computertomografi abdomen/bekken
CT av bukhulen (abdomen)
CT er ei røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen.
Kvifor gjer vi undersøkinga?
- undersøke blødningar, aneurismer (utposninger på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskader
- oppdage svulstar og andre prosesser i heile kroppen
- vurdere om kreftbehandling verkar
- avklare infeksjonar og betennelsestilstandar
- vurdere organskadar etter skader (traumer)
- vurdere tilstandar i muskel og skjelett
- ta vevsprøve (biopsi)
Tilvising og vurdering
Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.
Før
Amming
Førebuing på sjukehuset
CT med intravenøs kontrastvæske
Under
Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut fra kva som skal undersøkast.
Som regel tar undersøkinga mellom 10 - 30 minutt. Sjølve bilettakinga tek berre nokre få minutt.
Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som forflyttar deg gjennom den korte opninga av CT-maskina. Når bileta blir tatt beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Ved nokre undersøkingar blir du bedt om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen. Undersøkinga er smertefri.
Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tatt. Dei kan sjå deg gjennom eit vindauge, og høyre deg gjennom ein mikrofon i maskina.
CT med intravenøs kontrastvæske
Etter
Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten blei sett inn. Vi tar ut venekanylen etter ventetida.
Resultat av undersøkinga
Bileta blir granska av ein røntgenlege (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.
Ver merksam
CT med kontrast
Kontakt
Glasblokkene
Radiologisk avdeling
Oppmøtestad
Radiologisk avdeling har seksjonar fleire stader på Haukelandsområdet, i Bergen helsehus, i leigde lokale ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, på Kysthospitalet i Hagevik og ved Voss sjukehus. Sjå den aktuelle seksjonen for meir informasjon.Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen