Skjelettundersøking
Røntgenundersøking skjelett
Røntgen av skjelettet gir bilde av ein eller fleire knoklar eller ledd. Undersøkinga blir brukt for å avdekke skadar, slitasje eller sjukdom i og rundt beinvevet. Skjelettrøntgen blir også ofte nytta til kontrollar av innopererte protesar, tidlegare brot, eller kjente forandringar i skjelettet.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.
Tilvising kan bli gitt av lege på sjukehuset eller i primærhelsetenesta.
Før
Under
Du blir henta på venterommet av ein radiograf. Når du kjem inn på røntgenrommet, vil du bli beden om å ta av deg klede og fjerne metallgjenstandar, som belte og smykkar, frå på den delen av kroppen som skal undersøkast.
Røntgenbilda blir tatte enten mens du står eller ligg på ein benk. Radiografen forklarer deg korleis du skal stå eller ligge, og ofte blir det tatt bilde i fleire ulike stillingar.
Det er viktig at du held deg heilt i ro mens bilda blir tatte. Sjølve bildeopptaket går raskt og er smertefritt.
Når undersøkinga er ferdig, kan du kle på deg og forlate avdelinga.
Etter
Inneliggande pasientar kan gå attende til avdelinga med det same.
Andre pasientar kan reise heim eller gå vidare til eventuelle andre avtalar på sjukehuset.
Resultat av undersøkinga
Etter at undersøkinga er ferdig, blir bildene vurdert av ein lege.
Tilvisande lege får svar frå radiologisk avdeling. Du får vite resultatet av undersøkinga frå legen din etter avtale.

