Behandling, Ergoterapi
Sklerodermi - trening av hender
Sklerodermi er ein sjukdom som blant anna gir stram hud. Sjukdommen kan ramme heile kroppen, og i mange tilfelle er hender og fingrar ramma. Den stramme og harde huda kan medføre at ledda stivnar til. Dette kan igjen føre til vanskar med å utføre enkelte daglege gjeremål.
KVIFOR HANDTRENING?
Bruk hendene så mykje som mogleg i kvardagen for å oppretthalde god handfunksjon. Forsking viser at det er viktig at du dagleg utfører handtreningsøvingar. Øvingane i dette heftet kan forhindre at ledda dine stivnar og bidra til at elastisiteten i hud, musklar og sener held seg ved like.
Før
OPPVARMING
- Smør hendene inn med fuktigheitskrem og masser kremen inn i huda.
- Hell varmt vatn i eit fat. Tilsett litt olje for å hindre uttørking av huda. Gjer bøy- og strekkøvingar i vatnet.
- Varm opp ris/byggkorn (i mikrobølgeomn eller 100 grader i steikeomn) i eldfast form. Gjer bøy- og strekkøvingar i den varme risen/korna.
- Varm opp fingrane med bruk av andre typar varmepakningar/varmeputer.
Under
Utfør alle øvingar som vist på bileta i eit roleg tempo, sittande med avslappa skuldrer. Hald til du kjenner det tøyer godt, ca. 5-10 sekundar. Repeter øvingane
ØVING 1
Kvil armane på bordet med bøygde fingrar. Vri hendene utover.
ØVING 2.
Kvil armane på bordet og hald handleddet i midtstilling. Strekk handledda bakover, hald og bøy handledda innover.
ØVING 3.
ØVING 4
Vri handleddet mot veslefinger-sida, og deretter mot tommelfingersida.
ØVING 5
Sprik med fingrane så mykje som mogleg og beveg tommelen så langt bort frå fingrane som mogleg. Prøv å flette fingrane og fald hendene.
ØVING 6
Lag ein sirkel med tommel mot peikefinger, strekk ut og fortsett mot dei andre fingrane.
ØVING 7
Bøy grunnledda på dei ytterste fingerledda på alle fingrane så mykje som mogleg samtidig som du held grunnledda strake. Strekk fingrane og repeter.
ØVING 8
Bøy alle fingrane så mykje som mogleg inn i handflata. Strekk ut fingrane og repeter.
ØVING 9
ØVING 10
Tøy midt- og ytterledd på ein finger om gongen. Hald og tel til 10.
ØVING 11
Strekk ut ein og ein finger ved å presse på midt- og ytterledd. Hald og tel til 10.
ØVING 12
Grip rundt eit glas/kopp for å tøye huda mellom tommel og peikefinger. Hald og tel til 10.
Etter
Nokre øvingar kan vere ubehagelege fordi det strammar i huda, men det er ikkje farleg.