Celleforandringar i livmorhalsen
Har du har fått påvist celleforandringar i livmorhalsen, er det viktig å vite at celleforandringar ikkje er kreft, men kan hos nokon (10-15 %) utvikle seg til kreft dersom det ikkje blir behandla. Ein kan ikkje forutseie kva slags celleforandringar som utviklar seg til kreft. Dette er ein prosess som normalt tar lang tid. Alle med uttalte celleforandringar vil få tilbod om behandling.
HPV og celleforandringar
Infeksjon med Humant Papillomavirus (HPV) har vist seg å vere ein viktig faktor for utvikling av livmorhalskreft. Ein vedvarande infeksjon med HPV kan gi alvorlege celleforandringar i livmorhalsen, som ubehandla kan utvikle seg til kreft.
Det finst over 100 typar av HPV. Berre nokre få av desse gir auka risiko for kreft i livmorhalsen. Viruset smittar ved seksuell kontakt, og rundt 70 prosent av alle kvinner blir smitta i løpet av livet. I 90 prosent av tilfella klarer kroppen å kvitte seg med viruset av seg sjølv. Rundt 10 prosent av alle kvinner får celleforandringar som må behandlast, men berre ein prosent utviklar livmorhalskreft.
Det kan vere nok med ein seksualpartnar for å bli smitta med HPV. Ved mange partnarar, aukar risikoen. HPV kan også forårsake kjønnsvorter. Kvinner som har kjønnsvorter kan ha større risiko for å utvikle livmorhalskreft enn andre.
HPV-vaksine
HPV-vaksinen kan førebyggje celleforandringar på livmorhalsen. Den inngår i barnevaksinasjonsprogrammet, og er eit tilbod til alle jenter frå 12 års alder. Det finst mange ulike virus innan gruppa Humant Papilloma. HPV 16 og 18 veit vi per i dag kan utvikle seg til livmorhalskreft. Vaksinen gir vern mot desse virusa, og er derfor nyttig også for vaksne kvinner sjølv om dei kanskje allereie har vore smitta med andre typar HPV.
Les meir om HPV-vaksinen på helsenorge.no
Screeningprogrammet
Alle kvinner mellom 25 og 69 år i Noreg får tilbod om å delta i eit screeningprogram mot livmorhalskreft. Du får ei påminning frå Kreftforeningen kvart tredje år, om å gå til fastlegen eller privat gynekolog og ta ein celleprøve frå livmorhalsen. Om celleprøva viser celleforandringar, vil du bli kontakta av behandlar for vidare oppfølging og eventuelt tilvising til sjukehus.
Tilvising og vurdering
Det er fastlege eller gynekolog som tilviser deg til sjukehuset.
Utredning
Sjølv om du får påvist celleforandringar, er det ikkje sikkert du vil ha behov for behandling. Det som blir rekna som lette celleforandringar skal observerast jamnleg med nye celleprøvar, og forsvinn ofte av seg sjølv etter ei tid. Om celleforandringane utviklar seg til å bli det reknast for «uttalte celleforandringer», kan det bli aktuelt å ta ein biopsi (vevsprøve) av livmorhalsen for å vurdere om det er behov for behandling.
Kor lang tid tar normalt utgreiingsfasen?
Å få svar på ein rutine-celleprøve tar vanlegvis nokre veker. Utgreiingsfasen hos ein pasient som treng behandling varierer. Mange kan gå i fleire år med lette celleforandringar utan at det utviklar seg vidare og dei treng behandling. Om fastlegen eller din private gynekolog sender ein tilvising til sjukehuset, er dei plikta til å vurdere tilvisinga di innan 10 verkedagar. Ved mistanke om alvorleg sjukdom skal konklusjonen komme raskare.
Behandling
Dersom det er bestemt at du skal behandlast for celleforandringar, vil du bli innkalt til sjukehuset for behandling.
Kirurgisk behandling - Konisering
Behandlinga består av eit mindre inngrep kalt konisering av livmorhalsen, det vil seie av ein fjernar kirurgisk det området på livmorhalsen der celleforandringane sit. Inngrepet vil skje poliklinisk, og du reiser heim kort tid etter.
Konisering er ein effektiv behandling, og dei fleste vil ikkje trenge ytterlegare behandling.
Oppfølging
Inngrepet vil vanlegvis medføre noke bløding, og nokon kan oppleve menstruasjonsliknande smerter i etterkant. Paracet / Ibux hjelper ofte godt mot dette. Blødinga vil etter kvart gå over til brunleg utflod eller gulaktig sårvæske som kan vere litt illeluktande. Dette er heilt normalt.
- Etter 7 til 10 dagar kan blødinga frå sårflatane auke då ei sårskorpe fell av. Blødings - / sivingsperioden kan strekkje seg over 4 til 6 veker, dette er veldig individuelt.
- Vevsbiten som blir fjerna vil bli sendt til undersøking. Svaret vil vere klart etter cirka 4 vekers tid, og du vil få eit brev i posten med svar uansett kva resultatet er. Kopi av svaret vil også bli sendt til din fastlege / gynekolog.
- Unngå karbad, offentlege bad, samleie og bruk av tampong så lenge blødinga varer for å unngå infeksjon etter inngrepet.
- Hald deg i ro dei første 3 dagane etter inngrepet. Etter dette kan du gjenoppta aktivitet som normalt.
- Kontroll etter inngrepet er viktig. Når og kor kontrollen skal skje, blir avtalt med den legen som behandlar deg på sjukehuset.
Til deg som ikkje har vore gjennom behandling
Det er ikkje alle pasientar som treng behandling, og celleforandringane kan forsvinne av seg sjølv. Om du har celleforandringar som ikkje treng behandling, vil du få jamnlege innkallingar for å ta celleprøva, anten på sjukehus, hos fastlege eller gynekolog.
På denne måten kan du kjenne deg trygg på at celleforandringane er under kontroll og observasjon. Om dei skulle utvikle seg, vil det bli oppdaga på ein av dine kontroll-celleprøvar, og du vil få behandling raskt.
Ver merksam
Ta direkte kontakt med sjukehuset dersom du etter inngrepet får:
- Feber
- Aukande bløding eller kraftig bløding (meir enn ved vanleg menstruasjon)
- Aukande smerter
Kontakt
Glasblokkene
Gynekologisk avdeling
Ventetid: Ikke oppdatert
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Gynekologisk avdelingOppmøtestad
Glasblokkene, Blokk 6
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen