Diagnose
Livmorkreft
Livmorkreft er kreftsjukdom som har starta i sjølve livmora, og må ikkje forvekslast med kreft i livmorhalsen. Dei fleste kvinner som blir ramma av livmorkreft er over 60 år. Hos mange kvinner blir sjukdommen oppdaga tidleg. Det gir gode moglegheiter for å bli frisk. Livmorkreft blir primært behandla med operasjon.
Tilvising og vurdering
Når fastlegen har grunn til mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
Pasientinformasjon om pakkeforløp, Helsedirektoratet
Forløpskoordinatoren sørgjer for å setje opp timane du skal ha i utgreiinga.
Utredning
I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Kva undersøkingar som blir gjort vil variere, og vere avhengig av kva undersøkingar som er utført før du kjem til vidare utgreiing. Det blir ofte tatt blodprøver og røntgenundersøkingar som ledd i utgreiinga. Svar på vevsprøve vil gje endeleg diagnose.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast kunne avklarast om du har kreft eller ikkje. Avgjerd om diagnose blir tatt. Har du ikkje kreft, blir pakkeforløpet avslutta.
Pasientinformasjon - Utgreiing ved mistanke om livmorkreft, Helsedirektoratet
Vel livmorkreft i oversikta.
Kartlegging av annan sjukdom som får betyding for gjennomføring av behandling. Det kan for eksempel vere undersøking av hjarte / lungefunksjon.
For nokre kvinner vil undersøkingane avkrefte mistanke om kreft.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Dei dagane du er på ulike undersøkingar og samtaler ved sjukehuset, er det lurt å rekne med god tid. Ta gjerne med lesestoff eller lignande, då det kan bli litt venting.
Delta i kreftstudier?
Ved Seksjon for gynekologisk kreft ved Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus i Bergen, pågår fleire ulike kreftstudier. Dersom ansvarleg lege vurderer det som aktuelt, vil du få tilbod om å delta. Det er frivillig å delta, og det er viktig å vite at all informasjon som blir registrert og brukt er heilt anonym. Du vil få god informasjon om dei aktuelle studiene når du møter til utgreiing.
Behandling
Om du har kreft, planleggjast kva behandling som er best for deg. Avgjerda om di behandling blir tatt i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.
For pasientar med livmorkreft vil som regel behandlinga vere operasjon, cellegift eller strålebehandling, entan åleine eller i kombinasjon.
Den vanlegaste behandlingsforma for livmorkreft er operasjon. Både livmora, eggstokkane og eggleiarane blir fjerna. Ofte fjernar ein også lymfeknutar i bekkenet. Operasjon ved livmorkreft kan skje enten ved open kirurgi eller ved robotassistert kikholskirurgi.
Etter operasjonen blir det som er fjerna undersøkt. Om denne undersøkinga viser at du tilhøyrer ei lavrisikogruppe, vil du vanlegvis ikkje ha behov for meir behandling. Dersom kreftcellene er meir aggressive, eller svulsten har vakse meir enn halvvegs inn i livmorveggen, tilhøyrer du høgrisikogruppa. Det same gjeld om sjukdommen har spreidd seg utanfor livmora di. Er du i denne gruppa, vil du som oftast få tilbod om cellegiftbehandling etter operasjonen.
Dersom operasjon av ein eller annan grunn blir fraråda, blir det gitt strålebehandling i staden.
Mange kvinner med livmorkreft må gjennom cellegiftkurer etter operasjonen for å redusere risikoen for tilbakefall.
Cellegiftbehandling ved livmorkreft er vanlegvis 6 cellegiftkurar som blir gitt med 3 veker mellom kvar kur. Første kur blir i dei fleste tilfella gitt ca. 4 veker etter operasjon.
Oppfølging
Kontrollar etter behandling:
- Dei første 2 åra: Kontroll kvar 3. månad
- Frå 3. til og med 5. året: Kontroll kvar 6. månad
- Etter 5 år: Kontroll årleg
Kontrollen hos legen går vanlegvis ut på:
- Samtale med legen
- Generell undersøking med fokus på mage- og lymfeknutestasjonar
- Gynekologisk undersøking
- Ved mistanke om tilbakefall bestiller legen gjerne CT-undersøking eller gjer yttarlegare utgreiing der det blir funne nødvendig. Det kan også vere aktuelt å ta vevsprøve dersom dette er mogleg.
Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom
Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.
Kontakt
Glasblokkene
Gynekologisk avdeling
Oppmøtestad
Glasblokkene, Blokk 6
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen