Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Nyrekreft

Nyrekreft rammar 7–800 pasientar per år i Noreg. Dei fleste blir i dag oppdaga tilfeldig, men framleis er det ein del som kjem på grunn av symptom. Dei vanlegaste symptoma er blod i urinen eller smerter i flanken. Ved spreidd sjukdom er trøyttleik og dårleg allmenntilstand ikkje uvanlege debutsymptom.

Ofte påvises nyrekreft (Cancer renis) som ledd i utredning av blod i urinen og urinveisinfeksjon.

Les meir på helsenorge.no

Ved ikkje spreidd sjukdom er behandlinga kirurgi, mens det ved spreidd sjukdom ikkje finst nokon kjent behandling som kan kurere sjukdommen. 

Overlevinga er avhengig av stadiet svulsten er på, og kor hissig den er. Av alle som får påvist svulst i nyra, er det 20–30 prosent som ikkje har kreft, men godarta forandringar i nyra.
 



Tilvising og vurdering

Når fastlegen har grunngitt mistanke om kreft, skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiinga og behandlinga, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider. 

Forløpskoordinatoren sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.

Når kriteria for tilvising til pakkeforløp for nyrekreft er oppfylt, tilviser fastlege, praktiserande spesialist, annan helsefagleg person med tilvisingsrett eller sjukehusavdeling til relevant urologisk avdeling for vidare utgreiing og eventuell behandling i pakkeforløp.


Utredning

I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
 
Ved mistanke om kreft blir du undersøkt av lege. Vi tar blodprøver samt ulike røntgenundersøkingar. Ofte tar vi også ei vevsprøve av svulsten for å stille rett diagnose.
 
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje, og vi stiller ein diagnose. Dersom du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.
 
 

Standard klinisk undersøking og blodprøver

Alle pasientar skal gjennomgå ei standard klinisk undersøking og få tatt standard blodprøver under utgreiinga. 
 
Når ein svulst er oppdaga, må den bli godt kartlagt. Dette gjer vi vanlegvis med ei dedikert CT-undersøking av nyrene. Mange må derfor ta ei ny CT-undersøking. I tillegg skal alle som har fått påvist ein nyresvulst, få tatt CT-undersøking av lungene for å sjå etter spreiing.
 
I nokre tilfelle er det ønskeleg med ei vevsprøve av svulsten for å fastslå om det er nyrekreft, eller om det er noko anna.
 
Andre undersøkingar er ikkje standard, men kan bli aktuelt ved spesifikke symptom som legen meiner kan bli sett i samanheng med nyrekreftsjukdommen.

 



​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dine individuelle behov for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Les meir på helsenorge.no:

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Dersom du har kreft, planlegg vi nå kva behandling som er best for deg. Ei avgjerd om behandling tar vi i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.
 

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

 
For pasientar med nyrekreft vil som regel eit eller fleire av følgande behandlingsalternativ vere aktuelle aleine eller i kombinasjon: operasjon, medikamentell behandling eller strålebehandling.

Behandling ved ikkje-spreidd sjukdom:

Kirurgi: 

Kirurgi er den einaste kurerande behandlinga ein kan gi. Ein kan fjerne heile eller delar av nyra. Dette kan bli gjort med open operasjon eller med kikkhullsmetodar. Kva som blir valt, avheng av forhold ved svulsten og pasienten.

Svulst-øydeleggande behandling (Cryobehandling eller radiobølgebehandling):

Dette er ein anerkjent metode for pasientar som ikkje blir anbefalt kirurgi grunna for eksempel mange andre tilleggssjukdommar.

Avventande behandling:

Dette kan vere eit alternativ for undergrupper av pasientar med små svulstar og/eller mange andre tilleggssjukdommar.

Behandling ved spreidd sjukdom:

I desse tilfella er behandlinga individuell. Behandlinga blir vurdert i samarbeid mellom kreftlege og urolog. Ein kan vurdere medikamentell behandling i form av tablettar som pasienten tar heime, eller immunterapi. Behandlinga kan gi tumorskrumping og symptomlindring samt noko forlenga levetid. Ulike kombinasjonar av kirurgi og strålebehandling kan også bli aktuelt.   

Lindrande behandling

Ved langtkommen kreft der ein ikkje kan kurere sjukdommen, finst det no ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomforebygging og symptomlindring.
 
Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker.
 
 
 



 

Oppfølging

Oppfølging ved ikkje-spreidd sjukdom: 

Etter kirurgi skal alle pasientane komme til kontroll etter 6 veker. På denne kontrollen vil dei bli tildelt eit oppfølgingsprogram tilpassa deira risiko for tilbakefall av sjukdommen. Vanlegvis blir opererte pasientar følgt opp i 5 år etter kirurgi. 


Oppfølging ved spreidd sjukdom: 
Alle pasientar vil bli følgt opp individuelt, og noka generell beskriving kan vi ikkje gi.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.








Kontakt

Sentralblokka Urologi

Kontakt Urologi

Oppmøtestad

Poliklinikk: Sentralblokka, 2. etasje
Sengepost: Post 2, Sentralblokka, 4. etasje

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.