Hofteleddsartrose (Coxartrose)
Artrose i hofta er ein vanleg tilstand og forårsakar smerter og stivleik i hofta. Det finst fleire moglegheiter for behandling, både med og utan kirurgi.
Symptom
Hofta er eit av dei ledda i kroppen som hyppigast er utsett for artrose. Hofteleddet består av hofteskåla og hoftekula til lårbeinet. Både hofteskåla og hoftekula er "kledd" med glatt brusk som sikrar at rørsler skjer med minst mogleg motstand. Ved artrose er brusken og kanskje også beinet skadd. Dette kan medføre smerter, særleg ved belasting, men hos somme også i kvile og om natta. I tillegg finst stivleik, redusert rørsle og oppleving av at beinet sviktar.
Les meir om behandlingsval ved hofteartrose (helsenorge.no)
Tilvising og vurdering
Før tilvising må det takast eit røntgenbilete. Fastlegen bestiller dette og tilviser deretter til ortopedisk avdeling for vurdering. Etter at tilvisinga er motteken, vil du bli kalla inn til time i poliklinikken.
Smerteanamnese. Funksjonsnivå. Vanleg røntgen bekken og aktuell hofte. Det er i dei aller fleste tilfella ikkje nødvendig med MR.
Pasientane skal ha prøvd konservativ behandling med fysioterapirettleidd styrkjetrening og smertestillande medikament (NSAIDs/Cox-2 hemmar/paracetamol), og effekten av denne behandlinga må beskrivast.
Utgreiing
På den polikliniske timen vil ein ortoped gjere ei vurdering av hofta di på bakgrunn av røntgenbilete, undersøking og samtale. Avhengig av resultata frå dette vil du få informasjon om dei vidare behandlingsmoglegheitene. Alle skal prøve behandling utan kirurgi før ein vurderer kirurgisk behandling.
På den polikliniske timen vil ein ortoped gjere ei vurdering av hofta di på bakgrunn av røntgenbilete, undersøking og samtale. Avhengig av resultata frå dette vil du få informasjon om dei vidare behandlingsmoglegheitene. Alle skal prøve behandling utan kirurgi før ein vurderer kirurgisk behandling.
Oppfølging
Ved ikkje-kirurgisk behandling blir du følgd opp av fastlegen og fysioterapeuten. Det er mange som opplever god framgang med denne forma for behandling, og kanskje slepper ein kontakt med sjukehuset.
Dersom ein planleggjar operasjon med hofteprotese vil det setjast av ein operasjonsdag fram i tid. Du vil få innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt. Les meir under punktet «Hofteartrose (coxartrose) – behandling med protese» over.
Ved ikkje-kirurgisk behandling blir du følgd opp av fastlegen og fysioterapeuten. Det er mange som opplever god framgang med denne forma for behandling, og kanskje slepper ein kontakt med sjukehuset.
Dersom ein planleggjar operasjon med hofteprotese vil det setjast av ein operasjonsdag fram i tid. Du vil få innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt. Les meir under punktet «Hofteartrose (coxartrose) – behandling med protese» over.
Kontakt
-
Kontakt Kysthospitalet i Hagevik
Kysthospitalet i Hagevik
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik
Transport
Om du kjem med bil frå Bergen:
- Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til avkøyrsel 64.
- Ta andre avkøyrsel i rundkøyringa og følg vegen i ca 4 km til du ser sjukehusskiltet.
Om du kjem med bil frå Halhjem:
- Følg E39 mot Bergen.
- Ta avkøyrsel 64, ta andre avkøyrsel i første rundkøyringa og første avkøyrsel i neste rundkøyring - og følg vegen ca. 4 km til du ser sjukehusskiltet.
Buss frå Bergen:
- Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik.
Buss frå Bergen lufthavn Flesland:- Bybanen til Lagunen terminal og deretter bussrute 600 til Tøsdalsskiftet, og så rute 602/607 til Hagavik.
Buss frå Halhjem:
- Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.
Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.
Praktisk informasjon
Dessverre er nokre pasientar allergiske. Vi ønsker derfor å begrensa mengden avskårne blomster. Potteplantar er ikkje tillatt.
Vi gjer merksam på at all skriftleg kommunikasjon som inneheld helseopplysningar eller anna personsensitiv informasjon skal sendast som eDialog.
Les meir om eDialog og korleis du går fram for å sende sikker melding
Kantine finst i 1. etasje. Den er open kl. 10‐15 alle kvardagar.
Det er ikkje minibank på sjukehuset, men du kan betala med bankkort. I kantina kan du òg betale med Vipps.
