Stort sett vil eit røntgenbilete være nok til å stille diagnosen hoftebrot. Nokre gonger må ein supplere med andre undersøkingar som MR eller CT for å være heilt sikker.
Ved eining for hoftebrot er det lege, sjukepleiar, hjelpepleiar og fysioterapeut som vil ta del i behandling, pleie og opptreninga med deg. Legen som opererer deg er ortopedisk kirurg med spesialkompetanse på hoftebrot. Vi ønskjer at du som pasient og dine pårørande skal vere godt informert og ha medverknad i behandlinga.
Når du kjem til sengeposten blir du tatt imot av sjukepleiar og lege. Sjukepleiaren vil måle blodtrykk og ta eit hjartediagram (EKG). Det vil bli tatt nødvendige blodprøvar. Deretter vil vakthavande lege undersøkje deg. Ein anestesilege vil vanlegvis legge ein såkalla nerveblokade i hofta di så raskt som mogleg for å dempe smertene. Nerveblokaden blir sett ved eit nålestikk framme på låret, og gjer vanlegvis ikkje vondt. Du vil få eit omtrentleg tidspunkt for operasjon.