Kreft i spiserør og magesekk

Kvart år oppdagar vi rundt 350 nye tilfelle av kreft i matrøyret, mens rundt 500 blir diagnostisert med kreft i magesekken. Det er flest menn som får desse krefttypane.

Det vanlegaste symptomet på kreft i matrøyret er vanskar med å svelge, og det bør føre til at du raskt får undersøking hos lege.
 
Kreft i magesekken kan gi variable symptom. Eit viktig symptom er blod i avføringa. Det bør også raskt føre til undersøking. Ofte må då både tjukktarmen og magesekken undersøkjast. Magesmerter, kvalme og vekttap kan vere andre symptom.
 
 

Tilvising og vurdering

Ved grunngitt mistanke om kreft i matrøyret eller magesekken blir du tilvist til utgreiing i eit pakkeforløp for kreft.

Det kan ta inntil åtte kalenderdagar frå sjukehuset mottar tilvisinga til du møter på sjukehuset første gong. Det kan ta inntil 21 kalenderdagar frå du møter på sjukehuset første gong til utgreiinga di er ferdig. Det kan ta inntil 14 kalenderdagar frå utgreiinga på sjukehuset er ferdig til du får strålebehandling, medikamentell behandling og kirurgisk behandling.

Diagnoserettleiar – kreft i spiserør og magesekk

Grunngiven mistanke om kreft i matrøyr eller magesekk oppstår når du har eitt eller fleire av følgjande symptom:

  • vanskar eller smerter med å svelge, med meir enn to vekers varigheit
  • vedvarande brekningar utan annan forklaring
  • nyoppstått dyspepsi eller reflukssymptom hos pasientar over 45 år
  • gastrointestinal bløding
  • nyoppstått oppfylling i abdomen
Ved mindre uttalte symptom på kreft i matrøyr og magesekk kan pasienten tilvisast til øvre endoskopi som ledd i filterfunksjon, gjerne hos praktiserande spesialist/avtalespesialist.
 
Ved grunngiven mistanke om kreft, basert på symptom eller funn ved øvre endoskopi, blir pasienten tilvist til Pakkeforløp for kreft i matrøyr og magesekk.
    

Tilvising til pakkeforløp

Tilvisinga blir merkt «Pakkeforløp for kreft i matrøyr og magesekk». Det skal komme tydeleg fram kva som utløyser grunngitt mistanke om kreft, og dessutan at det        
skal bli lagt ved eventuelt biopsisvar.    

Kommunikasjon       

Fastlege eller annan tilvisande instans skal ved tilvising til pakkeforløp informere pasienten om:                        
  • den grunngivne mistanken om kreft i matrøyr eller magesekk
  • kva tilvising til pakkeforløp inneber
       

Utgreiing

Ved mistanke om kreft i matrøyr og magesekken blir du oftast tilvist til eit lokalsjukehus for endoskopi, som er ei kameraundersøking av matrøyr og magesekken. Ved mistenkelege funn tar vi vevsprøver, og dersom prøva viser celleforandringar, blir du som regel tilvist til eit universitetssjukehus.
 
Det neste leddet i utgreiinga er alltid CT-undersøking av lungene og buken.
 

Dersom du skal bli operert for kreft i matrøyret, kan det også bli gjort ein PET-scan, som er ei undersøking der radioaktive sukkermolekyl blir sprøytt inn i blodet. Fordi mange typar kreftceller tar opp sukkermolekyl meir enn andre celler, vil kreftsvulstar «lyse opp» på røntgen. Ved svulstar i matrøyret vil ein nokre gonger også gjere ei innvendig ultralydundersøking via endoskopi. 
 

Den kirurgiske behandlinga av kreft i matrøyret og magesekken er omfattande, og både allmenntilstand og andre sjukdommar må bli vurdert og eventuelt greidd ut før behandlinga startar opp.
 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Hvis du har kreft, planlegger vi nå hvilken behandling som er best for deg. Beslutning om din behandling tar vi i samråd med deg, vanligvis basert på vurdering i et tverrfaglig team-møte.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Behandling av kreft i magesekken

Dei fleste pasientane vil få fjerna heile eller delar av magesekken kirurgisk, avhengig av kvar svulsten sit. Inngrepet kan bli gjort som open kirurgi eller med kikkholsteknikk. Er du yngre enn 75 år, vil du som regel få fire cellegiftkurar før og fire kurar etter operasjonen. Nokre gonger blir det også tilrådd cellegift sjølv om du er over 75 år.
 
Dersom du på grunn av alder eller annan sjukdom ikkje skal ha cellegiftbehandling, blir det berre tilrådd operasjon åleine. Det same gjeld dersom svulsten er overflatisk. Dersom svulsten er i eit tidleg stadium, sit overflatisk eller er veldig liten, kan han ofte bli fjerna ved hjelp av eit endoskop, som blir ført inn gjennom munnhola og ned til svulsten (endoskopi).
 
Du må rekne med eit sjukehusopphald på omtrent ei veke etter fjerning av heile eller delar av magesekken med kirurgi.
 
