Diagnose
Bukspyttkjertelkreft
Bukspyttkjertelkreft er ein alvorleg sjukdom. Dersom kreften blir oppdaga i tide, kan vi operere. Om svulsten har breidd om seg eller spreidd seg utanfor bukspyttkjertelen, vil det ikkje lenger vere mogleg med operasjon, men det finst behandlingar som kan bremse sjukdommen og hjelpe deg til å leve lenger.
Symptom
Bukspyttkjertelen er delt i tre delar: hovud, kropp og hale. Bukspyttkjertelkreft førekjem oftast i hovudregionen. Ingen veit kvifor nokre får kreft i bukspyttkjertelen og andre ikkje, men foreslåtte risikofaktorar er høg alder, røyking, gjentatte betennelsar i bukspyttkjertelen og høgt alkoholforbruk.
- Gulsott, kløe, mørk urin og lys avføring
- Vedvarande magesmerter
- Vedvarande diaré
- Nyoppstått diabetes
- Vekttap, slappheit og ein følelse av uvelskap
Tilvising og vurdering
Pasientinformasjon om pakkeforløp for kreft (helsedirektoratet.no)
Forløpskoordinator sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.
Utredning
I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Ved mistanke om kreft blir du undersøkt av lege. Vi tar blodprøver og røntgenundersøkingar med CT og eventuelt MR.
Les om
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Behandling
Viss du har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
For pasientar med bukspyttkjertelkreft vil som regel behandlinga vere operasjon eller medikamentell behandling.
Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
Operasjon
Annan behandling
Lindrande behandling
Oppfølging
Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom
Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.
Ver merksam
Oppsøk lege om du opplever gulsott, vedvarande magesmertar, vekttap og slappheit.
Kontakt
Sentralblokka
Gastrokirurgisk avdeling
Oppmøtestad
Kirurgisk ekspedisjon i 5. etasje i Sentralblokka.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen