Undersøking, UL lever med kontrast
Ultralyd av lever med kontrast
Ultralyd er høgfrekvente lydbølger. Lydhovudet på ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen og registrerer bølgene som kjem i retur. Lydbølgene blir analyserte og omdanna til eit bilete.
Vi utfører undersøkinga for å kunne stille ein sikker diagnose ved forandringar i lever, eller ved kontrollar av pasientar som har hatt kreft i tjukk- og endetarmen. Det blir gitt kontrastmiddel i blodåra (intravenøst) under undersøkinga. Ultralyd slik den vert nytta er ikkje skadeleg for kroppen.
Tilvising og vurdering
Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.
Før
Førebuing heime
Du må faste dei siste fire timane før undersøkinga. Det vil sei at du ikkje må ete, drikke, tygge tyggegummi eller røyke før etter undersøkinga.
Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga vert gitt ved innkalling eller ved avdelinga når time blir avtalt.
På sjukehuset
Før sjølve undersøkinga får du innlagt ein tynn plastslange i ei blodåre på armen (veneflon). Du blir også spurt om eventuelle tidligare reaksjonar på kontrastmiddel.
Under
Under undersøkinga ligg du på ein benk. Du må ta av klede som dekker det området vi skal undersøke. Det vert nytta gele på huda som aukar kvaliteta på bileta. Ein radiograf set kontrastmiddel gjennom nåla i arma di. Røntgenlegen flyttar lydhovudet over det aktuelle området medan vi tek ein serie av bileter. Undersøkinga varer som regel frå 15 til 30 minutt.
Etter
Etterpå vert du bedt om å sitje på venterommet i 30 minutt. Dette for å sikre at du ikkje reagerer på kontrastmiddelet i etterkant av undersøkinga.