Infeksjon på hjarteklaff (Infeksiøs endokarditt)
Hjartet har fire hjarteklaffar, to på venstre og to på høgre side av hjartet. Infeksiøs endokarditt er ein infeksjon som rammar éin av hjarteklaffane. Sjukdommen oppstår ved at pasienten av ulike årsaker har fått bakteriar i blodbanen, og at desse bakteriane festar seg på dei indre delane av hjartet. Infeksjonen kan gjere stor skade på især hjarteklaffane, men kan også spreiast til andre delar av kroppen.
Symptom
Symptoma på infeksiøs endokarditt varierer. Nokre pasientar får akutt innsetjande feber og frostanfall. Andre opplever generell sjukdomskjensle med eventuell nattesveitte og vekttap over ein lengre periode. Somme pasientar kan få hjerneslag. Dersom du har kunstig hjarteventil frå tidlegare, er du meir utsett for betennelse på hjarteklaffen då bakteriar blir tiltrekte av såkalla «framandlekamar».
Streptokokkar, stafylokokkar og enterokokkar er dei bakteriane som oftast forårsakar bakteriell endokarditt. I sjeldne tilfelle kan endokarditt vere forårsaka av sopp.
Tilvising og vurdering
Du vil bli undersøkt klinisk der vi leitar etter teikn på:
a) skade av sjølve hjarteklaffen ved å lytte på hjartet og lunger
b) skadar i tynnare blodkar dersom endokarditten har fått spreie seg frå hjarteklaffen. Dette kan til dømes ramma blodkar under fingerneglene.
Utgreiing
Vi gjer ei rekkje undersøkingar både for å stadfeste diagnose og for å følgje utviklinga.
CT
Ofte er dårleg tannhelse inngangsport til infeksjon. Derfor må du til undersøking hos tannlege/kjevekirurg. I somme tilfelle må tannlegen trekkje tenner for å få bukt med infeksjonen.
Vi vurderer fortløpande om det er behov for andre undersøkingar.
Behandling
Den viktigaste behandlinga mot endokarditt er antibiotika. Antibiotikaen gir vi direkte inn i blodet (intravenøst) gjennom ein venekanyle. Du vil få antibiotika fleire gonger i løpet av døgnet. Mange pasientar vil ha behov for intravenøs antibiotika 4–6 gonger i døgnet i fleire veker, ofte så lenge som 4–6 veker.
Val av antibiotika avheng av kva bakterie som blir påvist. Av og til lèt det seg ikkje gjere å påvise kva bakterie som har forårsaka infeksjonen. Ein vel antibiotika utifrå kva bakterie som mest truleg har forårsaka endokarditten.
På sjukehuset måler vi det jamlege blodtrykket, puls, pustefrekvens og temperatur. Vi tek blodprøvar fleire dagar i veka. Nokre pasientar blir tilkopla eit system for hjarterytmeovervaking dei første dagane av behandlinga. Du kan bli tilrådd å redusere aktivitetsnivået litt for å unngå høg puls.
Dersom skaden på hjarteklaffen er stor, kan det bli nødvendig med kirurgisk behandling i tillegg til antibiotika. Dette inneber open hjartekirurgi; altså at brystkassa blir opna, infisert vev blir fjerna og den øydelagde hjarteklaffen blir erstatta med ein ny kunstig klaff.
Vurdering av kven som treng hjartekirurgi, blir fortløpande gjord og i tett samarbeid med hjartelegar og hjartekirurgar. Det kan vere behov for vidare undersøkingar før ein eventuell operasjon. Du vil få intravenøs antibiotikabehandling både før og etter ein eventuell operasjon.
Oppfølging
Etter behandlinga kan du leve som normalt og gå tilbake til det tidlegare aktivitetsnivået ditt. Nokre pasientar blir følgde vidare i poliklinikk på sjukehuset, andre blir følgde av fastlegen sin. Dette får du informasjon om før utreise frå sjukehuset.
Pasientar som tidlegare har hatt endokarditt, vil ha ein noko høgare risiko for å få ein ny endokarditt seinare i livet. Det er viktig med god dagleg tannhygiene og regelmessig kontroll og eventuell behandling hos tannlege.
Hugs alltid å informera tannlege om at du har hatt endokarditt tidlegare, og ta også med vedlagde informasjonskort i samband med andre legebesøk.
Nokre medisinske undersøkingar gir auka risiko for førekomst av bakteriar i blodet og det er dermed også tilrådd med antibiotika i forkant av desse inngrepa. Dette gjeld spesielt trekking av tenner og andre tannkirurgiske inngrep og tannlegeprosedyrar der det er forventa bløding.
Kontakt
Sentralblokka
Medisinsk post 5 vest - infeksjonssjukdommar
Oppmøtestad
Du finn oss i 7. etasje nord i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.
Besøkstider:
kl. 17.00 - 20.00 alle dagar.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen