Mål 3

Våre tenester heng saman med kommunane sine, og vi har særleg merksemd på dei prioriterte pasientgruppene i Helsefellesskapet

Samhandling med kommunane er eit svært viktig utviklingsområde i åra som kjem. Kommunar og sjukehus deler utfordringane knytt til strammare økonomi, redusert tilgang til personell og eit aukande behov for helse- og omsorgstenester i befolkninga.

En person med navneskilt som sitter i sofaen og smiler til en person som sitter med ryggen til

I Helsefellesskapet jobbar vi saman med kommunar, fastlegar, brukarrepresentantar og tillitsvalde for å vidareutvikle og forbetre pasientforløpa. Vi vil òg utvikle meir fleksible prehospitale tenester, der vi gjennom samhandling brukar ressursane, kompetansen og teknologien betre for å gi rask og riktig hjelp på rett stad. (2)

Pasientar som treng spesialisthelsetenester, treng ofte helse- og omsorgstenester i kommunen òg. For at tenestene skal vere heilskaplege, må overgangane mellom tenestenivåa vere gode. Vi må saman prioritere og gjere kloke val som bidrar til betre pasientforløp og hindrar overdiagnostikk og overbehandling.  

Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024-2027 løftar fram barn og unge, personar med alvorleg psykisk sjukdom og avhengigheit, personar med fleire kroniske sjukdommar, eldre med skrøpelegheit og kvinner i svangerskap, fødsel og barsel som prioriterte grupper i helsefellesskapa.

Dette er pasientar vi særleg treng å samarbeide om for å gi helsetenester på rett nivå, både av omsyn til pasientar og pårørande og for å nytte ressursane best mogleg.  

Vi må ha større merksemd på samarbeid som sikrar tilstrekkeleg kompetanse og rett behandlingsinnsats på begge nivåa, og på å utvikle digital samhandling mellom kommunane og sjukehuset. Pasientane skal bli involverte når vi tar i bruk teknologiske løysingar og når vi utviklar pasientforløp som bind tenestene våre saman.

 

Korleis veit vi at vi er på rett veg?

  • Epikrisene blir sendt innan nasjonale målsettingar om 7 dagar og same dag ved utskriving til sjukeheim 
  • Overdødelegheit blant personar med alvorleg psykisk sjukdom og personar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling går ned 
  • Delen pasientar over 70 år som har fått vurdering av skrøpelegheit før eller ved innlegging i sjukehuset aukar 
  • Bruken av spesialisthelsetenester for eldre over 80 år er på nivå med dei andre 
    regionssjukehusa 
  • Delen re-innleggingar er på nivå med dei andre regionsjukehusa 
  • Talet på utskrivingsklare døgn per 1000 døgnopphald er stabilt eller går ned 
  • Del pasientar med oppdatert legemiddelliste etter kontakt med sjukehuset er over 80 prosent 
  • Responstidene i ambulansetenesta går ned og nærmar seg nasjonale målsettingar
Sist oppdatert 28.10.2026