Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Psykiske lidingar hos vaksne - pakkeforløp
Nasjonale pasienttforløp for psykiske lidingar hos vaksne skal bidra til at du får tilpassa og heilskapleg hjelp utan at du må vente unødvendig. Vi legg til rette for at du skal få vere med å bestemme i behandlinga, og at behandlinga skal vurderast undervegs.
Viss du har eitt eller flere teikn på moderate til alvorlege psykiske lidingar, kan du bli tilvist til pakkeforløp for psykiske lidingar hos vaksne. Pakkeforløpet startar når du blir tilvist.
For å sikre at du får god oppfølging og for å unngå unødvendig venting har vi ein ressurs som blir kalla forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren er ein kontaktperson for deg og dine pårørende som kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i forløpet. Du vil få beskjed om kven som er koordinatoren din.
Slik ser hovudpunkta i eit pasientforløp ut:
Tilvising > Vurdering av rett til helsehjelp > Første samtale > Utgreiing > Behandling > Evaluering > Avslutning > Vidare oppfølging i kommunen
Tilvising og vurdering
Du kan bli tilvist til pakkeforløpet når du har eitt eller fleire teikn på alvorleg psykisk liding. Ved behov for akutt hjelp skal du tilvisast direkte til akuttilbod i psykisk helsevern.
Tilviser vurderer om du skal tilvisast eit pakkeforløp for utgreiing eller eit pakkeforløp for ein spesiell tilstand. Ved mistanke om psykose skal du tilvisast til pakkeforløp for psykoselidingar. Ved mistanke om tvangsliding (OCD), kan du tilvisast til pakkeforløp for tvangsliding (OCD).
I kartlegginga må den som tilviser deg til oss, så langt som mogleg, sørge for at du og dine pårørande er delaktige i beslutninga, for å sikre god dialog og informasjonsutveksling.
Når du er tilvist til spesialisthelsetenesta vurderer vi om du har rett til helsehjelp. Vurderinga blir gjort ut i frå informasjonen i tilvisinga, og i tråd med prioriteringsføreskrifta og prioriteringsrettleiarane. Sjå Aktuell informasjon om lov og forskrift for prioriteringsveilederne.
Dersom vi vurderer at din tilstand ikkje gir rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, avsluttar vi pakkeforløpet og gir melding om dette til den som har tilvist deg.
Tilvisande instans bør gjennomføre ei kartlegging som inkluderer punkta i sjekklista nedanfor før dei sender tilvisinga. Pasienten bør få kopi av tilvisnga.
Aktuell problemstilling
Pasienten si oppleving av eigen situasjon og ønske om hjelp
Moglege utløysande årsaker til problema, som for eksempel belastande livshendingar
Tidlegare behandlingserfaring og effekt av dette
Symptomutvikling og funksjonsnivå
Iverksett behandling og effekt av denne
Pasienten sine ressursar
Rusmiddelbruk
Psykiatrisk status inkludert risikofaktorar for sjølvskading/sjølvmord
Somatisk status
Tilleggsundersøkingar med eventuelle funn
Familie/sosialt
Familiesituasjon
Barn som pårørande eller mindreårige søsken
Arbeid/skule
Tolkebehov og kva språk det gjeld
Tidlegare sjukdommar
Tidlegare psykiske problem eller lidingar
Tidlegare og noverande somatiske sjukdommar av betyding
Forventa utgreiing/behandling
Begrunning for tilvisinga og forventa nytte av utgreiing/behandling
Relatert helsepersonell
Noverande tilbod frå andre behandlingsstader
Legemiddel
Legemiddel i bruk (LIB), og relevante tidlegare legemiddelbruk
Kritisk informasjon som allergi og eventuell smitterisiko
Utgreiing
Hensikta med den første samtalen er å etablere ei trygg ramme og å ta opp aktuelle problem. Din behandlar ønskjer å finne ut korleis du har det, kva du har behov for av hjelp og eventuelt kva hjelp du ønskjer. All informasjon skal vere forståeleg, og du og din behandlar finn ut om det er behov for vidare kartlegging og behandling.
