Kreft i eggstokker, eggleiare eller bukhinne
Eggstokkreft, eggleiar- og bukhinnekreft kan på mange måter sjåast på som same sjukdom, og derfor gjeld same informasjon for dei tre diagnosane. Eggleiarane ligg veldig nært eggstokkene og ein kreft som utvikler seg i eggleiaren kan lett spre seg derfra til eggstokken og/eller bukhinna.
Symptom
Eggstokk- eggleiar- og bukhinnekreft er ei kreftform som kan vere vanskeleg å oppdage ettersom symptoma kjem seint og er ukarakteristiske. Risikoen for å få sjukdommen stig inntil 60-års alderen. Unge kan også bli ramma. Dei vanlegaste behandlingsformene er operasjon og cellegift.
Tilvising og vurdering
Utredning
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, gir vi som oftast ei avklaring på om du har kreft eller ikkje, og stiller ei diagnose. Har du ikkje kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.
Pasientinformasjon - Utredning ved mistanke om eggstokkreft (helsedirektoratet.no).
Aktuelle undersøkingar
- CT av lunger, mage og bekken for å gi informasjon om spreiing av sjukdommen.
- Dersom det er mistanke om spreiing, tar vi ofte biopsi for å stadfeste spreiinga av sjukdommen.
- Det kan vere aktuelt å tappe væske frå buken eller lungesekken. Dette kan stadfeste celletype og bidra til stadiuminndeling av sjukdommen.
Les om
Det blir også gjort kartlegging av annan sjukdom som får innverknad når det gjeld gjennomføring av behandling. Det kan for eksempel vere undersøking av hjarte-/lungefunksjon.
For nokre kvinner vil undersøkingane avkrefte mistanke om kreft.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Behandling
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Operasjon
Cellegiftbehandling
Lindrande behandling
Kliniske studiar
2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Når du er ferdigbehandla for eggstokkreft, vil du bli innkalla til jamlege kontrollar:
Kontrollen hos legen går vanlegvis ut på:
Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom
Kontakt
Glasblokkene
Gynekologisk avdeling
Oppmøtestad
Glasblokkene, Blokk 6
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen