I forkant av operasjon vil du bli innkalt til samtale og undersøkelse av en spesialist sammen med forelder.
Myringoplastikk
Hol på trommehinna kan oppstå etter infeksjon i øyret, skader eller etter behandling med ventilasjonsrøyr (dren). Hol som ikkje vil gro kan bli lukka kirurgisk.
Hol i trommehinna kan gi noko tap av høyrsel og det kan renne frå øyret når du er forkjøla. Holet gjer øyret meir sårbart for infeksjonar, for eksempel ved bading. I sjeldne tilfelle kan hud på utsida av trommehinna vokse gjennom holet og inn i mellomøyret. Dette kan gi infeksjonar og risiko for skade på dei små mellomøyreknokla.
Tetting av holet blir kalla myringoplastikk. Det blir gjort for å få ein heil trommehinne som toler vatn og bading betre, og eventuelt for å hindre at det renn frå øyret. I nokre tilfelle blir det gjort for å betre høyrsla.
Ca. 80-90% av operasjonane er vellykka med tanke på tetting av trommehinna. Det er 85% sjanse for uendra eller betre høyrsel. Det er ein liten risiko for dårlegare høyrsel.