Søvnlidingar
Du finn meir informasjon om dei ulike søvnlidingane på sovno.no.
Diagnose
Søvnlidingar omfattar seks ulike diagnosegrupper: Søvnrelaterte respirasjonslidingar, hyperomnilidingar, insomniliding, søvnrelaterte rørslelidingar, paraomniar og døgnrytmelidingar. Felles for alle søvnlidingane er dårleg eller uroleg søvn med nedsett dagfunksjon som resultat. Diagnosane skil seg tydeleg frå kvarandre når det gjeld kva behandling som blir tilrådd.
Dei aller fleste av diagnosane innanfor søvnfeltet blir handterte utanfor sjukehus.
Tilvising til sjukehus er spesielt aktuelt når det er nødvendig med utgreiing med objektive søvnregistreringar. Det betyr at fastlegane primært viser pasientar der det er mistanke om søvnrelaterte respirasjonslidingar (som til dømes obstruktiv søvnapné) eller sentrale hyperomnilidingar (som til dømes narkolepsi).
Dersom det ikkje er mistanke om slike lidingar, vil pasienten vanlegvis ikkje bli greidd ut eller behandla i spesialisthelsetenesta. Ventetida til utgreiing/behandling på sjukehus er dessverre lang mange stader i landet, men vil avhenge av kva fastlegen skriv i tilvisinga. Det vil seie at dei mest alvorlege søvnlidingane vil prioriterast.
Ifølgje Nasjonal prioriteringsrettleiar skal pasientar med søvnrelaterte respirasjonslidingar takast imot på sjukehuset innan 6 månader etter motteken tilvising, og innan 12 veker ved spesifikke tilleggskriterium.
Utgreiinga avheng av kva søvnliding det er mistanke om.
Nokre sjukehus ber pasienten svare på spørsmål om søvn og andre helserelaterte faktorar før han/ho kjem til konsultasjon. Du vil bli grundig vurdert og undersøkt av lege og/eller anna helsepersonell når du kjem til timen. Tilleggsundersøkingar som blodtrykksmåling og blodprøver er vanleg.
Dei fleste pasientane som kjem til sjukehus for søvnproblem blir greidde ut med avansert søvnregistreringsutstyr, som dei søv éin eller fleire netter med. Utstyret er festa til hovudet og kroppen og desse undersøkingane er heilt smertefrie.
Behandlinga er avhengig av kva diagnose pasienten får. Det er stor variasjon i kva som blir tilrådd som førsteval i behandlinga. Mange av søvnlidingane varer livet ut, og pasientane er avhengige av kontinuerleg behandling.
Du finn meir informasjon om dei ulike søvnlidingane på sovno.no.
Behovet til pasienten for oppfølging vil vere avhengig av kva diagnose som er gitt og kor alvorleg plagene er. Mange pasientar kan overførast til fastlegen og vidare oppfølging der. Andre blir følgt opp på sjukehuset.
Pasientar med søvnrelaterte respirasjonslidingar blir ofte behandla med CPAP, utstyr som krev regelmessig vedlikehald og av og til utskifting. Her vil sjukehuset med seksjon for behandlingshjelpemiddel vere aktuelle oppfølgingsinstansar.
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen