Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dagkirurgi øyre-nase-hals, barn

Vi opererer ei rekke tilstandar i øyre, nase og hals-området. Typiske dagkirurgiske inngrep er fjerning av mandlar, polyppar, øyredren eller andre øyreoperasjonar.

Førebuing til dagkirurgiske inngrep barn

Velkommen til Dagkirurgi for Barn og Unge. Vi opererer ei rekke tilstandar i øyre, nase og hals-området. Typisk er fjerning av mandlar, polyppar, øredren eller andre øreoperasjonar.

Under er ein bildeserie for eit vanleg dagkirurgisk inngrep for barn og unge.

Tilvisning

Du blir sett opp til operasjon etter ei vurdering ved poliklinikken vår, eller tilvist direkte frå privatpraktiserande ØNH-lege. 

Barnet må møte fastande

  • Klare væsker (vatn, saft, jus utan fruktkjøtt) kan drikkast inntil 1 time før operasjonen
  • Morsmjølk/morsmjølkerstatning kan givast inntil 4 timar før operasjonen.
  • All annan mat og kumjølk kan givast inntil 6 timar før operasjonen.
  • Barnet skal ikkje tygge tyggegummi eller ete drops dei siste 2 timane før operasjonen.

Barnet må vere friskt på operasjonsdagen

Dersom barnet har feber eller auka hoste dei siste 3 dagane før operasjonen, må de ta kontakt med oss for å avtale ny time.

Førebuingar heime

  • Dusj og vask håret på barnet kvelden før.
  • Ta med ei oversikt over eventuelle faste medisinar barnet bruker.
  • Barnet får vanlegvis ei lita nål (veneflon) i handa for å kunne få medisinar under operasjonen. For å gjere dette så skånsamt som mogleg, anbefaler vi at de kjøper bedøvingsplaster (Emla-plaster) utan resept på apoteket. Plasteret bør settast på handbaken cirka 2 timar før operasjonen.

Førebu dykk på venting

Vi kallar inn fleire pasientar tidleg på dagen for å sikre god ressursbruk av operasjonsstuene. Dette kan medføre ventetid før operasjonen startar. Vi anbefaler at de tar med noko å lese på eller andre rolege aktivitetar for barnet.

 

Før operasjon er det veldig viktig at du ikkje et noko. Det heiter å faste. Les innkallingsbrevet for detaljar.

En voksen og et barn foran en bygning
Framme på Haukeland går du til huset som heiter Glasblokkene.
Resepsjon Glasblokkene
Registrer deg på mobilen din eller på innsjekkingsautomaten ved resepsjonen.
Et barn som sitter i en rosa hengestol
Du skal møte i Kirurgisk mottak i blokk 6, U1 ventesone C14.
Et barn som krabber på en benk
Det kan ofte bli mykje venting når du skal til operasjon. Heldigvis har vi mange kjekke leikar på venterommet.
Et menneske som går nedover en korridor
Du får enten melding på telefonen når det er din tur, eller så blir  du henta av ein som jobbar hos oss.

UNDER

To mennesker i grønne sykehusuniformer
Du får snakke med lege og sjukepleiar  
To hender som holder et plaster

Kjøp bedøvingsplaster som du kan legge på begge hendene dine.Når du kjem får  du eit armband med namnet ditt på.

En voksen og et barn som går inn på et toalett

Du får byte til sjukehusklede. 

To voksne og et barn som går i en korridor

Foreldra dine/føresette følger deg inn på operasjonsstua.

En stol med en tv-skjerm

På operasjonsstua vel  du kva du vil sjå på TV.

En hånd som har en veneflon med et plaster på

Du får eit lite plastrøyr der bedøvingsplasteret har vore. Dette blir det gitt medisin i. Om du vil kan  du få bamseplaster på.

To barnehender

Du får ein dings på fingeren som måler pulsen...

Et barn som får en maske over nese og munn
...og ei maske som blåser luft til du sovnar.
Tre mennesker i sykehusklær i et operasjonsrom
Under operasjonen søv du og merkar ingenting. 
Et sykehusrom med en seng og en person som sitter i en stol
Etter operasjonen søv du ei stund. Når du vaknar er foreldra dine der.
Et barn som spiser en is
No kan du drikke saft, og om du vil kan du ete is.  

Etter operasjonen

Et perle armbånd på et papir

Nå er du ferdig hos oss. Godt jobba!
Hugs å ta med premien din!