Dersom ein svulst ikkje kan fjernast, er cellegift ei mogleg behandling.
 
Cellegift som blir gitt mot svulstar i magesekken, kan vere ei betydeleg påkjenning for kroppen. Ein må vurdere om du vil tole behandlinga, og om du vil ha nytte av den, sett i samband med belastinga du vil oppleve.
 

Behandling av kreft i matrøyret

Behandling av kreft i matrøyret med tanke på at du skal bli frisk, er som regel ein kombinasjon av cellegift, eventuell stråling og deretter operasjon. Grunnen til dette er at sjølv små svulstar i matrøyret spreier seg tidleg til lymfeknutar i nærleiken. Det skjer derfor unntaksvis at vi opererer pasientane utan forbehandling. Nokre overflatiske svulstar kan bli behandla med det vi kallar ein endoskopisk reseksjon.
 
Både forbehandlinga, med cellegift og stråling, og operasjonen er ei betydeleg belastning. Alderen og allmenntilstanden din og eventuelle andre sjukdommar du har, må bli nøye vurdert før ei slik behandling blir sett i gang.  Behandlinga er først og fremst ei belastning for lungene, og pasientar som røyker, bør slutte minimum åtte veker før operasjonen. Som regel blir lungefunksjonen undersøkt før operasjonen.
 
Ved operasjonen blir magesekken losna i buken, og ein lagar eit røyr av den. Ein går også inn i høgre side av brystkassen og fjernar store delar av matrøyret og lymfeknutar rundt matrøyret. Magesekkrøyret blir så kopla til resten av matrøyret. Inngrepet kan bli gjort både med kikkholsteknikk og som open operasjon.
 
Dersom du ikkje kan bli operert fordi svulsten er for omfattande, kan vi i nokre tilfelle gi endå kraftigare strålebehandling og cellegiftbehandling, dersom du har god allmenntilstand. Dette kan gi betre langtidsoverleving.
 
Hos mange vil verken operasjon eller omfattande cellegiftbehandling eller stråling vere mogleg, på grunn av alder og allmenntilstand. Då vil innlegging av ein såkalla stent (ein sylinder) for å opne matrøyret vere ei mogleg behandling. Ein annan moglegheit er kortvarig strålebehandling.
 
Dersom du ikkje kan bli operert fordi sjukdommen har spreidd seg, vil ofte cellegift vere det vi kan tilby.
 
 

Lindrande behandling

Mange pasientar med livstruande sjukdom vil ha behov for lindrande behandling. Ein vil kunne få lindring ved behandling med ulike typar medikament, samtaler og praktisk bistand frå ulike helsearbeidarar.
 





 

Oppfølging

I tråd med nasjonale og internasjonale retningslinjer vil du vanlegvis ikkje bli kalla inn til regelmessig kontroll for å sjå om kreftsjukdommen har komme tilbake. Derimot vil du bli følgt opp med omsyn til etefunksjonen din.
 
Vi ser ofte at kroppen tilpassar seg den nye situasjonen over 8–12 veker etter behandlinga. Etter dette skal du ikkje trenge noko ernæringstilskot. Dei som får fjerna magesekken, vil vanlegvis trenge tilskot av vitamin B12 nokre gonger i året.
Blir du operert for kreft i matrøyret, vil skøyten mellom matrøyr og magesekken ha ein tendens til arrdanning. Dersom du har vanskeleg for å svelge, kan denne skøyten bli blokka ut med eit endoskop. 
 
Røyret som er laga av magesekken, tømmer seg ofte dårlegare enn ein vanleg magesekk. Dette kan du merke ved at du blir oppfylt i brystet og plaga med sure oppstøyt. Nokre gonger kan dette bli betra ved at vi tøyer lukkemuskelen ved utløpet av magesekken med ein ballong.

Ernæring og kosthald etter operasjonen

Dersom du har fått fjerna heile eller delar av magesekken, må du ete mindre og oftare enn vanleg, som regel 5–6 gonger i døgnet. Likevel vil vekta bli liggande omtrent 10 kilo under det som var utgangspunktet før sjukdommen.
 
Generelle kostreglar for dei som har fått behandling for kreft i matrøyret, og dei som har fått behandling for kreft i magesekken, er å skilje vått frå tørt. Det vil seie at du ikkje skal skylje ned det du et med store mengder væske.
 
Sidan maten passerer noko raskare gjennom fordøyelsen etter behandlinga, anbefaler vi at du er forsiktig med sukker og feittrik mat. Grove karbohydrat og protein er å føretrekke.
 
Du får oppfølging om ernæring i ei tid etter behandlinga. Kor lang tid du må bli følgt opp, blir vurdert individuelt. Det er uansett viktig at du får følgt opp fordøyelsesvanskar etter desse inngrepa.
Sist faglig oppdatert 23.02.2024

Kontakt

Sentralblokka Gastro- og akuttkirurgi

Kontakt Gastro- og akuttkirurgi

Oppmøtestad

Kirurgisk ekspedisjon  i 5. etasje i Sentralblokka.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.