Smerter og bedøving
Det blir ofte sett lokalbedøving i kneleddet mot slutten av operasjonen. Dette skal lindre på smertene i etterkant av operasjonen og bedøvinga kan vare i ca åtte timar. Etter operasjonen kan du oppleva at du ikkje har heilt kontroll over kneet. Derfor må du vere forsiktig når du skal opp og gå dei første gongene. Når bedøvinga begynner å gå ut er det normalt å kjenne prikking i kneet og etter kvart noko smerte. Du vil få smertestillande tablettar.
Bandasje
Etter operasjonen vil du ha mellom tre og fem små operasjonssår rundt kneet. Desse er bandasjerte.
Fysioterapi
Dei fleste pasientar kan reise heim same dag eller dagen etter operasjonen. Informasjon om oppfølging, kontrollar, eventuelt sjukmelding og aktivitetsnivå vil bli gitt av lege før utreise.
Ved utreise vil du trenge krykker. Dersom du allereie eig eit par krykker kan du ta desse med til sjukehuset for å sleppe å kjøpe nye.
Du vil få med deg tilvising til fysioterapeut ved utreise dersom det er behov for det.
Smerter og hevelse
Kneet vil normalt sett hovne noko opp og gjere vondt dei første dagane etter operasjonen. Dette kan lindrast med ro, smertestillande og kuldepakningar. Du vil få resept på smertestillande som du kan hente ut på apoteket før du reiser heim. Bruk desse etter avtale med legen.
Du skal bevega kneet så raskt som mogleg etter operasjonen, og du skal bruke krykker når du går. Du kan trakke på beinet, men dette avheng av kor mykje smerter du har og kor hovent kneet er. Når du sit i ro er det viktig å sitte med beinet høgt for å dempe hevelse og smertar. Du skal ikkje bruke pute under kneet, då kneet skal strekkast heilt ut.
Operasjonssår og bandasje
Såret kan du sjølv skifte på etter 2-3 dagar. Det er viktig å halde såret tørt under dusjing.
Stinga kan du få fjerna hos fastlegen din etter 14 dagar.
Ver merksam på at eit operasjonssår skal vere mest mogleg i ro, så det trengst ikkje sårskift kvar dag. Hugs alltid å ha reine hender når du skal skifte bandasje!
Infeksjon
Det er uvanleg at det blir betennelse i operasjonssåra. Du bør likevel vere på vakt dersom du får aukande smerter frå operasjonssåra eller stigande temperatur etter operasjonen.
Etter operasjonen kan ein få ein lett feberreaksjon med temperatur opp mot 38-38,5 grader. Etter to dagar er vanlegvis temperaturen normal igjen. Blir temperaturen høgare eller ikkje normaliserer seg kan du ta kontakt med fastlegen eller legevakta di.