Operasjon av ansiktsskadar
Dersom du har brot i ansiktet, og brotkantane står frå kvarandre, vil du som oftast bli operert for å få beinkantane så godt saman som mogleg, og for å halde dei i ro.
Tilvising og vurdering
Dersom fastlege eller legevaktlege finn grunn til å tru at du har fått eit ansiktsbrot, vil du bli vist vidare til undersøking hos øyre-nase-hals-lege eller kjeve- og ansiktskirurg.
Før
Om ikkje anna er avtalt, møter du fastande til operasjon.
Ha med liste over faste medisinar. Denne får du hos fastlegen din.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Ansiktsskadar blir som regel opererte medan du er i narkose. Operasjonen kan vare frå éin til fleire timar, alt etter omfanget av skaden.
Etter
Dei fleste har ikkje mykje vondt etter operasjonen. Du vil bli litt hoven i ansiktet, men dette går gradvis tilbake etter to til tre dagar.
Du må vere sjukmeld ein periode etter operasjonen. Kor lenge, avheng av omfanget av operasjonen og kva jobb du har.
Her er meir informasjon
Til deg som er operert i kjeven
Til deg som blir behandla med samanlåste kjevar
Ver merksam
Vanlegaste komplikasjonar er som ved annan kirurgi, bløding og infeksjon. Det er heldigvis sjeldan med komplikasjonar. Av og til kan nokre nervar komme i klem og medføre nedsett kjensle eller muskelrørsle ein periode. Det er sjeldan at slike skadar blir permanente.