Det er fleire faktorar som avgjer kor lang tid ein utgreiingsfase vil vare. Om du har store plager og blødingar, kan utgreiingsfasen bli kortare fordi du vil prioriterast framfor andre pasientar med mindre plager. Blir det nødvendig med fleire undersøkingar som eit ledd i utgreiinga di, vil dette gjere at utgreiingsfasen blir lengre. Til tider kan det vere mange pasientar som ventar på same behandling, dette kan også påverke ventetida.
Undersøkingar
Det er vanleg å få innkalling til ei undersøking på sjukehuset før eventuell behandling startar. Du vil bli undersøkt av ein lege som utfører ei gynekologisk undersøking og tar vaginal ultralyd. Andre tilleggsundersøkingar kan vere nødvendige for å bestemme kva slags behandling som vil vere best for deg.
Før du kjem til undersøking
- Tenk igjennom kva plager du har og korleis dei hemmar deg i kvardagen.
- Dersom du er plaga med vaginale blødingar er det fint om du kvar dag kan telje talet på bind du bruker og beskrive kor mykje du blør.
- Dersom du har smerter, er det nyttig for oss å vite om du tar smertestillande og eventuelt kor mykje.
- Ta gjerne med ei oversikt over dei faste medisinane dine og informer om eventuelle allergiar.