Etter operasjonen blir du observert på oppvakningsavdelinga. Ein føresett kan vere hos deg. Kirurgen vil informere om operasjonen og eventuelle forholdsreglar. De kan vanlegvis reise heim 4 timar etter operasjonen. Legen vurderer i kvart enkelt tilfelle om du kan skrivast ut frå sjukehuset som planlagt.
Når du har andre sjukdommar i tillegg kan det vere aktuelt å halde deg til observasjon på sjukehuset til neste dag. Dette vil som regel vere avtale i forkant av operasjonen.
Fråvær frå barnehage/skole
Lengde på fråvær i skole / barnehage kan variere frå 7-14 dagar. Dette får du beskjed om før du reiser frå sjukehuset.
Foreldre til barn/ungdom som har blitt operert har rett til pleiepengar frå første fråværsdag. Lege fyller ut søknadsskjema før heimreise. Ved behov for pleiepengar kan de søke om dette frå NAV. Fråværserklæring til skolen får dykk på sjukehuset før heimreise.
Resepter
Du får elektronisk resept (E-resept) på smertestillande medisinar.
Ved bløding etter operasjonen
Det er ikkje uvanleg at du får noko blodtilblandet slim og spytt den første tida etter operasjonen. Da anbefaler vi å prøve kaldt omslag på hals/nakke og å suge på ein isbit, ete is eller drikke kaldt vatn.
Dersom du blør (meir enn blod i spytt), ta direkte kontakt med avdelinga eller ring 113. Bløding etter fjerning av mandlar kan vere alvorleg. Ta kontakt ved den minste tvil, og ha låg terskel for å ringe 113.
Du bør observerast nøye dei første dagane etter operasjonen. Det blir anbefalt at ein føresett sovr på same rom som deg første natta etter operasjonen. Bløding etter operasjonen kan sjåast ved blod frå nasen eller munnen, blodig hoste eller mørk avføring. Dersom du svelger hyppig kan det også vere teikn på ei eventuell bløding.
Forhådsregler for å redusere risiko for bløding etter operasjonen:
Trening/aktivitet
Unngå fysisk anstrenging (sport eller gym) og tunge løft i 14 dagar. Når blodtrykket stig utvidar blodkara seg, noko som aukar blødingsfaren.
Dusj/bad
Bruk lunkent vatn i dusjenden første veka.
Mat og drikke
Den første veka etter operasjonen bør du ikkje ete varm mat eller mat med skarpe kantar (som for eksempel knekkebrød, brødskorper, nøtter etc.). Unngå varm drikke og drikke med kolsyre.
Generell risiko/komplikasjonar
Dei fleste har ein del smerter i halsen etter operasjonen. Ta smertestillande medisin etter oppfordringa til legen.
Det er ikkje uvanleg at øyresmerter oppstår ca. 2 dagar etter operasjonen. Øyresmertene kjem av hevelse rundt nervane som går frå halsen opp til øyret. Ubehaget kan reduserast ved at du ligg med hovudet eller overkroppen heva.
Det er viktig at du drikk rikeleg og ofte. Det kan hindre danning av harde skorper på sårflatene, som kan gi auka smerter.
Andre følger etter operasjonen kan vere:
- endra smaksans
- hevelse i drøvelen som kan medføre brekkingsrefleks og svelgevanskar
- lett dårleg ande (dersom du
- blir plaga med sterk dårleg ande, kan dette vere teikn på infeksjon)
- tannskadar
- hud- og blautvevsskadar
- Ta kontakt ved bløding, nedsett allmenntilstand, feber, auka smerter eller problem med væskeinntak.