Du og behandlaren din blir einige om ein kartleggingsplan. Vanlegvis vil kartlegginga innebere samtalar, strukturerte intervju og spørreskjema. Hensikta er å saman avklare kva som er hovudutfordringane dine, kva behov du har for eventuell vidare oppfølging, og å utarbeide ein plan for vidare behandling. Ein slik plan kallar vi ein behandlingsplan. Du får ein kopi av behandlingsplanen din.
Behandling
Når du startar behandlinga er det viktig at du og behandlaren din blir einige om behandlingsmål og framgangsmåte. Du får informasjon om behandlingsalternativa vi kan tilby. Du og din behandler skal drøfte varigheita på behandlinga, og kva du og din behandlar skal gjere for å nå måla.
Behandlinga varierer ut frå tilstanden din og alvorlegheitsgrada av problema. Vi tilpasser behandlinga til dine ønske og behov. Du må vere aktiv i di eiga behandling. Psykisk helsehjelp skal vere i tråd med anbefalt god praksis.
Du får eit spørreskjema for å kunne gi tilbakemelding på korleis du opplev behandlingseffekten, og relasjonen til behandlaren din. Dykk vil saman vurdere effekt av behandlinga fortløpande, og tilbakemeldingane dine er viktige.
Dersom du også har oppfølging i kommunen eller NAV, kan dette også verte en del av behandlingsplanen din. Din behandlar i spesialisthelsetenesta vil da samarbeide med dei kommunale tenestene, og det vil vere oppfølgingsmøter undervegs i behandlinga.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Planlagt avslutning av pakkeforløpet skjer etter ein gjensidig avtale mellom deg og behandlaren din. Dykk skal saman evaluere behandlinga, når dykk avsluttar pasientorløpet.
Dersom det er behov for vidare oppfølging av annan instans, bør vi ha på plass ein konkret, skriftleg plan for oppfølging. Denne må gjerne vere ein del av individuell plan (IP).
Koordinator eller behandlar i kommunen har ein koordinerande og sentral rolle etter at du har avslutta behandlinga i spesialisthelsetenesta. Tilrettelegging og samarbeid i samband med utskriving må sjåast i samband med Forskrift om utskrivningsklare pasienter (lovdata.no).
Bjørgvin DPS har stader både på Tertnes i Åsane og på Knarvik i Nordhordland. Begge stadene tilbyr eit breitt spekter av tenester innan psykisk helsevern og behandling. Vi legg stor vekt på å skape ein trygg og støttande atmosfære for våre pasientar, og vårt dedikerte team av fagfolk står klare til å bistå dei som treng det, enten det er på Tertnes eller Knarvik.
Det er 2 timer gratis parkering på hverdager mellom kl. 08:00 – 17:00. Videre takst ut over de 2 gratis timene følger Helse Bergen HF-standard.
Betaling med appen Unum: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Unum-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.Les meir om betaling og Unum på nettsidene deira
Det er tilrettelagt for lading av bil ved AFR Tertnes.
Prisar for parkering
Kvardager: Kl. 08-17: Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn (samanhengande parkering). Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt. Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr. 40,- per natt.
Laurdag og søndag: kl. 08-21: Kr 15,- per påbegynte 60 minutt. Maks 105,- per dag. Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt (samanhengande parkering).
Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar ved hovedinngang til Bjørgvin DPS.
Praktisk informasjon
Alle er velkommen til kantina vår i Bygg B.
Opningstider måndag - fredag klokken 10.30 til 13.00.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.
Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.
Praktisk informasjon
Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass.
Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.
Parkering for pasientar og pårørande i Sandviken er den store parkeringsplassen foran sjukehusbygningane.
Prisar Kl. 08.00-17.00 Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn Kl. 17.00-21.00 Kr 10,- per påbegynte 30 minutt Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
Dr. Martens Besøkande til avdelingar som held til i bygget Dr. Martens kan få parkeringsoblat for den tida de skal besøke nokon. Ta kontakt med tilsette på avdelinga de skal besøke for å få dette.
Praktisk informasjon
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.
Øyane DPS held til i Blombakkane 75 på Straume. Ta inn vegen ved Helsehuset (vis-a-vis kommunehuset) og fortsett rett fram opp til toppen av bakken, der ligg bygget til Øyane DPS.
Det
er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS.
Praktisk informasjon
På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.