Mobiltelefon er tillat på heile sjukehuset, men vi ønsker at den står på lydlaus når du er på Oppvakningsavdelinga.
Det er gratis parkering på området til Kysthospitalet i Hagevik.
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
- Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
- Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
- Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.Det er safe i skap på pasientromma. Sjukehuset har ikkje ansvar for eventuelt tap av verdisaker.På Kysthospitalet har vi følgande visittider:
Måndag-fredag: kl. 18.00-20.00
Laurdag-søndag: kl. 14.00-16.00 og kl. 18.00-20.00 - Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til avkøyrsel 64.
-
Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Transport
Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider- Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
- Line 12 har avgang frå Bystasjonen
- Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:- Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
- Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
- Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
- Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise
Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di
Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser
Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen Praktisk informasjon
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.noFor meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla.
Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir.Meir informasjon på helse-bergen.no/frivilligKontaktinformasjon:- E-post: frivillig@helse-bergen.no
- Mobiltelefon: 902 67 193
Her finn du utreiseinformasjon frå Ortoperdisk avdeling:
Information to orthopedic patients at discharge from hospital
Telefon resepsjon: 55 97 50 00
I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.
Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta
Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.
Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma er alltid ope, og er opne for alle.
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
- Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
- Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
- Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
-
Kontakt Voss sjukehus
Oppmøtestad
Voss sjukehus ligg i Sjukehusvegen.
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Transport
Reisetid til Voss frå:
- Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
- Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
- Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
- Oslo med bil, ca 6t 30min
Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:
Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen.
Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.
Prisar
Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg.
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .
Voss Taxi
Telefon 56 51 13 40Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen.
Reisetid til Voss frå:
- Bergen med tog, ca 1t og 20 min
- Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.
Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider
Praktisk informasjon
Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:
- Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
- Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
- Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.
Generell besøkstid
15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00
Intensivavdeling
Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk
Føde-/barselavdelinga
Gje mor, partnar og dei nyfødde borna roDei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.
Blodprøvetaking - Laboratoriet ved Voss sjukehus
Oppmøtestad: 3. etasje i bygg 2.
Opningstid: Måndag-fredag, kl. 08.00-14.30
Telefon: 56 53 37 00
Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vere til nytte.
- Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket.
- Ta også med ei liste over all medisinen du brukar, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.
- Morgonkåpe eller romsleg treningsbukse med strikk i livet som kan regulerast.
- Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.
- Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.
- Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.
- Ikkje ta med pengar og verdisaker. Kort kan nyttast i kantina og i automat for litt snacks, småmat og toalettartiklar.
- På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet
Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.
Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.
Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
- Lege og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus
- Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
- Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
- Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
- Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
- Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
- Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
- Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.
Kantina ligg i 1. etasje mot vest.
Her får du kjøpt nybakte rundstykker, eit rikeleg assortert utvalg av pålegg, små varmrettar og suppe.
I vekedagane finn du også ein fristande salatbar og den alltid så populære Sjukehuskringla vår (same oppskrifta i over 50 år).
I resepsjonen ved hovedinngangen, 1. høgda, er det automatar med kald drikke, kaffi, eit lite utval snacks og toalettartiklar.
Betaling med kort, vipps eller kontant.
Voss sjukehus er lokalsjukehus med akuttfunksjon for kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord, Voss, Vaksdal. Vi skal primært sikre innbyggjarane i lokalsjukehusområdet rask tilgang til undersøking, behandling og pleie. Det skal ha høg standard og vere ein stad der pasientar kjenner omsorg, varme og tryggleik.
Vi skal syte for å fylgje med i den medisinske utviklinga og samarbeide med andre sjukehus og primærhelesetenesta til beste for innbyggjarane.Dagpasient
Her møter du på 5-døgnsposten. i 4. et. hovedinngang. Du vil omgåande bli klargjort til operasjon. Etter operasjonen blir du overvåka på 5-døgnsposten.
Når du er vaken og klar, vil du bli tilbydt mat og drikke, og kan reise heim.
Heildøgnspasient
Skal du innleggjast på sjukehuset, møter du i mottaksavdelinga, inngang via Somatisk poliklinikk/Legevakt på oppsida av sjukehuset.
På innleggingsdagen blir det teke opp journal, teke blodprøvar, evt. diverse undersøkjingar.
Du vil få informasjon av både sjukepleiar og lege om kva som skal skje vidare med deg under opphaldet samt avdelinga sine rutinar.Du kan ringe avdelinga om du vil snakke medpasienten. Om du har mobiltelefon, kan du bruke denne. Vis omsyn til medpasientar ved all telefonbruk.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
- Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
- Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
- Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.