PS har ein øydeleggande global sosioøkonomisk innverknad. Berre i Europa påverkar Parkinsons sjukdom anslagsvis 1,2 millionar menneske, og sjukdommen medfører kostnadar på 14 milliardar euro per år. Demografiske studier viser at pasientantalet fortset å vekse og faktisk vil doble seg innan 2040. Dersom vi ikkje klarer å finne ei betydeleg løysing for å stanse eller forsinke sjukdomsutviklinga, blir PS ei stor utfordring for både helsevesenet og samfunnet.
Neuro-SysMed sitt arbeid med Parkinsons har følgjande mål:
- Få meir kunnskap om PS slik at nye behandlingsmål kan utviklast
- Ta tak i lidelsens enorme kliniske og biologiske heterogenitet og utvikle biomarkørar som gjer det mogleg å tilby skreddarsydd behandling til kvar enkelt pasient
- Utvikle og teste ny behandling retta mot spesifikke molekylære løysingar
Kontakt:
For meir informasjon om studiane under, eller om du ønsker å vere deltakar i ein studie, kan du sende ein e-post til neurosysmedstudier@helse-bergen.no
Pågåande kliniske studiar for PS i Bergen
- NR-SAFE: Ein studie av sikkerheit og toleranse for høg dose av NR oralt ved Parkinsons sjukdom
- N-DOSE: Ein studie av doseoptimalisering av nikotinamid ribosid ved behandling for Parkinsons sjukdom.
- NADbrain: Ein farmakokinetisk studie av NAD-tilførsel i blod og hjerne
- NOPARK: Ein randomisert, kontrollert studie i fase III av behandling med nikotinamid ribosid i tidleg Parkinsons sjukdom
- NOPARK-forlengelsesstudien: Langtidsbehandling med nikotinamid ribosid i Parkinsons sjukdom
- NADAPT: Ein randomisert, kontrollert studie i fase II av behandling med NAD-tilskot for atypisk parkinsonisme
- SLEIPNIR: Ei plattform for kliniske studiar for Parkinsons sjukdom
- HYDRA: Ein adaptiv klinisk studie med fleire behandlingsarmar og fleire fasar for Parkinsons sjukdom
- NAD-RBD: Ein randomisert, dobbeltblind studie av behandling med NAD-tilskot til forebygging av α-synukleinopatiar
- NADream: Ein randomisert, dobbeltblind studie for undersøking av effekt av behandling med NAD-tilskot på søvnfysiologi
- NADage: Ein randomisert, dobbeltblind studie av behandling med NAD-tilskot mot funksjonsfall ved aldring
- NOR-RBD: Ei longitudinell plattform for kohortar og kliniske studiar for α-synukleinopatiar i prodromal fase
- STRAT-PARK: Ein prospektiv multimodal kohortstudie for stratifisering av Parkinsons sjukdom og andre parkinsonismar
- ActiveAgeing, DIGIPARK: Studie som utforskar bruken av bærbare sensoreiningar for registrering av adferd og symptom hos heimebuande personar med Parkinsons sjukdom
Studie i samarbeid med legemiddelindustrien:
- The REASON study, led by Biogen: A Study to Evaluate the Safety, Tolerability, and Pharmacokinetics of BIIB094 in Adults With Parkinson's Disease.
Avslutta kliniske studiar for PS i Bergen (side under arbeid)
- NAD-PARK: Nikotinamidbehandling for Parkinson sykdom
- Park-Ome
- Nedsatt mitokondrie-homeostase som ein cellemodell for nevrodegenerasjon
Sist oppdatert 12.06.2025