Senter for populasjonshelse
Senter for Populasjonshelse studerer verknadene av psykisk helsevern på populasjonsnivå ved hjelp av registerdata. Vi undersøker langtidskonsekvensane av psykiske lidingar, samt effektane av ulike tiltak. Senteret er finansiert gjennom programmet Strategiske Forskingssatsingar frå Helse Vest (2025–2029), og løyvingar frå mellom anna Forskningsrådet.
-
Mål
• Utvikle metodar og design for å studere effektane av helsetenester på folkehelsa og langtidsprognosar for livet, inkludert dei tiltenkte, men òg dei utilsikta effektane.
• Dette omfattar å teste effektiviteten på folkehelseutfall i område der det finst, og der det ikkje finst, bevis for verknad.
• Auke forståinga vår av årsakene til brå endringar i førekomst av lidingar og konsekvensane av desse.
• Auke forståinga vår av tilbodsstyrt etterspurnad etter helsetenester.
-
Prosjekta
Tilsette og sentrale samarbeidspartnarar (Vert oppdatert)
-
Arnstein Mykletun er leiar for Senter for populasjonshelse i Divisjon psykisk helsevern ved Helse Bergen HF. Han er òg seniorforskar ved Område for helsetenester ved Folkehelseinstituttet, professor ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Tromsø og forskingsleiar ved Kompetansesenter for arbeid og psykisk helse ved Nordlandssjukehuset.
-
Ingvar Bjelland er psykiater med doktorgrad i epidemiologi og professor ved Universitetet i Bergen. Han var tidlegare klinikkoverlege for BUP-ane i Helse Bergen HF, og no leiar han det NFR-finansierte prosjektet PRO-DIALOG, med mål om å forbetre tverrfagleg samarbeid og behandlingstilnærmingar.
-
Olav Nyttingnes er psykolog med PhD og forskar i Helse Bergen og ved AHUS. Han har brei erfaring frå helsepolitikk og prosjektleiing, mellom anna frå Rådet for psykisk helse og sekretariatet for NOU 2011:9 (Paulsrudutvalet).
-
Tore Hofstad er utdanna statsvitar og jobbar som forskar ved Senter for populasjonshelse. Han har tidlegare arbeidd som miljøarbeidar i akuttpsykiatri og har ein doktorgrad om geografisk variasjon i tvangsinnleggingar i psykisk helsevern.
-
Lise Gulli Brokjøb er forskingskoordinator ved Senter for populasjonshelse og har forskingserfaring innan kroppsbilete, eteforstyrringar, interosepsjon og minoritetsstress, med særleg fokus på psykisk helse i marginaliserte grupper.
-
Eóin Killackey
Forskingssjef & professor
Eóin Killackey er sjef for forsking og kunnskapsoverføring ved Orygen, professor ved University of Melbourne og har ei bistilling som forskar ved Senter for populasjonshelse. Forskinga hans fokuserer på funksjonell betring for unge med mentale lidingar, særleg tiltak innan utdanning og arbeid.
-
Emily Simonoff
Professor
Emily Simonoff er professor i barne- og ungdomspsykiatri ved King's College London. Ho har hatt to periodar som Senior Investigator i National Institute of Health and Care Research og er anerkjend for sitt kliniske og akademiske arbeid innan barne- og ungdomspsykiatri.
-
David McDaid
Økonom & førsteamanuensis
David McDaid er førsteamanuensis og forskar i helsepolitikk og helseøkonomi ved London School of Economics. Han har brei erfaring innan mental helse og folkehelse, og har vore rådgivar for Verdas helseorganisasjon og Europakommisjonen.
-
Simen Markussen
Forskar, økonom og direktør for Frischsenteret
Simen Markussen er leiar for Frischsenteret, tilknytt Universitetet i Oslo. Han er ein av Noregs mest profilerte samfunnsøkonomar i offentleg debatt, med forsking som spenner over arbeidsmarknad, sjukefråvær og trygdesystem.
