt årlege kontrollar; anten ved sjukehuset eller hos fastlegen. Kontroll på sjukehuset føregår anten hos sjukepleiar, eller hos kirurg.
  • Kontroll hos fastlege gjeld spesielt dei som er behandla berre for for- stadium til brystkreft.
  • Ved den siste kontrollen på sjukehuset, får fastlegen tilsendt anbefal-
    ingar for vidare kontrollar.
  • Mammografi av brysta inngår i årlege rutineundersøkingar. Andre undersøkingar og eventuellt blodprøvar blir bestilt ved behov.
  • Alle brystkreftopererte får innkalling til årleg mammografi i 10 år etter behandlinga.

Den kliniske kontrollen består av at lege undersøker operasjonsområdet, det andre brystet, armholer og andre nærliggande lymfeknutestasjonar (hals og øvre del av brystkassa). Du vil også få sjekka arm- og skulderfunksjon, samt svar på mammografiundersøkinga.

Vanlige tema ved kontrollene kan være eventuelle helseplager, livsstil og fysisk aktivitet.

Etter operasjonen får du rettleiing av fysioterapeut eller sjukepleier om eigentrening. Spesielt med tanke på arm- og skulderfunksjon. Det er viktig at du følger opp og gjer desse øvingane.

Vi oppmodar deg til å sjølv være merksam. Dersom du kjenner noko i bryst-/operasjonsområdet, skal du ikkje vente til neste kontroll, men ta kontakt med fastlegen din.  

Det er ikkje behov for pleie utover det du har hatt behov for i forkant av inngrepet.

Ingen utover det du hadde før inngrepet.

Etter kreftbehandling vil nokre ha behov for rehabilitering. Dette for å kome raskare tilbake til eit normalt liv etter behandlinga. Vanlegvis anbefaler vi dette tidlegast ein til to månader etter avslutta behandling. Snakk med behandlande lege eller fastlegen din om dette. 

I Helse Vest har vi samarbeid med Haugland rehabiliteringssenter og Nærland Rehabilitering

Montebellosenteret er ein nasjonal helseinstitusjon for kreftpasientar og pårørande. Formålet er å gje hjelp til livsmeistring. Det fins eigne kurs retta mot brystkreftopererte.  

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) tilhøyrer Kreftavdelinga, og er eit senter for kreftramma og deira pårørande. Pusterommet treningssenter er ein del av senteret. Senteret gir opplæring til pasientar og pårørande, og har rehabiliteringstilbod for kreftpasientar med gitte diagnosar. Tilbodet kan nyttast i forkant av, under og etter behandling. 

Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande.  Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp.  

Seks av 10 nordmenn som får kreft er i live fem år etter at diagnosen vart stilt. Dessverre kan moderne kreftbehandling medføre ein viss risiko for å utvikle seineffektar. Seineffektar dekker eit stort spekter av medisinske og psykososiale problem – frå hjartesjukdom via kronisk trøttleik til vanskar med å komme tilbake i arbeid. Dei fleste som har gjennomgått kreftbehandling vil ikkje utvikle seineffektar. Du finn meir informasjon på: 

Nasjonal kompetansetjeneste for seneffekter etter kreftbehandling si nettside

Kreftforeninga

Brystkreftforeninga

Kontakt

  • Kontakt Brystdiagnostisk senter

    Oppmøtestad

    Brystdiagnostisk senter held til i det nye sjukehusbygget på Haraldsplass Diakonale Sykehus. 

    Mammografiscreening skjer i våre lokaler ved Danmarksplass, medan klinisk mammografi skjer i våre lokale på Haraldsplass Diakonale Sykehus. 

    Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus lokalisert på Haraldsplass

    Ulriksdal 8

    Transport

    ​Linjene 5, 6 og 16E passerer alle Haraldsplass Diakonale Sykehus. Det er haldeplassen «Statsarkivet» i Årstadveien som er nærmast sjukehuset, og det er gangbru frå busstoppet i Årstadveien bort til Haraldsplass.

    ​Kjem du med drosje eller med følgjeperson kan du bli køyrt heilt bort til det nye sjukehusbygget. Følg skilt til Hovudinngang. Ved hovudinngangen er det av- og påstigning og snuareal. Det er ingen parkeringsmoglegheit ved hovudinngangen.

    ​Haraldsplass har parkeringshus i fjellhall. Følg skilt til P-anlegg. Har du løyve for parkering på handikap-plass, er det eigne oppmerka plassar for «HC-parkering» i parkeringshuset.
    Frå parkeringshuset er det gangtunnel til U2 i nybygget, der en kan ta heis til 5. etasje i nybygget.

