Behandling
Ganelukking
Barn med leppe-kjeve-ganespalte eller isolert ganespalte får gjennomført operasjonen ganelukking ved 12 månaders alder.
Denne operasjonen er ein del av behandlingsforløpet for barn med gjennomgåande leppe-kjeve-ganespalte og for barn med isolert ganespalte.
Før
Det blir samtale med både sjukepleiar, turnuslege, plastikkirurg og anestesilege dagen før operasjonen. Anestesilegen vurderer om barnet har behov for roande medisin i forkant av operasjonen. Dette blir vurdert saman med foreldra dagen før operasjonen.
For barn som skal få utført ganelukking, vil det også bli tilsyn av øyre-nase-hals lege, for å vurdere om det er behov for å legge inn dren i øyra.
Førebuingar før operasjon i narkose
Kvelden før operasjonen skal barnet dusje
Faste startar som avtalt med avdelinga og operasjonen blir utført i generell anestesi
EMLA-krem blir lagd på hendene ein time før oppmøte på operasjonsdagen.
Foreldre og føresette
Begge foreldra får følge barnet til operasjonsavdelinga, men berre ein forelder får følge barnet til det er lagt i narkose. Når operasjonen er ferdig vil du/dokker som forelder bli kontakta slik at dokker kan komme til barnet på oppvakningsavdelinga. Ein forelder blir verande på oppvakningsavdelinga i eitt døgn saman med barnet. Barnet blir overflytta til sengepost dagen etter operasjonen.
Under
Operasjonen blir gjennomført ved at muskulaturen i ganen blir løyst ut og blir mobilisert inn mot midtlinja, slik at ein får ein gane med godt løft. Dette er heilt essensielt for å kunne få ein god og tydeleg tale. Barnet er inneliggjande frå 3 – 5 dagar.
Etter
Mat og drikke
-
Mat og drikke skal vera avkjølt/kald (under 37 grader)
-
På operasjonsdagen skal barnet berre få flytande mat for å avlaste såret i munnen. som : vatn, saft, yoghurt, is, smoothie.
-
Første og andre dag etter operasjonen kan barnet også ete mosa mat som graut, gelé, potetstappe med saus, og mosa banan.
-
Tredje dag etter operasjonen kan barnet ete mjuk mat som skive utan skorper, ect.
-
Når det har gått 2 veker etter operasjonen, kan barnet ete vanleg mat.
Barnet skal ikkje bruke smukk/tutt, tåteflaske eller sugerøyr i 2 veker etter operasjonen (tutekopp som ikkje dannar vakuum går fint).
Smerter
Så lenge barnet er innlagt på sjukehuset vil det få smertestillande gitt etter alder og smertenivå. Ved smertar/ubehag etter utskriving frå sjukehuset, blir det tilrådd Paracetamol og evt. Nurofen.
Operasjonsområdet
Barnet skal ikkje berøre operasjonsområdet i ganen. Fingrar og leikar skal ikkje inn i munnen.
Dersom det er behov, kan sengepostpersonalet laga mansjettar som kan plasserast på armane, for å unngå at barnet tek fingrane inn i munnen.
Stinga i ganen løyser opp av seg sjølv. Det kan komma eit gulhvitt belegg i ganen. Det er normalt og skal ikkje behandlast. Det er forventa at det forsvinn løpet av 4 veker.
Aktivitet
Vi tilrår at barnet blir heime frå barnehagen i 2 veker etter operasjonen. Pleiepengar for denne perioden blir søkte av utskrivande lege når dokker reiser heim.
Munnhygiene
Barnet bør vente med å pusse tennene til det er gått 2-3 veker. Det er viktig at foreldra utfører pussinga med varsemd, slik at tannkosten ikkje kjem i kontakt med operasjonsområdet i ganen.
Søvn
Det er vanleg at barnet søv uroleg på natta dei første to vekene etter operasjonen.
Videre oppfølging
-
Logoped vil kontakte foreldre via telefon i etterkant av ganelukking. De blir vidare innkalla til Statped når barnet er 2 år gammalt.
-
Det blir vanlegvis ikkje avtalt kontroll hos plastikkirurgen ved utreise. Dersom barnet fekk innlagt ventilasjonsdren i øyret(eine) i samband med operasjonen, skal informasjon frå ØNH-lege følgjast.
Ver merksam
Dersom barnet får feber og redusert allmennstand etter heimkomst, ta kontakt med avdelinga.