Diagnose
Irritabel tarm syndrom (IBS)
Irritabel tarm er ein sjukdom som oftast kan greiast fullt ut hos fastlegen. Viss fastlegen finn spesiell grunn til å sjå bort frå annan sjukdom som årsak til symptoma dine, kan han/ho velje å tilvise til utgreiing.Introduksjon
Irritabel tarm er ein folkesjukdom, og særleg er det mange unge som har ubehag knytt til ulike matslag og endra avføringsmønster. Irritabel tarm er i seg sjølv ikkje farleg, men kan vere svært plagsam i dagleglivet og setje grenser for livsutfaldinga.
Tilvising og vurdering
Irritabel tarm kan som hovudregel bli utgreidd og behandla hos fastlegen. Særleg hos unge menneske under 45 år er det oftast ikkje nødvendig med undersøkingar hos spesialist.
Oppfølging skal alltid skje hos fastlegen, som kjenner pasienten best.
Ved uvisse om der ligg andre tarmsjukdommar føre, kan fastlegen velje å tilvise til spesielle undersøkingar hos spesialist, på sjukehus eller ved spesialistsenter. Ventetida for slik utgreiing kan vere lang, sidan ein sjeldan mistenkjer kreft eller annan svært alvorleg sjukdom.
Utredning
Utgreiing hos spesialist har som mål å sjå bort frå annan tarmsjukdom, som betennelse i tarmveggen «kolitt», eller cøliaki. Viss vanleg behandling hos fastlegen ikkje hjelper tilstrekkeleg, kan han/ho også velje å tilvise for vurdering av behandlingstiltak hos spesialist.
Det vanlegaste er at fastlegen tilviser for gastroskopi med prøvetaking frå tynntarmen eller til koloskopi med prøvetaking frå tjukktarmen.
Ved sjukehuset gjer vi målretta utgreiing og det er først og fremst gastroskopi og kolonoskopi som blir gjort som rutine. Vi tek ofte blodprøver og avføringsprøver. Nokre gonger blir det også gjort røntgenundersøkingar eller magnet-resonans-tomografi (MR).
Les om
Det kan og vere aktuelt med lactulose pusteprøve og avføringsprøve til kalprotektin-undersøkelse og/eller elastase/lipase-undersøkelse.
Behandling
Kostråd
Nokre pasientar kan ha nytte av å følge dietten FODMAP-redusert kost. Den er utvikla av ernæringsfysiologar med god kjennskap til IBS. Men dietten lav FODMAP-kost er ikkje anbefalt for alle pasienter med IBS. Det er derfor viktig at alle endringer av kostvanar/dietter skjer i samråd med helsepersonell som kjenner din situasjon og sjukehistorie.

Oppfølging
Viss fleire undersøkingar er gjorde ved sjukehuset, vil vi nokre gonger kalle inn til ein avsluttande samtale om diagnosen og gi deg råd om vidare behandling. Den vidare oppfølginga vil skje hos fastlegen.
Nasjonal kompetansetjeneste for funksjonelle tarmsykdommer har utvikla tiltak som har vist seg å vere gunstig for pasientar med IBS.
Mage- tarmskole
- Pasientar i heile Norge med IBS diagnose
- Du må vere over 18 år
- Beherske norsk
- Ha mogeligheit til å logge deg inn med digital identitet (eks. Bank-ID). Du vil få tilgang via ein eigen innloggingskode.
Kontakt
Sentralblokka
Medisinsk klinikk
Oppmøtestad
Du finn Medisinsk Ekspedisjon i 2. etasje midt i Sentralblokka. Følg skilting frå heisen, eller ta rulletrappa opp i 2.etasje og inn døra til høgre.

Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Transport
Praktisk informasjon
Kurs
- IBS - Å leve med irritabel tarmDu vil få kunnskap som skal bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen. Du får mulighet til å møte andre i same situasjon og utveksle erfaringar.IBS - Å leve med irritabel tarm22.februar20242 dagar