Ben- og bløtvevssvulster, nynorsk
Sarkom er svulstar som oppstår i bein eller blautvev (bindevev, feittvev, muskelvev, hud/underhud, sener, blodårar, nerveskjedar og liknande). Desse svulstane er sjeldne og utgjer berre omlag 1 % av alle nye krefttilfelle.
I motsetning til dei vanlegaste krefttypane som oppstår i spesifikke organ (brystkreft, tarmkreft, prostatakreft) kan sarkomsvulstar oppstå overalt i kroppen, og utgjer eit breitt spekter av biologiske undertypar og vekstmønster.
I Noreg oppstår omlag 40-50 nye tilfelle av beinsarkom og omlag 250 nye tilfelle av blautvevssarkom kvart år.
Tilvising og vurdering
Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft, skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
Ved begrunna mistanke om sarkom, skal pasienten tilvisast til pakkeforløp for sarkom ved eitt av dei fire sarkomsentra i Noreg: Haukeland universitetssjukehus, Oslo universitetssykehus, St. Olavs hospital og Universitetssykehuset i Nord-Norge.
Pasientinformasjon om pakkeforløp (helsedirektoratet.no)
Forløpskoordinatoren sørger for å setje opp timene du skal ha i utgreiinga.
Utredning
I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Ved mistanke om kreft vil du bli undersøkt av lege. Det blir tatt blodprøver og røntgenundersøkingar med CT og eventuelt MR.
Dette dannar grunnlaget for vidare utgreiing i form av bildediagnostikk kor fleire ulike typar radiologiske undersøkingar er relevante.
For beinsarkom kan vanleg røntgen gi mykje informasjon, men CT og MR, ofte med tillegg av PET/CT gir viktig tilleggsinformasjon om kvar svulsten ligg, størrelse, omfang og nærleik til andre organ.
For blautvevssvulstar er MR den mest nyttige undersøkinga. I mange tilfelle blir det gjennomført radiologisk diagnostikk av for eksempel lunger og skjelett, for å kartlegge eventuell spreiing.
Det viktigaste verktøyet for å stille diagnosen sarkom er vevsprøve frå sjølve svulsten. Dette kan utførast i form av ein såkalla finnålsprøve, eller at ein tar ut ein liten vevssylinder (biopsi). Val av teknikk for vevsprøve/biopsi skal alltid takast i samarbeid med kvalifisert sarkomkirurg. Vevsprøven gjennomgår ei rekke spesialundersøkingar, ofte i fleire rundar, før diagnosen kan stillast. Det kan derfor ta fleire veker før det endelege svaret er klart.
Godarta bein- og blautvevsvulstar førekjem hyppig (minst 200-300 gongar så vanleg som primær bein- eller blautvevskreft) og kan lett forvekslast med sarkom.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast kunne avklarast om du har kreft eller ikkje og det blir tatt ei avgjerd om diagnose. Har du ikkje kreft, blir pakkeforløpet avslutta.
Pasientinformasjon - Utgreiing ved mistanke om sarkom (helsedirektoratet.no)
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Under
Har du kreft, planleggjast no kva behandling som er best for deg. I samråd med deg vil vi ta ei avgjerd om behandling, som oftast basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokon av desse?
For pasientar med sarkom vil som regel behandlinga vere operasjon, eventuelt medikamentell behandling eller strålebehandling.
Oversikt over behandlingstypar
Kliniske studiar
9 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- En fase II studie med propranolol i kombinasjon med pembrolizumab til pasienter med fremskreden angiosarkom eller udifferensiert pleomorft sarkom (UPS)
- Behandling av rhabdomyosarkom hos barn og voksne
- Sarkom: Redusert dose ved preoperativ strålebehandling ved myxoid liposarkom
- Dedifferensiert liposarkom hvor svulst ikke kan fjernes ved operasjon – immunterapi i kombinasjon med tyrosinkinasehemmer
- Cellegift ved refraktær Ewings sarkom
- IMPRESS Norway
- Sekvensiell cellegiftbehandling før kirurgi ved lokalisert bløtvevssarkom
- Immunterapi mot avansert kreftsykdom med NRG1-fusjon
- Korsbenkreft (primært sakralt kordom) - operasjon eller partikkelterapi (SACRO)
Oppfølging
Alle pasientar som er behandla ved Sarkomsenteret blir følgt opp med regelmessige kontrollar i vanlegvis 10 år etter fullført behandling. I samband med kontrollane blir eventuelle seineffektar av kreftbehandlinga kartlagt, og det blir utført kliniske og radiologiske undersøkingar for å fange opp eit eventuelt tilbakefall, slik at behandling i slike tilfelle kan komme tidlig i gang.
Prognose ved sarkom
Heldigvis blir majoriteten av pasientar som får diagnosen sarkom heilt friske.
Det kan vere ein risiko for tilbakefall etter fullført kurativ behandling, og moglegheita for tilbakefall er mellom anna relatert til graden av aggressivitet og størrelse på svulsten.
Den kirurgiske marginen (størrelsen og kvaliteten av sikkerheit omkring svulsten som blir tatt med når svulsten blir fjerna kirurgisk) har innverknad på risikoen for lokalt tilbakefall (svulsten kjem tilbake i same område den blei fjerna frå).
Behandling som cellegift og stråling blir ofte brukt i tillegg til kirurgi, for å redusere risikoen for lokalt tilbakefall (strålebehandling) eller fjernspreiing (cellegift).
Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom
Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp til å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdomen heilt frå starten av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg.
Kontakt
Sentralblokka
Sarkomsenteret
Oppmøtestad
Koordinatorkontor:
Sentralblokka, 2.etasje
Romnummer 3856
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen