Behandling
Hjerteoperasjon, bypass
Bypassoperasjon for angina pectoris (hjartekrampe) inneber at det blir sett inn nye årer forbi tronge eller tette parti i kransårene på hjartet. Blodårene blir tatt frå leggen din, og vanlegvis blir det også tatt ei blodåre frå innsida av brystkassa. Hensikta med operasjonen er å betre blodtilførselen til hjartemuskelen. Operasjonen kan lindre hjartekrampene, hindre hjarteinfarkt og betre leveutsiktene.
Å bli hjarteoperert reduserer ikkje tendensen til at kransårene på hjartet blir tilstoppa. Det er derfor viktig at du har ein sunn livsstil etter operasjonen. Vi vil råde alle som er hjarteoperert til å:
- slutte å røyke
- vere fysisk aktiv
- følgje anbefalingar om sunt kosthald
- ta dei medisinane som er anbefalt av legen: Spesielt blodtynnande (f.eks Albyl-E®) og kolesterolsenkande medisinar
Før
Viktige førebuingar før operasjonen
Dagen du blir innlagt
- Møt først opp på Poliklinikk for prøvetaking, 2. etasje i Sentralblokka. Her får du ta blodprøvar. Etterpå går du til Hjarteavdelinga sengepost 4 i Sentralblokka, 6. etasje. Vi organiserer vidare undersøkingar du skal gjennom som røntgen og ekg. Nokon må også ta utvida lungeprøver (spirometri) og undersøking av blodårene på halsen (doppler hals kar).
- Du får også samtale med ulike fagpersonar i løpet av denne dagen. Kirurg, anestesilege, sjukepleiar/hjelpepleiar og fysioterapeut snakkar med deg om førebuingar og fortel meir om sjølve operasjonen du skal gjennom og tida etterpå.
- Du kan rekne med ein del ventetid den dagen du blir lagt inn. Ta gjerne med lesestoff, handarbeid eller datamaskin. Det er gratis trådlaust internett på sjukehuset. Operasjonen vil vanlegvis gjerast dagen etter innlegging. Dersom du blir lagt inn på ein fredag, er planen at du blir operert måndag eller fyrste virkedag etter helg. Du må då overnatte heime eller evt. på sjukehotellet.
- Vær merksam på at operasjonen kan bli utsett ved redusert kapasitet eller grunna medisinske forhold (som øyeblikkelig hjelp).
Kvelden før operasjonen
- Det er nødvendig å fjerne hår på bryst, mage, beina og lyskane. Dette blir gjort av personalet. På grunn av infeksjonsfare og behandlingsutstyr, må skjegg trimmas godt før operasjonen (dette kan ein gjere på eiga hand).
- Du skal dusje og vaske håret like før du legger deg. Etter dusjen blir du vaska med spesialklutar.Alle ringar, smykkar, øredobbar og piercing må av.
- Neglelakk på fingrar og tær må fjernas.
- Ein må faste frå kl. 24.00, det vil si du skal ikkjeete, drikke, røyke, bruke snus, suge på tablettar eller tygge tyggis.
Om morgonen operasjonsdagen
- Det vil bli tatt fastande vekt, blodtrykk, puls, oksygenopptak i blodet og temperatur om morgonen operasjonsdagen.
- Du vil bli vaska med spesialklutar og få reint sengetøy.
- Like før operasjonen får en avslappende medisin (premedikasjon). Eventuelle tannproteser tas ut like før du blir kjørt inn på operasjonsstua.
- Sjukepleiar køyrer deg til operasjonsavdelinga. Her blir du tatt imot av ein anestesisjukepleiar, og kort tid etter får du narkose.
Under
På operasjonsavdelinga:
Etter
Ver merksam
Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:
- Tung pust
- Bløding i såret
- Væske fra såret
- Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
- Aukande hevelse i eit eller begge bein
- Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
- Svimmelheit eller svime
- Feber
Blir du akutt sjuk, ring 113.
Kontakt
Sentralblokka
Hjarteavdelinga post 4
Oppmøtestad
Pasientane som skal opererast møter på Hjertepost 4, i Sentralblokka, 6. etasje på Haukeland universitetssykehus. Telefonnummer 55 97 36 30 / - 32
Pasientar som venter på operasjon/innlegging kan kontakte innleggingskontoret hvis ein har spørsmål vedrørande innlegginga. Telefon 55 97 21 90, telefontid 09.00 - 11.00 og 12.30 – 14.00
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen