Pasienten blir kalla inn til undersøking hos lege som er spesialist i skoliose. Det blir tatt røntgenundersøking av ryggen, som blir gjennomført ståande eller sittande. I sjeldne tilfelle kan det også vere aktuelt med CT- og/eller MR-undersøking. Behovet for desse undersøkingane blir vurdert av spesialist på sjukehuset.
Skoliose hos ungdom
Skoliose er ein sidevegs skeivskap i ryggen. Store skeivskapar i ryggen kan påverke både utviklinga og funksjonen av hjarte, lunger og brystkassa. Behandlinga for ungdom avheng av typen skoliose og alvorsgrada, og har som mål å kontrollere skeivskapen slik at ryggen veks vidare, og hjarte og lunger kan utvikle seg normalt. Behandling av skoliose er krevjande, men utan behandling kan helsa til ungdommen bli monaleg redusert. Behandling blir gitt berre ved moderat til alvorleg skoliose.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om skeivskap i ryggen kan eigen fastlege kontaktast. Ved mistanke om skoliose skal fastlegen tilvise pasienten til røntgen og ortopedisk vurdering ved næraste sjukehus.
Ved behov for vidare oppfølging eller behandling blir pasienten tilvist vidare til spesialistsjukehus. Somme pasientar kan i samråd med spesialistsjukehus følgast opp ved eige sjukehus.
Utredning
Behandling
Oppfølging
Ver merksam
Ver merksam på faresignal som er lista opp under kvart enkelt behandlingsalternativ.