    Les meir på Haraldsplass sine sider

    Praktisk informasjon

    ​Nærmaste apotek er i 1. etasje i Ulriksdal. Det er eit Apotek 1-utsal. Gratis parkering i 30 minutter. Begrenset antall plasser.

    Finn Apotek 1 Ulriksdal på kartet (ekstern lenke).

    Telefon: 55207240 
    Telefaks: 55207241 
    E-post: apotek1.ulriksdalen@apotek1.no

    Besøk apotekets hjemmeside.​

    ​Vi svarer ikkje på førespurnader som gjeld resultat av radiologiske undersøkingar. Desse skal tilvisande lege gå gjennom, med tanke på vidare medisinsk behandling. Du finn prøvesvaret under pasientjournal på helsenorge.no.​ 

    ​​​Pasienter og pårørende er hjertelig velkomne til å bruke kantinen i 7. etasje. Sykehuset har også Narvesen kiosk i plan U2 i nybygget, der du kan få kjøpt noe mat, i tillegg til vanlige kioskvarer, blomster og kort.

    Les meir på Haraldsplass sine sider

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    ​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

    Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

    Les meir om Vardesenteret

  • Kontakt Bryst- og endokrinkirurgi

    Oppmøtestad

    Sengepost (Kirurgisk post 2) held til i 4. etasje i Sentralblokka.

    Poliklinikken held til i underetasjen av Hudbygget.

    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Transport

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    ​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

    Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

    Les meir om Vardesenteret

    Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

    Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 

    Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

    Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

    Kontaktinformasjon: 

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

    I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

    ​​​​​​​​Besøke pasientar
    Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

    Betale eigendel
    Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

    Bestille drosje
    Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

    Leitar du etter ei avdeling?
    Sjå avdelingsoversikta

    Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

    Lån av rullestol
    Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

    Følgeteneste
    Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

    Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

    Oppbevaringsboksar
    Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

    Hittegods
    Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

  • Kontakt Kreftbehandling og medisinsk fysikk

    Oppmøtestad

    Parkbygget, vegg i vegg med Sentralblokka på Haukelandsområdet.

    Parkbygget

    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    ​Kreftavdelinga har dei siste åra satsa mykje på å inkludere barn og ungdom som har sjuk mor eller far i avdelinga. Vi har lagt vekt på å gjere seksjonane barnevennlege.

    Les mer om barn som pårørande

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Apotekar Gustav Holst og hustru Albertha Holst legat

    Vedtekter, §1.
    "Legatet si disponible avkasting skal tildelast ubemidla kreftsjuke, som bur i Bergen eller tidlegare Hordaland, i ein porsjon som legatstyret finn formålstenleg og passande. Formålet med tildelingane er å gi støtte til personar som er blitt økonomisk vanskelegstilte som følgje av kreftsjukdom.

    For pasientar som etter endt behandling truleg er kurert for kreftsjukdommen sin, fell retten til å søkje om støtte bort."

    Legatet har eit styre på tre medlemmar som set i verk utdeling frå legatet. Denne verksemda blir driven frå Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus. Utdeling blir gjort ein gong i året.​

    ​Sist søknadsfrist var 1. juni 2023.

    Kontaktpersoner ved Seksjon for sosionomtenester, Helse Bergen:

    Synneve Myklebust, telefon 55 97 38 08
    Maren Monstad telefon 55 97 50 23  

    Rune Kronen Krossnes minnegave

    • Midler kan tildeles pasienter på Kreftavdelingen
    • Dette er en personlig gave som sykehuset eller helsevesenet for øvrig ikke kan dekke
    • Pengebeløpet (Max 5000kr) kan gå til en gjenstand eller opplevelse som gir oppmuntring til en pasient i en vanskelig livssituasjon som følge av kreftsykdom
    • Gaven er ikke behovsprøvet
    • Det kan kun søkes om midler én gang
    • Gaver blir tildelt 2 ganger i året
    • Søknadsfrister:15. mai og 15. november​

    Søknadskjema minnegave Rune Kronen Krossnes.pdf

    Ved inngangen til Parkbygget finn du ventesone A som er ope for pasientar og pårørande mellom kl. 07.30 -15.30.
    Her finst aviser, blad, tv, trådlaust nettverk og ein lekekrok for dei minste.
    Vi oppfordrar pasientar som ventar på time til lege eller på blodprøvesvar, til å nytte Atriet. Det er begrensa sitjeplassar i poliklinikken, så vi oppfordrar også pårørande til å venta lengst mogleg i Atriet.

