Om du blir vist til ortopedisk avdeling for vurdering av behandling mot artrose tar du imot innkalling til ortopedisk poliklinikk. Der vil ortopeden undersøke hofta di, snakke med deg om symptoma dine og sjå på røntgenbilda dine. På grunnlag av dette kan det vurderast om framleis ikkje-kirurgisk behandling skal prøvast i ditt tilfelle, eller om operasjon er nødvendig.
Hofteartrose (coxartrose) – ikkje-kirurgisk behandling
Artrose i hofta er ein vanleg tilstand og forårsakar smerter og stivleik i hofta. Det finst fleire moglegheiter for behandling, men i første omgang er det ikkje-kirurgiske tiltak som er aktuelle.
Ved artrose i hofte opplever mange god effekt av ikkje-kirurgiske tiltak. Det er viktig at ein prøver desse før ein eventuelt vurderer operasjon. Dette blir anbefalt både på grunn av risiko for komplikasjonar ved kirurgi og fordi informasjon, trening og vektreduksjon har god effekt på symptoma hos mange. Forsking viser også at ein del av pasientar som blir opererte for tidleg med for lite artrose ikkje blir fornøgde med operasjonen.
Ikkje-kirurgiske tiltak inkluderer:
Trening
Dette kan opplevast som vanskeleg på grunn av smertene i leddet, men vanlegvis kan ein klare nokon formar for trening som f.eks. sykling og lett styrketrening. Det er viktig å starte forsiktig og auke belastninga gradvis, gjerne med rettleiing av ein fysioterapeut med spesialkompetanse på artrose. Aktiva – Aktiv med Artrose er eit program som fleire fysioterapeutar er kjente med.
Medikament
I samråd med fastlege kan det prøvast medikament som er både smertestillande og inflammasjonsdempande (f.eks. Ibux eller Naproxen). Denne typen medikament er det likevel ikkje alle som toler, da kan det vere aktuelt med smertestillande som f.eks. Paracet. Det er ein risiko med biverknader ved inntak av medisinar. Fastlege skal initiere bruk av medikament. Inflammasjonsdempande salver (f.eks. Voltarol) kan prøvast.
Hjelpemiddel
Stavar, krykker og stokk kan lindre smerte.
Om du har prøvd desse tiltaka og dei ikkje hjelper tilstrekkeleg, kan ein vurdere operasjon. Desse alternativa er uansett nyttige for enten å utsette ein operasjon og/eller styrke hofta før ein operasjon.
Tilvising og vurdering
Fastlege bør sjølv anbefale og starte opp med ikkje-kirurgisk behandling av hofteartrose.
Før tilvising til ortoped for vurdering av kirurgisk behandling må pasienten ha gått gjennom ein periode med ikkje-operativ behandling med fysioterapi, trening og smertestillande medikament. Ved manglande effekt av desse tiltaka kan fastlege bestille røntgenbilde og deretter tilvise til ortopedisk avdeling for vurdering. Etter at tilvisinga er mottatt vil du bli kalla inn til time i poliklinikken.