Diagnose
Blindtarmbetennelse hos barn og unge
Blindtarmen er eit lite vedheng som er festa til den første delen av tykktarmen. Her kan matrestar eller små forsteina avføringsklumpar sette seg fast, som igjen kan føre til betennelse. Den betente blindtarmen må som regel opererast. Blindtarmbetennelse opptrer oftast hos unge vaksne, men kan førekomme i alle aldrar.Blindtarmsbetennelse er sjelden hos spedbarn og små barn. Det er vanskeligere å finne årsaken, derfor sprekker blindtarmen hyppigere hos spedbarn og små barn.
Blindtarmens funksjon er omdiskutert. Tidlegare har ein trudd at han var utan funksjon, men nyare forsking viser at den kan bere «vennlege» bakteriar og frigjere desse, etter ein gjennomgått episode med diaré og magesjuke. Dette for å raskare gjenopprette ein normal bakteriekultur i tarmen.
Tilvising og vurdering
Dette er ein akutt tilstand, og pasientar kjem til sjukehus via legevakt eventuelt i ambulanse.
Utgreiing
Behandling
Kikholskirurgi (laparoskopi)
Ved kikholskirurgi lagar kirurgen eit lite snitt ved navlen. Snittet er om lag ein centimeter langt. Kirurgen fører eit laparoskop gjennom opninga. Laparoskop er eit instrument med lys og kamera som gjer det mogleg å sjå inn i bukhola via ein videoskjerm. Samstundes blir det laga to eller fleire snitt lenger ned på magen for å kunne føre inn operasjonsinstrument. Den betente blindtarmen blir deretter fjerna.
Open kirurgi
Det kan av og til bli nødvendig med open kirurgi avhengig av sjukdommens alvorlegheitsgrad. Ein sprokke blindtarm aukar risikoen for ein open operasjon. Ved open kirurgi blir det laga eit snitt som går frå navlen og ned til underlivsbeinet.
Begge operasjonane blir gjort i narkose.
Du vil som regel få reise hjem dagen etter operasjon. Dersom du er operert for en sprukket blindtarm kan det bli nødvendig med et par dager ekstra på sykehuset for ytterligere behandling med antibiotika direkte i blodet (intravenøst).
Før hjemreise vil du få informasjon om sårskift, aktivitet og smertelindring. Avhengig av alder anvendes i hovedsak paracetamol og evt. NSAIDS (ibuprofen eller diclofenac) som smertelindring.
Oppfølging
Det vil bli gitt pleiepenger el. sykemelding og eventuelt resept. Om nødvendig ordner sykehuset med transport hjem.