På sjukehuset går ein på ny gjennom sjukehistoria og ny kroppsundersøking, og tidlegare undersøkingar blir gjennomgått saman med pasienten. Manglande opplysningar blir innhenta og manglande undersøkingar blir bestilt. Nokon gonger vil undersøkingar planleggjast før ein oppsummerande samtale.
Ved diagnostisering av sjukdommen og for å følgje med om behandlinga har effekt, bruker ein fleire ulike testar. Det viktigaste verktøyet er endoskopiske undersøkingar. Dei fleste av pasientane med Crohns sjukdom (90 prosent) får påvist sjukdommen ved koloskopi.
For dei som har Crohns sjukdom i øvre deler av mage-tarmkanalen, er det nødvendig med ei eller fleire supplerande undersøkingar. Det blir brukt både MR og ultralyd, men også ulike andre endoskopiske undersøkingar.
Aktuelle undersøkingar
- Avføringsprøvar: Infeksjonar utelukkast og fekal-test kan gi mistanke om betennelse i tarmen.
- Koloskopi kan brukast for å undersøkje tykktarmen og siste del av tynntarmen.
- Gastroskopi brukast for å sjå etter sjukdom i matrøyr og magesekk.
- Ultralyd av magen kan brukast for å sjå på magesekk, tynntarm og tykktarm.
- MR tynntarm brukast for å sjå etter sjukdom i tynntarm.
- Kapselendoskopi brukast for å sjå etter sjukdom i tynntarm.
Les om
Ventetid
Ventetiden for utgreiing kan variere frå ei veke til nokre månader, og det kjem an på korleis symptoma er og kor alvorleg tilvisande lege vurderer tilstanden. I sjeldne tilfelle blir pasientane innlagt for utgreiing dersom allmenntilstanden er veldig dårleg.
Hos dei fleste av pasientane er sjukdommen lokalisert i tykktarm og/eller siste del av tynntarmen. Hos desse vil ein kunne stille diagnosen dersom ein ser sår og betennelse, men nokon gonger må vi vente på svar frå vevsprøvane som blir tatt under undersøkinga. Det tar vanlegvis nokon veker å få svaret på.
Hos pasientar med sjukdom i øvrige deler av mage-tarmkanalen eller lite funn, kan det vere vanskelegare å setje diagnosen då eit vanleg magesår eller magekatarr av og til kan likne på Crohns sjukdom. Vi brukar då gastroskopi, ultralyd tarm, MR tynntarm og kapselendoskopi for å finne diagnosen, men ofte må ein eller fleire av desse undersøkingane kombinerast før ein er sikker.
Etter at diagnosen er stilt vil behandlinga som oftast starte umiddelbart, men det er avhengig av kva medikament ein har bestemt å gi.