Haukeland universitetssjukehus fram mot 2040

Vi prioriterer, forbetrar og førebygger slik at vi har fagleg og økonomisk berekraft til å gi spesialisthelsetenester av god kvalitet.

Et barn sitter i en undersøkelsesstol mens en kvinne i blå uniform holder hodet hennes og en kvinne i grønn uniform undersøker henne

For å nå alle måla prioriterar, forbetrar og førebygg vi 

Fram mot 2040 forventar sjukehuset å få tildelt mellom 18 og 21 milliardar kroner i året. Vi må bruke desse midlane godt. Derfor prioriterer vi ikkje berre dagens pasientar, men set av midlar til å utvikle tenestene, forske, investere i areal og utstyr og til å bidra i utdanninga av framtidas helsepersonell. Vi prioriterer, forbetrar og førebygger for å ha fagleg og økonomisk berekraft til å gi spesialisthelsetenester av god kvalitet, no og i framtida.

Vi prioriterer for å fordele ressursane på ein open og rettferdig måte. Når dei medisinske moglegheitene og pasientane sine forventningar overstig ressursane vi har, er det heilt nødvendig å gjere prioriteringar. Vi brukar kriteria nytte, ressurs og alvor når vi avgjer kva vi skal gjere, når vi skal gjere det og kva vi ikkje skal gjere. Vi vil auke medarbeidarane og leiarane sin kompetanse og gje dei verktøy til etiske refleksjonar og prioriteringar i kvardagen. Å vere opne om prioriteringane betyr òg at vi vil involvere pasientar og pårørande i dei vala vi gjer og delta i den offentlege debatten.

Vi forbetrar for å utvikle tenestene i takt med pasientane sine behov og oppdatert kunnskap. Medarbeidarar og leiarar har kompetanse til å drive systematisk forbetringsarbeid, og forbetring er integrert i måten vi arbeider på. Slik vidareutviklar vi kulturen vår, gjer kloke val, sikrar helsetenester av god kvalitet og rustar oss for framtida.

Vi førebygger for å dempe veksten i etterspurnaden etter spesialisthelsetenester. Gjennom pasientforløp med korte ventetider, heilskapleg pasientinformasjon, forenklande digitale løysingar og opplæring som aukar helsekompetansen, gjer vi vår del av førebygginga. Dette bidrar til å motvirke at sjukdom utviklar seg, førebygger tilbakefall, reduserer uønskte følger av sjukdom og skade og legg til rette for at pasientar kan leve best mogleg med kronisk sjukdom.

Sist oppdatert 30.10.2026