Til foreldra:

  • Barnet blir verande hos oss i nokre timar etter operasjonen, vanlegvis 2-4 timar avhengig av inngrepet.
  • De vil få munnleg og skriftleg informasjon om korleis de skal ta vare på barnet etter operasjonen.
  • De vil få eit telefonnummer de kan ringe ved spørsmål eller problem etter operasjonen.
  • Barnet vil få resept på eventuelle nødvendige medisinar.
  • De vil få ein oppfølgingstime dersom det er behov for det.

Rettleiande fråvær etter operasjon:

  • Dren i øyra: Barnet kan gå i barnehage/skole dagen etter.
  • Fjerning av polyppar (adenotomi): Barnet kan gå i barnehage/skole etter 3 dagar inkludert operasjonsdagen.
  • Fjerning av delar av mandlane (tonsillotomi): Barnet må vere heime i 5-7 dagar.
  • Fjerning av mandlar (tonsillektomi): Barnet må vere heime i 7-14 dagar og skal unngå hard fysisk aktivitet i 3 veker.
  • Andre operasjonar: Viss barnet skal gå gjennom ein annan operasjon, må behov for fråvær avklarast individuelt.

Annan informasjon

Pleiepengar

Foreldre har ikkje rett til sjukmelding ved  barnssjukdom, men kan søke om pleiepengar frå NAV. Dersom det er medisinsk behov for at barnet har tilsyn av føresett etter operasjonen, vil  de få ei legeerklæring. Denne får dykk med dykk før heimreise frå sjukehuset, og den blir lagd ved søknaden om pleiepengar som blir sende til NAV.

Overnatting ved lang reiseveg

Dersom barnet skal fjerne mandlane (heilt eller delvis), og de har meir enn éin times reiseveg eller må ta ferje, anbefaler  vi at de blir i Bergen det første døgnet etter operasjonen. Overnatting kan  de gjerne ordne privat hos familie eller venner. Har de behov for innlegging eller overnatting på pasienthotell, ber  vi de ta kontakt med oss så tidleg som mogleg, slik at  vi kan hjelpe dykk med å bestille dette.

Transport til behandlingsstad

Som hovudregel må  de organisere reisa sjølv, og utgiftene blir dekte etter standard kilometersats viss reisa er lengre enn 10 km kvar veg og kryssar ei takstsone. Dersom det manglar kollektivtilbod eller de ikkje kan bruke eigen bil, kan  de ringe Pasientreiser på 05515 for råd om transport. Ved medisinsk behov for drosje må  dette avklarast med den som har tilvist barnet til sjukehuset.

Betaling

Barn under 16 år betaler   ikkje eigendel for polikliniske konsultasjonar. Dersom barnet får behandling som medfører utgifter til bandasjemateriell eller bedøvingsmiddel, kan  desse komme i tillegg . Dersom de ikkje møter til timen utan å gi beskjed minst 24 timar i førevegen , kan  det komme eit gebyr for ikkje-møtt time .

Helsetenester i utlandet

Dersom barnet har vore innlagt på sjukehus, fått helsehjelp eller tannbehandling utanfor Norden det siste året, må  de ta kontakt med fastlegen for å få utført prøver for å utelukke smitte med resistente bakteriar (MRSA). Dette gjeld også om nokon i husstanden tidlegare har fått påvist MRSA.

Kva gjer du om du ikkje kan møte til timen?

Dersom timen ikkje passar eller barnet blir sjukt, ta kontakt med oss så snart  som mogleg for å avtale ein ny time. Logg inn på www.helsenorge.no for å sende ei melding eller ring oss direkte dersom det er kort tid til timen.

Førebu barnet på sjukehusopphaldet

For å hjelpe barnet med å forstå kva som skal skje på operasjonsdagen, kan  de besøke MediPrep. Her finn  de filmar og informasjon som førebur barn på sjukehusopphaldet på ein trygg og pedagogisk måte.

Vi ser fram til å ta imot dykk!

Kontroll

Ved operasjon av polyppar og mandlar er det vanlegvis ikkje behov for kontrollar.
Øredren skal kontrollerast hos oss eller privatpraktiserande ØNH lege.
Ved andre operasjonar blir kontrollar avtalte individuelt.

Kontakt

Glasblokkene Øyre- nase -halsavdelinga, barn og unge

Kontakt Øyre- nase -halsavdelinga, barn og unge
Bygning med store glassflater

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.