Diagnose

Kjeveanomali

Ortognatisk kirurgi er ei behandlingsform som brukast for å endre kjevane sin vinkling og/eller plassering, for eksempel ved over- eller underbit der tannregulering aleine ikkje vil gje optimalt resultat. Forflytting eller endring av kjevane sin posisjon vil kunne gje betre bite- og tyggefunksjon, men vil også kunne påverke utsjående og luftvegar. Tannregulering er som regel nødvendig både før og etter operasjonen.

Ulike former for avvik i bit er svært vanleg, og bortimot ein tredjedel av alle barn i Noreg blir behandla med tannregulering grunna avvik i tannstillinga.

Nokre avvik skyldast ikkje bare tannstillinga: Kjevane kan ha ulik størrelse, og relasjonane til andre deler av ansiktet kan være ugunstige. Dette vil kunne gje nedsatt bite- og tyggefunksjon, og hos nokre kan det være skjemmande reint utsjåendemessig. Slike feil i kjevestilling er ofte arvelege, men kan også skyldast forstyrringar i vekst etter skade, ved barneleddgikt eller ved leppe-kjeve-ganespalte. Slike feil i kjevestilling kan vera vanskelege å behandle optimalt med regulering aleine, og ein operasjon på kjevane kan da være aktuelt.

Behandlinga er alltid eit samarbeid mellom reguleringstannlege (kjeveortoped) og kjevekirurg (oralkirurg eller maxillofacialkirurg) på sjukehus. For at kjevane skal passe saman etter operasjonen blir tennene regulert på førehand, men det er ofte behov for litt korrigeringar også etter operasjona. Tannreguleringa skjer utanfor sjukehus, men du blir innlagt i forbindelse med operasjonen.

Tilvising og vurdering

Tilvisninga kjem som regel fra eigen reguleringstannlege (kjeveortoped) eller i noken tilfelle frå allmennpraktiserande tannlege eller lege. Dei ulike helseforetakane organiserer utgreinga litt ulikt, og ventetidene for utgreiing er varierande.

I følge prioriteringsveiledaren for spesialisthelsetjenesta skal behandling normalt vera starta innan eit år. 

Sjukehistorie og anamnestiske opplysningar, samt pasienten sine spesifikke plagar og motivasjon for behandling er ønskeleg.

Dersom tilvising ikkje kommer frå kjeveortoped bør namn på samarbeidande navkjeveortoped leggajst ved.

Utredning

Du vil bli undersøkt av både koordinerande kjeveortoped og kirurg ved sjukehuset, men ikkje nødvendigvis samtidig eller ved same konsultasjon. Det blir tatt røntgenbilete og foto, og avtrykk av tenner og kjever. Dette blir analysert og sett saman med med kliniske funn og opplysningar. Din faste kjeveortoped vil få informasjon og vil starte behandlinga med tannregulering.

Frå undersøking til avgjerd om behandling tar det normalt 1-3 månader. Da kan eigen kjeveortoped begynne med tannregulering, som gjerne tar eit års tid før operasjon kan utførast.

I Bergen koordineres all behandling hos egen kjeveortoped (koordinerende kjeveortoped) ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Alle pasienter blir undersøkt der først, med unntak av leppe-kjeve-ganespaltepasienter der koordinerende kjeveortoped tilhører Den offentlige tannhelsetjenestens kompetansesenter Vest.

Pasienter med lang reisevei undersøkes samme dag ved Kjevekirurgisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Lokale pasienter får gjerne time på sykehuset senere, når røntgen og foto er ferdig analysert. Når alle undersøkelser er ferdige har vi et møte der vi foreslår en behandlingsplan som sendes til lokal kjeveortoped som starter forberedende tannregulering.


Når tida for planlagt operasjon nærmar seg, får du innkalling til ein poliklinisk undersøking. Det blir da tatt nye røntgenbilde og blodprøvar. Du får samtale med kirurg, sjukepleiar og ved behov anestesilege. Du blir innlagd på sjukehuset sjølve operasjonsdagen. Operasjonen blir utført i generell anestesi (narkose).

Behandling

Under opersjonen vil vi løsne og flytte kjevane eller delar av kjevane. Man kan operere over- eller underkjeve eller begge kjevar samtidig, avhengig av kva man ønsker å korrigere. Når den planlagde forflyttinga er gjort blir som regel kjevane festa med små plater og skruar. Disse vil man normalt verken kunne sjå eller kjenne etter operasjonen. I nokre tilfellar velger man å låse kjevane mens kjeven gror, og sikrar på den måten at posisjonen blir korrekt. Ved nokre operasjonar legg man små snitt i hunden i ansiktet for å komme til, men for det meste opererar man frå innsida av munnen.

Du vil normalt vera innlagt på sjukehuset i 1-3 døgn etter operasjonen, avhengig av kva type operasjon som er utført og korleis forløpet har vore.

Sjølve operasjonen tar normalt mellom ein og tre timar. Ved store inngrep og vanskelege forhold kan det gå lengre tid, og motsatt ved mindre operasjonar. I tillegg går det tid i forbindelse med narkose, oppdekking, vekking osv.

Oppfølging

Etter operasjonen vil du vera hoven og ha nokre smerter. Dette er som regel ganske raskt forbigåande, men avheng av kor omfattande operasjonen har vore. Du vil sannsynlegvis ha behov for smertestillande tablettar etter utskriving frå sjukehus.

Det er viktig at du ikkje belastar kjeven, og holdar deg til myk mat i den nærmeste tida etter operasjonen.

Pasientar som får kjevelås må alltid ha ei saks tilgjengeleg for å kunne klippe opp låsen i nødsfall. Denne får du saman med nødvendig informasjon på sjukehuset.

Operasjonar i overkjeven kan gje kraftige neseblødingar rett etter operasjonen. Dette er ubehageleg, men sjelden noke stort problem. For bestemte typar underkjeveoperasjonar kan det vera risiko for nedsett følelse i leppa etter operasjon.

Etter utskriving går du til kontrollar hos eigen kjeveortoped eller ved sjukehusavdelinga. Her passer man på at bitet er stabilt og undersøker for mogelege senkomplikasjonar som infeksjonar og løsing av kjevelås og/eller skruar. Som regel er det veldig få slike komplikasjonar etter ortognatisk kirurgi, men du bør ta kontakt med behandlar ved plutselege bittforandringar eller aukande smerte og hevelse etter utskriving.


 

Kontakt

Sentralblokka Kjevekirurgisk avdeling

Kontakt Kjevekirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Kjevekirurgisk poliklinikk:
Sentralblokka, 2. etasje nord - ventesone D7

Sengepost:
Sentralblokka, Kjevekirurgisk / Hode Hals Øye  - 5.etasje nord

Tannbehandling i narkose, barn og vaksne:
Glasblokkene, Blokk 6, U1 - ventesone B14

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.