    For dei som skal ha behandling, er det eit eiga venterom i behandlingseinheita.

    ​Pasientar og pårørande ved Kreftavdelinga kan låne bil.

    ​Ønskjer du å låne ein bil?

    ​​Kreftavdelinga har to sengepostar, Post 1 og Post 2.

    ​Alle pasientar får innkalling per brev. 

    Brevet inneheld opplysningar om:
    • Dag og tid for oppmøte på aktuell sengepost. 
    • Info om kva du må ta med deg 

    - Toalettsaker 
    - Diverse dusjartiklar 
    - Tøflar 
    - Undertøy m.m. 
    - Privat tøy
     
    • Medisinar: Dersom du bruker medisiner fast, tar du med en oversikt over disse når du kommer til oppmøte. 
     
    • Verdisaker: Avdelinga har ikkje høve til å ta ansvar for verdisaker. 
     
    Innleggingsdagen

    Den første dagen går med til prøvetaking, informasjon og samtale med helsepersonell. Du må rekne med litt venting mellom dei ulike gjeremåla denne dagen.

    Legen vil undersøke deg og du vil få informasjon om vidare prøver/ undersøkingar og behandling.

    Du vil også få ein innkomstsamtale med pleiepersonell og få ein del skriftleg informasjon om avdelinga og rutinane der.

    Beskjed om poliklinisk time gjer vi vanlegvis via eit innkallingsbrev. Du kan også få tildelt time pr. telefon eller via lege, for eksempel ved utskriving frå sengepost.
    Brevet/informasjonen inneheld opplysningar om: 

    • Dag og tid for oppmøte.

    • Beskjed om du må ta blodprøver ved poliklinikken ved frammøte.

    • Medisinar: Ved første konsultasjon må du hugse å ta med ei oversikt med namn, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker.

    • Informasjon om kva for avtalar som er gjort i samanheng med konsultasjonen.

    • Informasjon dersom det er aktuelt å bu på sjukehotellet.

    • Informasjon om å berekne god tid på grunn av parkeringsproblem på sjukehusområdet.

    Praktisk informasjon

    Poliklinikken ligg i 1.etasje i Parkbygget med inngang frå sjukehusparken i underetasjen.

    Vennligst henvend deg i skranken i Parkbygget/Atriet U.etasje ved ankomst for registrering.
    Her vil du bli vist vidare til blodprøvetaking eller konsultasjon/behandling.

    Behandlingen kan foregå over fleire dager, og du vil då bu heime eller på sjukehotellet mellom kvar behandlingsdag.

    For å utnytte ressursane best mogleg, er det lagt opp til eit tett program. Dette kan medføre noko venting. 
    Har du vært hos lege eller får cellegiftkurar, må du betale ein eigenandel dersom du ikkje har frikort. Frikort må takast med til konsultasjonen for registrering. 
    Det er anledning til å ha med seg ein pårørande eller ein venn til legetimen/behandling.

    ​​​Pusterommet treningssenter er ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Kreftavdelinga. Rehabiliteringstilbodet er for kreftpasientar med gitte diagnosar, og all fysisk aktivitet inngår i tilbodet.

    Les meir om Pusterommet

    Daglegvarebutikkar i nærområdet:

    Rema1000 Haukelandsveien
    Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
    Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
    Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

    Kiwi Kronstad
    Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
    Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
    Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

    Bunnpris Møllendalsbakken
    Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
    Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
    Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
    Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

    Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

    Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.

    Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

    Les meir om innsjekk og betaling

    I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

    Les meir om stilleromma

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk har ein eigen trivselskoordinator som er leiar for Styringsgruppa for pasientvelferd. 

    Gruppa har for eksempel kjøpt nye møblar og kunst, og ​​​​​​​​​​​trivselskoordinatoren arrangerer alt frå konsertar til sommarfest og julebord. 

    Kontakt

    Lilly Vinje  

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    ​Du vil få:

    • Samtale med lege. 
    • Nødvendige papir som transportrekvisisjon, reseptar, sjukemelding osb. Utskrivingsskjema som gir deg informasjon om eventuelle medisinar, oppfølging heime og vidare avtaler med avdelinga. Dette skjemaet bør du ta med ved besøk hos fastlegen. 
    • Bruk anledninga til å spørje om ting du lurer på.

    Du kan gjerne ha med deg pårørande ved utskrivingssamtalen.