Mating og amming
Informasjon og film
Leppe-kjeve og/eller ganespalte er ei medfødd misdanning der barnet har ei spalte i leppe/kjeve og/eller gane i varierande grad. Grada av spalte kan vere alt frå ein liten ujamnskap til totalt gjennomgåande spalte i leppe, kjeve og gane på begge sider.
Informasjon og film
Barn som er fødde med leppe-kjeve-ganespalte blir viste til behandlingsteamet etter fødsel. Barnet og foreldra blir kalla inn til eit informasjonsmøte innan dei første to levemånadene. Leppe-kjeve-ganespalte blir korrigert av eit tverrfagleg behandlingsteam frå nyfødd til vaksen alder.
All behandling blir koordinert av eit tverrfagleg behandlingsteam som består av plastikkirurg, kjeveortoped, øyre-nase-hals-lege, logoped, sjukepleiar og psykolog. Av og til er spesialistar i medisinsk genetikk, røntgen og kjevekirurgi involvert. Desse faggruppene utarbeider individuelle behandlingsplanar for kvart barn.
For å sikre god kvalitet og einsarta behandlingstilbod, er tenesta sentralisert og organisert som ei fleirregional behandlingsteneste, lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus. Behandlinga er organisert i tverrfaglege team som følger internasjonalt anerkjente behandlingsprotokollar.
Behandlingsteama ønsker at kvinner frå alle helseregionar blir tilviste tidleg i svangerskapet når det er mistanke om eller bekrefta at barnet har leppe-kjeve-ganespalte.
Ved ultralydundersøking av gravide kvinner, kan ein oppdage om det ufødde barnet har leppespalte. Om barnet også har kjeve- og/eller ganespalte, kan ikkje avklarast sikkert ved ultralydundersøking.
Når ultralydundersøkinga gir mistanke om leppe-kjeve-ganespalte, kan gynekologen vise til Haukeland universitetssjukehus eller Oslo universitetssykehus dersom kvinna ønsker det. Ein sjukepleiar eller lege ved behandlingsteamet vil da opprette kontakt med den gravide.
Det er også mogleg å ta direkte kontakt med spalteteamet, utan tilvising frå lege.
Dersom dette gjeld ditt barn, er du velkommen til å kontakte spalteteamet for meir informasjon. Behandlingsteamet ønsker at blivande foreldre får svar på spørsmåla sine for å vere godt førebudde på tida etter fødselen.
Dersom diagnosen blir stilt etter fødselen, vil fødselslege/barnelege vise til spalteteamet for vidare oppfølging av barnet. Lege eller sjukepleiar i behandlingsteamet skal ta kontakt med mor til barnet innan eit par dagar, for å gi råd om mating og stell.
Dersom du synest det tar for lang tid før sjukepleiar/lege i behandlingsteamet kontaktar deg, kan du ta direkte kontakt med koordinator for spalteteamet som de får tildelt, høvesvis ved Haukeland universitetssjukehus eller Oslo universitetssykehus.