Du får innkallingsbrev om tid og stad for innlegging. Før du blir lagd inn på sjukehuset vil helsepersonell frå ortopedisk klinikk ta kontakt med deg for ein samtale om kva som vil vere hjelpebehova dine før, under og etter operasjonen.
Endra hjelpebehov
Etter operasjonen kan restriksjonane føre til auka behov for hjelp dei første vekene, og enkelte aktivitetar kan bli meir krevjande. Vurder om du treng meir assistanse ein periode, og om du har behov for ekstra hjelpemiddel til forflytting, som forflyttingsbrett, personløfte eller elektrisk rullestol.
Du kan bruke manuell rullestol etter operasjonen, men ortosen kan gjere dette vanskeleg. Dersom du treng elektrisk rullestol, må køyrekonsollen eventuelt flyttast til motsett side. Dette må gjerast av lokal hjelpemiddelsentral før operasjonen.
Dagen før operasjonen
Du blir undersøkt og har samtale med anestesilege, kirurg og ergoterapeut/fysioterapeut.
Dei mest vanlege operasjonane er passivt eller aktivt nøkkelgrep
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.