-
Bjørn Morten Hofmann
Professor
Bjørn Morten Hofmann er professor ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo og ved NTNU på Gjøvik. Forskinga hans fokuserer på etiske aspekt ved helsetenester, praksisvariasjon, tvangsbruk og kjønnsinkongruens.
-
Erik Johnsen
Psykiater og professor
Erik Johnsen er professor i psykiatri ved Universitetet I Bergen, og er klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssykehus. Han har siden 01.03.2024 vært senterleder for Mohn forskningssenter for psykoselidelser (MRCP). I tillegg er han leder for Bergen Psykoseforskningsgruppe (BPRG) og styreleder for norsk nettverk for alvorlige mentale lidelser (NORSMI).
-
Maria Fagerbakke Strømme
Forskar og lege
Maria Fagerbakke Strømme er utdanna lege og forskar ved Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Ho er involvert i forsking på bruk av antipsykotiske medisinar ved psykoselidingar og studiar av praksisvariasjon innan dette feltet.
-
Sharon Stevelink
Dosent & forskar
Sharon Stevelink er dosent i epidemiologi ved King’s College London. Forskinga hennar fokuserer på arbeid og mental helse, med særleg vekt på effekten av militærteneste og COVID-19-pandemien på mental helse. Ho leiar fleire forskingsprosjekt og er medlem av Industrial Injuries Advisory Council.
-
Leila Torgersen
Seniorforskar og psykolog
Leila Torgersen er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet og psykolog. Ho har leia arbeidet med å etablere eit register for studiar av kjønnsinkongruens på tvers av aldersgrupper og har solid erfaring med tverrsektorielt samarbeid om tenester for barn og unge.
-
Kristian Amundsen Østby
Forskar og fastlege
Kristian Østby er forskar ved Folkehelseinstituttet og fastlege på deltid. Sammen med professor Mykletun har han utvikla eit registerbasert prosjekt for å studere utilsikta effektar av stykkprisfinansieringa av fastlegeordninga.
-
Anne Hege Strand har ein PhD i sosiologi og arbeider ved Fafo i Oslo. Forskinga hennar fokuserer på effektar av politikkutforming i skjeringspunktet mellom helse-, velferds- og utdanningssektoren, med særleg vekt på brukarperspektiv og samfunnsstraumar knytt til psykiske lidingar.
-
Thomas Lorentzen
Professor
Thomas Lorentzen er professor i sosiologi ved Universitetet i Bergen. Forskninga hans handlar om livsløpsovergangar, økonomisk marginalisering og trygdemottak, med særleg vekt på kvantitative metodar og bruk av registerdata.
-
Inge Joa
Forskar og førsteamanuensis
Inge Joa er leiar for Kvalitetsregisteret for psykisk helsevern for vaksne ved Stavanger Universitetssjukehus og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Han har omfattande erfaring med tidleg intervensjon ved psykose og kvalitetsforbetring i psykisk helsevern.
-
Wenche ten Velden Hegelstad
Forskningsleiar & psykologspesialist
Wenche Ten Velden Helgestad er psykologspesialist ved Stavanger Universitetssjukehus og førsteamanuensis ved UiS. Ho leiar TIPS Senter for Klinisk Psykoseforsking og er ein leiande ekspert på tidleg intervensjon ved psykoselidingar, med fokus på auka sysselsetjing og førebygging av utanforskap blant unge.
-
Beate Brinchmann
Forskar og psykologspesialist
Beate Brinchmann er psykologspesialist med PhD ved Nordlandssjukehuset og leiar for Kompetansetenesta for arbeid og psykisk helse, den einaste nasjonale tenesta med mandat frå RHF. Ho arbeider for å styrkje integrerte tiltak på tvers av arbeids- og helsefelta.
-
Nils Abel Aars
Forskar
Nils Abel Aars, med PhD i epidemiologi, er postdoktor ved Kompetansetenesta for arbeid og psykisk helse ved Nordlandssjukehuset. Han leiar to store RCT-ar innan arbeid og helse, med eit betydeleg antal pasientar inkluderte i studiane.
